onsdag, september 25, 2013

Læringsteori /motivasjonsteori og konsekvensar for lærarrolla

Viss du dett innom vloggen min for å finna ut kva eg meiner om ting og tang, så er ikkje dette noko vanleg innlegg. Dette er ei oppgåva eg skriv som eitt av studiekrava i praktisk-pedagogisk utdanning. Men det handlar jo om to marxistar (Vygotski og meg), så les i veg viss du synest slike er interessante!

Innleiing

Eg har fått i oppgåva å skriva om ein sentral teoretikar sitt syn på læring og motivasjon. Eg har valt å skriva om Lev Vygotski og det sosiokulturelle perspektivet på læring. Eg skreiv om Vygotski også i den første oppgåva. Eg hadde forventa at mykje av det han meinte var svada og «føleri» som eg, ut frå eigne erfaringar, meinte at eg i liten grad kunne bruka som utgangspunkt for min måte å gjera jobben min på. I løpet av den tida det tok å lesa kapittel 11 i læreboka (Imsen, 2005), rakk eg å verta overraska over at eg i stor grad var einig med Vygotski. Eg likar meg godt i elevane si proksimale utviklingssona, og eg synest at Vygotski i stor grad gjev meg dei omgrepa og den teoretiske tyngda eg treng for å forklara og forsvara den måten eg jobbar på.

I tillegg er Vygotski sine idear tilsynelatande populære no til dags, noko som gjer at eg ser det som fornuftig for alle lærarar å setja seg inn i dei.

Vygotski sitt syn på læring

Lev Vygotski (1897-1934) var ein psykolog og pedagog frå Kviterussland. Han var stor grad påverka av marxistisk filosofi, og arbeidet hans var sjølvsagt påverka av tida han levde i, då den russiske revolusjonen og danninga av Sovjetunionen fann stad. Han utvikla det ein kallar det sosiokulturelle perspektivet på læring, som skil seg frå andre læringsteoriar ved at det som avgjer kva ein elev lærer er samfunnet og personane rundt eleven, medan dei meir tradisjonelle teoriane tek utgangspunkt i eleven sine evner og det som skjer inni eleven sitt hovud.

Vygotski seier at den viktigaste faktoren i barn si utvikling og læring er språket. Me nyttar språket til å kommunisera med, og barnet si tenking vert utvikla gjennom språkleg og sosial samhandling.

Heilt sentralt for det sosiokulturelle perspektivet er teorien om den proksimale utviklingssona. Dette er eit omgrep som skildrar avstanden mellom det ein elev kan meistra /prestera åleine, og det han meistrar dersom han jobbar saman med andre. Ved å utnytta den proksimale utviklingssona maksimalt, vil ein elev til ei kvar tid meistra det maksimale av sitt eige potensiale.

Noko som også er viktig for Vygotski, er at dei som eleven lærer av, også må vera nokon som kan meir enn eleven sjølv. (Imsen, 2005) Ut frå vektlegginga av prosjektarbeid, elevstyrt undervisning og liknande eksperiment i den norske skulen dei siste tjue åra, ville eg tru at denne viktige pedagogen som la stor vekt på det sosiale samspelet rundt læring, meinte at dette var gode greier. Det er det ikkje, meiner Vygotski, fordi elevar på om lag same nivå i liten grad vil kunna hjelpa einannan til å læra noko ut over dette nivået, altså det som ligg i den proksimale utviklingssona.

Omgrepet scaffolding, som vart introdusert av  Jerome Bruner, illustrerer eit viktig poeng i denne samanhengen. Det går ut på at den «vaksne» (lærar, foreldre, læremeister eller andre) «byggjer eit stillas» i den proksimale utviklingssona. Dette stillaset er den undervisninga eller den hjelpa eleven treng til å kunna meistra det som ligg i den proksimale utviklingssona. 

Dei oppgåvene eleven kan gjera med hjelp, vil dei etter kvart kunna gjera åleine. Ideelt sett vil dei samstundes få større forståing for heile faget. Ein må då flytta stillaset til nye og meir avanserte oppgåver. På denne måten vert grensa for kva eleven meistrar flytta utover, slik at eleven får ein progresjon i læringa.

Konsekvensar for mitt elevsyn og mi undervisning

Ein stor del av grunnen til at eg i si tid søkte på ei stilling som lærar, er at eg som fagarbeidar syntest at det var interessant å læra opp lærlingar. Denne måten å læra på, samsvarer i stor grad med Vygotski sine teoriar, der eleven /lærlingen lærer meir av å jobba saman med nokon som kan mykje, enn kva han ville ha gjort åleine. Ein-til-ein-undervisninga som ein lærling opplever, er etter mi meining ein god måte å utnytta den proksimale utviklingssonen og få lærlingen til å yta og meistra i samsvar med det maksimale potensialet sitt.

For å få elevar til å læra mest mogleg, ynskjer eg at dei skal jobba i den proksimale utviklingssona heile tida. Når dei brukar mykje tid på noko dei kan frå før, vil dei kunna øva seg opp, automatisera arbeidsprosessar, jobba fortare og slik sett læra meir. At arbeidsoppgåver går frå å vera utfordrande til å vera rutine, er viktig fordi dei grunnleggjande kunnskapane og dugleikane dannar eit fundament for den vidare læringa. Dei vil likevel, etter mi meining, læra lite nytt av å gjenta ting dei kan frå før. Det er difor viktig for meg at elevane brukar minst mogleg tid på det dei kan godt, og mest mogleg tid på nye og meir avanserte oppgåver. Eit døme på dette er at eg ofte opplever at elevar ynskjer å forbetra noko dei har laga, til dømes eit brukbart, men ikkje perfekt, skjema (arbeidsteikning) dei har teikna som ein del av planlegginga­­ for ein jobb dei har gjort. Dette gjer elevane gjerne fordi dei opplever det som eit ønske frå lærarane (med tanke på mappevurdering og å forbetra måloppnåing /karakterar). I tillegg vil ein del elevar av ulike grunnar vera meir motiverte for å gjera noko dei kan, og få meistringskjensla som følgjer med, enn for å ta tak i atter nye og utfordrande /vanskelege oppgåver. I slike tilfelle har eg gjerne frå før gjeve framovermelding med forbetringar som eleven relativt lett kan ta tak i. Då vil eg oppmoda eleven til å heller teikna eit nytt og betre skjema neste gong dei treng eitt, og få ny vurdering då. Samstundes forklarer eg at dette også kan vera ei mappevurdering, sjølv om det ikkje er det same skjemaet, eller ikkje ein gong same type skjema. Eg vil også stundom spørja eleven om han trur at den aktiviteten han held på med vil hjelpa han til å oppnå fleire læringsmål, dersom eg meiner at det ikkje gjer det.

Å byggja stillas gjer eg gjennom å forklara eleven korleis ting fungerer, korleis han skal gjera jobben og ved å laga tydelege læringsmål som viser eleven kva eg meiner at han skal oppnå. Dersom eleven har forstått det me har gått gjennom og løyst oppgåvene han har fått, vil eg flytta stillaset ved å gje eleven nye læringsmål og /eller ved å peika på noko eleven kan gjera betre. Ved å stilla høge krav og vera tydeleg på kva eg forventar, og ved å gje framovermelding der eg alltid peikar på eit forbetringspotensiale for å få elevane til å strekkja seg litt lenger, kan eg flytta den proksimale utviklingssona i den retninga eg ynskjer.

Oppsummering

Eg meiner at kunnskapen om den proksimale utviklingssona gjer det lettare for meg å gje alle elevane den tilpassa opplæringa dei har krav på. Eg stiller krav til elevane gjennom framovermeldingar på det den einskilde elev gjer til ei kvar tid. Sidan desse krava er avhengige av det eleven alt har gjort, oppnår eg i stor grad at kvar elev får den hjelpa dei treng, på det nivået dei er på.

Eg har i løpet av dei siste åra brukt stadig mindre tid på tradisjonell undervisning, og meir tid i verkstaden, der elevane gjer praktisk arbeid og eg rettleiar dei. Det eg gjer av tradisjonell undervisning går i stor grad ut på å forklara faguttrykk, formidla kunnskap og visa metodar som alle elevane treng og som ingen av dei har frå før. Eg meiner at dette i stor grad er i tråd med Vygotski sin teori. Når det gjeld språkleg utvikling, som er sentralt for Vygotski, er det naudsynt for eleven å læra dei orda og omgrepa som skildrar arbeidet eleven gjer og utstyret som han gjer arbeidet på. Å forklara ting ingen av elevane har vore borti før, er også ein del av stillasbygginga eg må gjera i den proksimale utviklingssona. Bortsett frå det fagstoffet som er aller mest sentralt og spm alle er nøydde til å få med seg, meiner eg at eg i større grad byggjer stillas rundt kvar einskild elev ved å rettleia kvar og ein i det praktiske arbeidet dei gjer, på det nivået dei er på, enn ved å undervisa heile klassen samla.

Kjelder 

Imsen, G. (2005). Elevens verden: Innføring i pedagogisk psykologi. Oslo: Universitetsforlaget.

Kjelder for sluttinnlegg:
Wittek, N. (2012). Læring i og mellom mennesker: en innføring i sosiokulturelle perspektiver. Tønsberg: Cappelen Damm.
Raud Ungdom sin studiesirkel frå 1997

Stig W. Hanssen (2013). Munnleg kjelda

torsdag, januar 15, 2009

Motetips frå Kjetil

Eg har kjøpt meg eit nytt klesplagg, eit såkalla palestinaskjerf. Eg kjenner meg ikkje heilt som den rette typen til å sprada rundt med den slags pynt, og det er vel det som er grunnen til at eg ikkje har skaffa meg eit slikt før. Eg er meir den litt trauste typen som kler meg som ein streiting, sjølv om eg er ganske radikal. Eg trur det har noko med klassebakgrunn å gjera.

Men eg har tenkt litt på det, og fann til slutt ut at eg skulle kjøpa meg eitt. Israel sin terror på Gaza dei siste vekene har nok litt å gjera med tidspunktet for sjølve innkjøpet. Eg kjøpte eit raudt, for å liksom symbolisera at eg er ein slags kommunist. Og det er eit ganske genialt plagg, eigentleg. Det har mange fordelar:
  • Eg slepp å frysa på hovudet når eg syklar, for det er stort, laga av ull og bomull og kan danderast på mange ulike måtar, alt etter behov.
  • Eg kan visa solidaritet med det palestinske folket, utan å diskutera, ropa eller skriva slagord, gå på møte eller demo osb.
  • Raudt kler meg.
  • Det er litt kulare å dekkja til fjeset mitt med eit sånt skjerf, enn med ein balaklava eller ei finlandshetta.
Det største problemet, slik eg ser det, er at det er vanskeleg å få det til å dekkja heile hovudet. Til slutt måtte eg ty til det drastiske tiltaket å bretta det på tvers, i staden for diagonalt. Då fekk eg det til. Om du er ein erfaren palestinaskjerfeigar som har ei god oppskrift (Palestinaskjerf for dummies liksom) på korleis eg skal få dette til med diagonalbretta skjerf, må du gjerne nytta kommentarfeltet til å fortelja meg det.

Om du derimot er ein sånn type person som ikkje har palestinaskjerf, synest eg du skal skaffa deg eitt. Og butikken du skal gjera det i, heiter al Quds, og dei har nettbutikk. Det kostar berre 100 kroner (pluss 25 i frakt dersom du ikkje bur i Oslo), og når du kjøper det frå palestinabutikken kan du vera rimeleg sikker på at det er ekte vare, og at dei faktisk kjem frå Palestina, og ikkje Kina. Og viss du ikkje har bruk for skjerf, kan du sjølvsagt bruka det som veggpryd, gardin, bandana eller liknande.

søndag, desember 28, 2008

Metal Warriors

(Manowar)

Every one of us has heard the call
Brothers of true metal proud and standing tall
We know the power within us has brought us to this hall
There's magic in the metal there's magic is us all

Heavy metal or no metal at all whimps and posers leave the hall
Heavy metal or no metal at all whimps and posers go on get out
Leave the hall

Now the world must listen to our decree
We don't turn down for anyone we do just what we please
Got to make it louder, all men play on ten
If you're not into metal, you are not my friend

Heavy metal or no metal at all whimps and posers leave the hall
Heavy metal or no metal at all whimps and posers i said
Leave the hall

Now the world must listen to our decree
We don't turn down for anyone we do just what we please
Got to make it louder, all men play on ten
If you're not into metal, you are not my friend

There's metal in the air tonite, can you hear it call
If you ain't got the balls, to take it you can
Leave the hall

Heavy metal or no metal at all whimps and posers leave the hall
Heavy metal or no metal at all whimps and posers leave the hall

mandag, november 24, 2008

Ned med Obama!

Eg har fått med meg at det er ein del folk på venstresida i Noreg, ja, faktisk heilt ute i Raud Ungdom, som meiner at han der Obama-fyren er ein bra fyr for den antiimperialistiske kampen og for det arbeidande usaianske folk. Og til det har eg ein ting å seia:

Har de mista vitet???

Kan godt henda at Obama framstår som ein meir fornuftig person enn han der apekatten dei har hatt til gallionsfigur dei siste åra. Men på grunn av at han framstår som ein meir fornuftig og venstreorientert person, har han vorte tvungen til å lova dei mørkaste mørkemenna i Sambandsstatane, Israel-lobbyen og kristenfundamentalistane, ganske mykje sjukt for at han i det heile skulle få vera vurdert som søkjar til dette vervet han no har vunne. For held du deg ikkje på godfot med Israel-lobbyen, vert du kvesta som usaiansk presidentkandidat lenge før valet tek til, det er noko alle veit. På grunn av at han måtte gå mange hakk til høgre for å sløkkja brannar han tende med litt for radikale utsegner, har han i realiteten gått til val på ein minst like roten politikk som Bush eller McCain ville ha ført, og har bitta seg fast i krigsmaskineriet akkurat like mykje som alle andre usaianske presidentkandidatar som har lyst til å leva.

Så på lang sikt er det heilt sjølvsagt for alle med bittelitt samfunnsengasjement og innsikt at Obama vil ikkje reformera Sambandsstatane noko meir enn andre Demokratane-presidentar har gjort. Han vil berre vera kjip, mordarisk og kapitalen og imperialismen sin fremste redningsmann og frontkjempar på ein mykje meir tiltalande måte enn han forrige.

I tillegg har me den kortsiktige vinsten av å ha ein frå Demokratane Demokratane. Kva er den kortsiktige vinsten? Eg spør fordi eg lurer på om han finst, ikkje som eit retorisk spørsmål. Er det det at han kanskje kjem til å diskutera det med andre før han bombar fjerne folkeslag? Kan henda. Men i tillegg kjem alle dei kortsiktige negative konsekvensane.

Ein viktig kortsiktig konsekvens er nett det at folk som er meir eller mindre radikale i stor grad kjem til å la vera å kritisera han når han er kjip mot arbeidsfolk, kvinner, muslimar og alle slags folk i andre verdsdelar der Sambandsstatane fører krig. Her kan me gjerne trekkja parallellar til Noreg:
  • Når «Arbeidar»partiet i Noreg er i regjering, kan staten og kapitalen skalta og valta med arbeidsfolk akkurat så mykje dei vil, og LO står passivt på sidelina fordi Ap har vedteke at dei kjipe avgjerdene er bra. I motsetnad til ein situasjon der det er Høgre som øydelegg for arbeidsfolk og LO står på for arbeidsfolk.
  • Når «Sosialistisk venstre»parti er i regjering kan staten vår føra så mykje krig dei vil, og store delar av antikrigsrørsla står passivt på sidelina fordi SV har vedteke at krig er greitt så lenge me har som mål å få slutt på han. I motsetnad til ein situasjon der det er Kristeleg Folkeparti som fører krig og antikrigsrørsla jobbar mot krig.
Så mitt spørsmål til det «Raud» Ungdom er: Kor dumme folk går det eigentleg an for ein revolusjonær organisasjon å trekkja til seg?

Ned med Obama! Ned med imperialismen og Sambandsstatane sitt kulturelle, ideologiske og økonomiske hegemoni!

lørdag, mai 19, 2007

El-bil!

Eg har så lyst på el-bil. Då kan eg spara mykje pengar, i tillegg til å spara miljøet for ein masse CO2. Problemet er berre at bilbransjen og fossilt brensel-bransjen saboterer utviklinga. Det har vore laga fleire brukbare el-bilar opp gjennom det siste århundret, men dei som er i stand til å overleva på marknaden har ein tendens til å verta knuste av dei som eig produksjonen. Ja, bokstavleg tala, knuste. I fillebitar. General Motors sin EV1 var ein av bilane som møtte ein slik lagnad, ein fullt brukande bil som var populær nok til at folk trygla om å få kjøpa han då GM ville ta han ut av marknaden. Det store problemet i dag er at ein ikkje får bruka den beste batteriteknologien i bilane, fordi store selskap har teke patentar og elles gjer kva dei kan for å hindra at folk køyrer miljøvenleg.

Ein av måtane å hindra utviklinga på, er massiv satsing på blindvegprosjektet hydrogendrift. Eit drivstoff som berre slepp ut vatn og luft, høyrest jo fint ut. Men når drivstoffet ikkje finst naturleg, men må produserast og er kjempedyrt, seier det seg sjølv at dette berre er eit spel for galleriet.

Biodiesel og bioetanol vert òg marknadsførte som miljøvenlege drivstoff. Samanlikna med bensin og diesel er dei nok det. Men samanlikna med el-drift, er forbrenningsmotorar gamaldags og fantasilaust. Brenning av brennbart materiale eignar seg berre til ein ting, og det er å varma opp noko. Å bruka eld til å driva maskinar, er sløsing med energi. Akkurat på same måten som det er sløsing med energi å bruka elektrisk kraft til å laga varme. Dessutan er det lite framtid i å bruka drivstoff som er dyrare enn dei fossile.

Hybridbilar kan nok vera eit greitt alternativ for folk som vil ha normale bilar som brukar lite drivstoff, i mangel av noko betre. Hybridbilar utnyttar energien mykje betre, fordi overskotsenergi frå forbrenningsmotoren og farten vert lagra i eit batteri. Men slike bilar kjem i størst grad til sin rett ved køståing i byane. Og det å stå i bilkø i byane er då ikkje noko ein gjer dersom ein vil vera miljøvenleg. Men så vidt eg veit, er det berre to hybridbilar tilgjengelege i Noreg, nemleg Toyota Prius og Honda Civic Hybrid.

Dei el-bilane som er på marknaden i Noreg i dag, er slike små stygge pinglebilar som Kewet og Think. Det einaste dei små hermetikkboksane er brukande til, er bykjøring. Og i byane kan vel folk for pokker ta buss! Nei då, sjølvsagt er det jo bra at det trass i alt finst eit alternativ for folk som må køyra til jobb fordi det ikkje går buss eller båt. Men rekkjevidda på desse bilane ligg på omlag 80 kilometer, og det er altfor lite for meg. Dessutan er dei dritstygge og bittesmå, og iallfall Think (har aldri prøvd ein Kewet) brukar omlag eit halvt år for å nå europavegfart i slak oppoverbakke. Kewet har visstnok planar om ein ny versjon som kan gå 150 kilometer. Det er langt nok til at eg kjem meg til Haugesund og attende utan mellomlading. Eg er likevel usikker på om eg vil gje avkall på Seaten med fem sete og stort bagasjerom, for å kjøpa meg ein stol med tak og elektromotor til eit sekssifra beløp.

Ein bil som fristar meir, er Venturi Fétish. Denne òg har berre to sete, men så er det jo òg ein sportsbil, og slike eignar seg sjeldan for kompiskøyring til jobb. Ein el-bil som ser ut som ein bil er ikkje å kimsa av. Og 250 gamp og eit dreiemoment på 220 Nm frå start til stopp er som ein draum. Men eg må nok spara ei stund, vidunderet ser ut til å ha ein marknadspris på over to mill. Og eg reknar ikkje med at prisen søkk så enormt mykje, det er nemleg berre laga 25 eksemplar av han.

Toyota RAV4 EV er ein annan el-bil som har hatt suksess, ein såkalla SUV som vart produsert for fem år sidan. Det hadde jo vore kult å køyra ein SUV utan å sleppa ut eit gram CO2, eller kva? Men bilen har sjølvsagt gått ut av produksjon, og er umogleg å få tak i i dag.

Men kva med XS200? Det høyrest kanskje drastisk ut å kjøpa ein kinesisk bil frå ein produsent internett knapt har høyrt om. Men det vesle eg har lese om denne bilen, verkar lovande. Etter biletet å døma, er bilen relativt romsleg, til el-køyrety å vera. Batteria er av den meir moderne, kinesiske typen, og bilen skal ha ei rekkjevidda på formidable 200 miles, altså over 300 kilometer, så ein rekk fram og attende til Haugesund to og ein halv gong på ei lading. Toppfarten ligg eit godt stykke over det som er lovleg i Noreg, og prisen er ikkje til å gå i taket av: $28 500 i Sambandsstatane, altså omlag 173 000 norske kroner. Eit firma i USA skal starta import av XS200 no til hausten. Om ein eller annan ser sitt snitt til å leggja litt kapital inn i import til Noreg, ser eg ikkje vekk ifrå at eg kan koma til å vera ein av dei første som melder interessa. Det gjer ikkje meg noko å betala eit par hundre tøssen for å køyra gratis til Haugesund fram til høgfartstoga kjem og gjer alle bilar avleggs.

Reisebrev frå Aukra

No har eg ikkje vlogga på to veker, bortsett ifrå eit innlegg på partivloggen. Det er ny rekord. Så her er ei lita oppdatering.

Når eg kom på jobb i førre veka oppdaga eg at eg ikkje skulle jobba for Aker slik eg brukar å gjera. Eg skal visst hjelpa Shell med å driva anlegget når dei startar det opp. Så difor jobbar eg for Hydro... Men det vert sikkert interessant å vera driftsoperatør. Eg slepp iallfall å gå 12/9 i Eigersund. Førebels er det ikkje så mykje som skjer her, men om litt over ein månad får me inn gass frå Sleipner. Den gassen skal me bruka eine og åleine til å bidra til klimaendringane.

Men akkordutbetalingar ser det ut til at me kan skyta ei kvit pil etter. Resultatbasert løn i mitt firma vil seia at me står på som berre faen, slik at prosjektet vert ferdig på færre arbeidstimar, Røkke får masse profitt og leiinga vår må bruka masse krefter på å sleppa å gje oss meir pengar. Ein kapitalist vil alltid prøva å pressa meir arbeid ut av arbeidskrafta han har kjøpt, og arbeidarane vil alltid prøva å auka løna si. Det sa Marx på 1800-talet, og om du vil sjå eit svært konkret døme i praksis bør du søkja jobb i Aker Kværner Elektro...

Syttande mai var ein relativt uinteressant affære her på Gossa. Me fekk kvar vår is og eit korps spelte Internasjonalen Ja vi elsker.

lørdag, mai 05, 2007

Politifolka vart frikjende

Obduksjonsrapportane til Eugene Eijke Obiora seier at han døydde av surstoffmangel.

Fleire vitne seier at politifolka handsama Eugene Eijke Obiora brutalt, og at den eine politimannen, han som heiter Trond Volden, tok kvelartak på han.

Eg har drive ein del med judo før, og veit at kvelartak, for ikkje å snakka om det å liggja nede med folk oppå seg, kan føra til surstoffmangel. Politiet, eller rettare sagt den delen av politiet som har som oppgåva å etterforska politifolk som bryt lova, har tydelegvis ikkje fått det med seg.

Så politiet kom til den konklusjonen at det ikkje er særleg stor sjans for at kvelartaket hadde noko å gjera med at Eugene Eijke Obiora vart kvelt i hel, og at dersom det skulle ha skjedd noko straffbart er det iallfall ikkje mogleg å prova det.

Eg gidd ikkje å seia meir nett no. Fakta talar for seg sjølve.

tirsdag, mai 01, 2007

Alle veit det

Bokmålswikipediaen har laga ein artikkel om Eugene Ejike Obiora! Artikkelen har m.a. lenkja til leftpunch.

Eugene Eijke Obiora er han som vart kverka av politimannen Trond Volden i Trondheim i fjor, i tilfelle nokon lurte.

Gratulerer med dagen!

Ynskjer alle lesarane mine ein fantastisk 1. mai.

søndag, april 29, 2007

Ny vlogg

Raudt Stord har fått seg nettsida! Ho ligg på raudt.blogspot.com.

...medan me ventar på at Raudt Hordaland skal få fingen ut og skaffa oss nye sider...

Og me (dvs eg, dei andre har ikkje skaffa seg google-kontoar enno) har alt lagt ut nyhende der, frå aksjonen på Senteret i helga.

fredag, april 27, 2007

Noreg ut av NATO - NATO ut av verda!

Håvard har eit innlegg i Sunnhordland i dag. Og me har trykt opp flygeblad og laga plakatar, så i morgon vert det aksjon på senteret. Jippi!

Gje NATO ein på trynet!

23.-26 april skal Oslo husa eit møte av dei sjeldne. Då kjem NATO sine utanriksministrar til byen, og det er duka for toppmøte. Noreg er altså vert for eit møte mellom dei største krigshissarane i verda, og NATO kjem til å møta ein Jonas Gahr Støre som vil fortelja dei at Noreg står fullt og heilt bak USA sine åtakskrigar også i framtida. Dette trass i at mesteparten av det norske folk heile tida har vore motstandarar av denne krigføringa, og at ein av grunnane til at dei raudgrøne kom til makta var nett denne krigsmotstanden..

Me i Raud Ungdom meiner at dette er heilt på trynet, og me er leie av at den massive motstanden mot krig vert usynleggjort av Stortinget og regjeringa. Me vil fortelja Jonas og NATO-toppmøtet at me er leie av å bruka ein milliard kroner i året på å bomba eitt av dei fattigaste landa i verda. Me vil at alle dei norske soldatane skal koma heim heile, og ikkje i posar. Me vil at Noreg skal slutta å føra krig mot dei svakaste i verda, og reisa seg att som ein fredsnasjon.

Noreg har eit sjølvbilete som ei fredsdua i verda. Då bør me halda oss langt vekke frå dei krigsglade NATO-haukane.

Håvard Tranøy, Stord Raud Ungdom

Eit nytt parti er stifta!

Raudt Stord vart offisielt stifta 24. april 2007. Raudt arbeidar for eit samfunn der fridom, økonomisk rettferd, internasjonal solidaritet og omsynet til naturen og miljøet står i sentrum.

Samlinga på den revolusjonære venstresida på landsmøtet i mars var berre starten. No skal me forma det nye partiet. I denne prosessen vil me invitera med oss alle som ynskjer eit nytt samfunn og som er samde i at det trengst eit nytt parti som reiskap i den daglege klassekampen. Me vil skapa eit nytt parti fordi det er mogleg og naudsynt å endra verda.

I 2007 vil me likevel stilla til val som Raud Valallianse, på grunn av føresegnene i partilova.

Den raudgrøne regjeringa vidarefører den same politikken som Bondevik-regjeringa på mange viktige område.

Raudt vil kjempa for dette:
• Me vil delta i kampen mot at Noreg skal delta i okkupasjon og krig i Afghanistan, Irak og andre stader i verda.
• Me vil delta i aksjonar når regjeringa vidarefører åtaka på pensjonar og sjukehus.
• Me vil stogga regjeringa si vidareføring av den umenneskelege flyktningpolitikken.
• Me vil pressa på for at Noreg skal leggja ned veto mot EU sitt tenestedirektiv, mellom anna for å unngå auka sosial dumping.
• Me vil reisa kravet om forkorting av arbeidsdagen, likeløn og økonomisk sjølvstende for kvinner.
• Me vil jobba for ein politikk som skapar arbeid og sosial tryggleik for alle.
• Me vil forsvara heimfallsretten til vasskrafta og seia nei til all vidare privatisering av naturressursane våre.
• Me vil forsvara velferdsstaten mot vidare nedbyggjing, og jobba mot konkurranseutsetjing og privatisering
• Me vil kjempa for ein radikal miljøpolitikk, slik at me kan redda verda frå ein mogleg klimakatastrofe.
• Me vil forsvara lokalsjukehusa mot vidare nedskjeringar, og meiner at sjukehusa bør førast attende til folkevald styring.
• Me vil jobba for auka lokaldemokrati og auka regionalt sjølvstyre.
• Me meiner at den enorme statlege og private rikdommen bør visa att ved at kommuneøkonomien vert retta opp.

I dag er kapitalismen det dominerande økonomiske systemet i verda. Konkurransen om å verta størst og rikast fører til utbytting, krig og rovdrift på menneske og miljø. Kapitalismen er i dag eit hinder for utviklinga av ein rettferdig verdsorden og eit trugsmål mot livet på jorda.

Raudt meiner at eit anna samfunn er mogleg – utan utbytting, undertrykking og naud. Me vil arbeida for ei sosialistisk forandring i Noreg og i heile verda. Me ynskjer eit samfunn der den økonomiske makta er i henda på arbeidsfolk. Me ynskjer eit demokratisk og sosialistisk samfunn som vert styrt etter mål om økologisk balanse, individuell fridom, kvinnefrigjering og sosial rettferd. Me ynskjer ei verd som er bygd på menneskerettar, fellesskapsløysingar, fridom og internasjonalt samarbeid. Me ynskjer at undertrykte menneske skal gjera opprør mot overgrep og utbytting, og at menneska vert i stand til å skapa ei framtid der folk flest tek makta – ein sosialistisk revolusjon. Me vil bidra til å skapa grunnlaget for at menneska kan utvikla eit samfunn utan undertrykte og undertrykkjarar; eit klasselaust samfunn.

Me treng eit sosialistisk arbeidarparti i kommunestyret, i fylkestinget og på Stortinget. Me treng eit parti som samstundes er ei aktiv kraft der det viktigaste skjer: på grunnplanet i fagrørsla, kvinnerørsla, miljørørsla, antikrigsrørsla og Nei til EU.

Raudt er eit parti med store mål. Me har medlemer med allsidig og lang erfaring frå partipolitisk arbeid, frå fagrørsla og frå mange andre organisasjonar. Me har ungdom, feministar, antirasistar, innvandrarar og kulturaktivistar. Me ynskjer å vera eit ope parti, der ulike meiningar utviklar oss og politikk vert utvikla i eit arbeidsfellesskap.

Bli med i arbeidet for ei ny og betre verd!

torsdag, april 26, 2007

Eit nytt populært søkjeord

Det ser ut til at også Onkel Politi er opptekne av å finna ut mest mogleg om mannen som drap Eugene Eijke Obiora i fjor haust. "Trond Volden" har vorte eitt av dei vanlegaste søkjeorda som fører folk til vloggen min. Kan du tenkja deg det, folk er så desperate etter å få den informasjonen politiet og advokatane ikkje vil ut med, at dei leitar seg heilt inn til den vesle uviktige vloggen min, der saka berre så vidt er nemnt!

Og på statcounter er det nokre knappar ein kan trykkja på for å finna ut meir om folka som vitjar nettsida ein har registrert. For det meste unyttig informasjon som meir datakyndige personar enn meg kanskje kunne ha forstått noko av. Men då eg sat og venta på at limet på dusjveggen min skulle tørka slik at eg kan ta meg ein dusj, trykte eg tilfeldigvis på ein av desse knappane. Og då fann eg ut at ein av dei som hadde søkt etter drapsmannen i Trondheimspolitiet, har m.a. desse dataa:
Host Name: klynge.politiet.no
ISP : Politiets-datatjeneste-net

Sjølv politifolk må altså ty til internett for å finna informasjon om denne saka. Eg er heilt sjokkert.

Singelskiveristing derimot, har ikkje vorte populært å søkja på enno.

Den som hadde barrikadar...

I det siste har eg tenkt på å skaffa meg nokre barrikadar. Eg har nemleg lyst til å stå på dei. Og det held ikkje med berre ein, det er jo ingen som står på barrikaden.

Så om førti år kan eg fortelja ein skokk småungar om «då bestefar var ung og sto på barrikadane». Det hadde vore noko!

Me har mange barrikadar på Aukra. Men det er jo litt tungvint å ta ei murblokk på fleire hundre kilo med seg i ryggsekken. Så om nokon har barrikadar dei gjerne skulle vorte kvitt, eller kjem over nokon som har barrikadar til sals, så er det berre å seia ifrå!

onsdag, april 25, 2007

Meir usakleg skitkasting frå RU

Fjortishelten Mimir har trakka grundig i salaten att. Han skreiv eit brev til venene våre i Blitz, som ikkje akkurat lid av mangel på stigmatisering, og ba dei slutta å planleggja valdelege demonstrasjonar mot NATO-toppmøtet i helga. Noko Blitz ikkje har planlagt i det heile. Som om ikkje slike ukameratslege skuldingar er skadelege nok for venstresida, vel RU-leiinga å gå offentleg ut med saka.

Eg ser for meg følgjande scenario:
  • Blitz planlegg ein eigen demo, i tillegg til Fredsinitiativet sin demonstrasjon
  • Raud Ungdom kritiserer planar om ein valdeleg demo
  • Politiet stiller mannssterkt for å sørgja for at fantasifosteret til RU-leiinga ikkje skal skada folk eller eigedom
  • Politiet provoserer og trakasserer Blitz-folka, slik politiet brukar å gjera mot aktivistar dei trur kan vera militante (flaks at Trond Volden ikkje jobbar i Oslo)
  • Blitzarane svarar med vald, slik aktivistar ofte gjer når politiet går til åtak på dei
  • RU-leiinga sitt fantasifoster har vorte ein sjølvoppfyllande profeti
No har rett nok ein person frå RU-leiinga vore i eit oppklåringsmøte med folk frå Blitz. Men der var ikkje politiet. Og Blitz-løgnene frå Mimir står framleis på nettavisene, så politiet må vurdera om dei skal tru på Mimir og RU-leiinga sine løgner, eller om dei skal ta sjansen på at blitzarane har tenkt å vera snille.

Det mange av oss lurar på no, er kvifor? Kvifor vil de skapa splid på venstresida? Først gjekk de til åtak på AKP i fjor, og heldt på å velta heile partidanninga me lukkast med for ein månad sidan, så Ottar no nyleg, og sist altså Blitz. Og medan de gjer kva de kan for å splitta venstresida, skryt Mimir av at han har gått på fylla saman med Unge Høire. Kven sitt lag er eigentleg RU på?

tirsdag, april 24, 2007

1. mai på Stord

Håvard feiga ut, så det vert ikkje ungdomsappell på Stord. Iallfall ikkje ein planlagd ein. Men om eg skriv ein appell til Håvard og vekkjer han så han kjem seg til 1. mai-frukosten kan me kanskje få det til likevel.

Så til det kule. Mohamed klarte eigenhendig å stogga forslaget om å bruka Arbeidarpartiet sitt valkampslagord som parole i toget. Både SV og LO var førebudde på å sluka forslaget rått, men Mohamed, Raudt sin einaste representant i komiteen denne gongen, redda dagen. Hipp hurra. Og som om det ikkje var nok, så hadde resten av komiteen planlagd ei parolelista utan eit ord om tenestedirektivet. Utan Mohamed, ingen 1. mai.

Og studiesirkelstarten vår gjekk fint.

mandag, april 23, 2007

Studiesirkel om marxisme, sosialisme og det nye partiet

Raudt Stord startar studiesirkelen sin tysdag 24. april kl 19.30 i Hornelandsvegen 14 på Stord. Det første møtet vil dreia seg om dei grunnleggjande økonomiske og filosofiske teoriane som ligg bak politikken vår. Altså slikt som Karl Marx dreiv på med i si tid.

Studiesirkelen er open for alle. Kom, kom!

fredag, april 20, 2007

Ny bok

«Men skjønar du ingenting ditt stripetryne» er mitt favorittsitat for tida. Det er ørkenrotta Asgeir med det grå og tynne håret som seier det til sebraen Sebastian i boka Flekkmonsteret bygger harefelle.

Boka handlar om eit flekkmonster som heiter Flekkmonsteret. Han vaknar ein dag og finn ut at han har lyst på harekjøt, så han byggjer seg ei harefella. Diverre brukar han feil tresort, så han får ingen hare. I staden fangar han seg sjølv, reven Mikkel, ørkenrotta Asgeir med det grå og tynne håret, sebraen Sebastian, mauren Maurora, eit stort egg som alligatoren Svoltne Ali kjem ut av og pingvinen (eller pigbinen som ho seier) Pingla, oppi harefella. Det kjem ein hare òg til slutt, men han vil ikkje hoppa nedi harefella til dei haresvoltne venene. For Flekkmonsteret har lagt fjellbjørkgreiner over holet i staden for furukvistar. Og alle harar veit jo at det skal vera furukvistar på ei harefella. Men snill som haren er, går han og hentar hjelp, så dei kan koma seg opp. Hjelpa kjem dundrande i form av ein stegosaurus. Om du har sett ein stegosaurus før, veit du at han har trappetrinn på halen. Så når han legg halen ned i harefella, kan dei uheldige ikkje-harane klatra opp.

Historia om Flekkmonsteret er skriven av ti år gamle Vetle og far hans, noko som forklarar kombinasjonen av den absurde floraen i flekkmonsterverda og det gode språket og den fyldige historia.

Boka var hovudbok i Blåmann. Og eg gløymte å avbestilla ho, noko eg ikkje angrar på. For det er ei dritkul bok. Og lydbok var inkludert. Det er i lydboka sitatet til Asgeir med det grå og tynne håret verkeleg kjem til sin rett. Forteljaren legg ulike røyster på alle dyra. Og Asgeir med det grå og tynne håret har sjølvsagt den piperøysta. Så det er dritkomisk når han seier «Men skjønar du ingenting ditt stripetryne» til eit dyr som kan trampa han i hel på ein to tre. Eg og Tuva spelar lydboka om att og om att.

Om du har ungar mellom tre og ti år, eller berre har lyst til å lesa og høyra om korleis ein pingvin kan hamna i same harefella som ein alligator og ein sebra, vil eg absolutt rå deg til å melda deg (eller ungen) inn i Blåmann og kjøpa denne boka.

torsdag, april 19, 2007

Oppdatering

Vloggelysta har vore litt fråverande dei siste dagane. Eg har vore på jobb. Og eg har vore sliten om kveldane. Det greie med å vera vekke frå vlogginga i nokre dagar, er at ein større del av folka som kjem innom vloggen er folk som vanlegvis ikkje er her, og som kjem fram ved å søkja på gugel. I det siste har Trond Volden (han som "ved eit uhell" tok livet av ein som hadde feil hudfarge) vore den klåre vinnaren på søkjefronten. Svært mange har fått med seg namnet hans, og gjer kva dei kan for å finna meir informasjon om saka. Det er viktig og bra at dette skjer. Ei straffesak bør ikkje koma som resultat av politisk press frå folk flest. Men når alternativet er at eit forsettleg drap ikkje får konsekvensar, då må jo nokon gjera noko.

Det er mykje anna og som har skjedd sidan sist eg vlogga. Mellom anna har eg fått vita at politikarmafiaen i Odda har mobba Terje til sjukemelding. Sjukt, spør du meg.

Og i dag fekk eg vita at eg sto på ei lista. Alle utanom meg hadde høyrt at eg sto på denne lista. Så til slutt fekk eg vita det og. Heldigvis er det ikkje ei skummel lista å stå på.

Og no skal me snart ha studiesirkel. Sei ifrå viss du vil vera med.

onsdag, april 04, 2007

Eins, zwei, drei, nazi Polizei!

Han som kvelte sosialklienten Eugene Eijke Obiora til han døydde (eg må skriva det slik, for om eg skriv at han drap han, risikerer eg å verta uglesett) i haust, var sjølvsagt den same politimannen som for nokre år sidan trakasserte ein reinhaldsarbeidar og banka ho opp på grunn av ein falsk innbrotsalarm. Han heiter Trond Volden og jobbar framleis i politiet.

Han vart ikkje dømd første gongen han banka og skjelte ut ein neger. Og han vert truleg ikkje dømd denne gongen heller, sjølv om den siste negeren døydde. Kven vert den neste? Hadde eg budd i Trondheim og vore brunare enn gjennomsnittet, ville eg ha flytta.

Og no prøver politiet sine advokatar å hindra folk i å seia kven han var. Difor legg ein masse folk ut namnet hans på nettet. Så politiadvokatane oppnår det motsette av det dei ville.

Det er ikkje slik at eg er motstandar av personvern eller noko. Men når ein drapsmann går fri, sjølv om det er heva over einkvar tvil at han er skuldig (det var jo midt på lyse dagen og politiet vassar i vitne), då kjenner eg det nærast som ei plikt å hengja ut både gjerningsmannen og dei medsamansvorne, som har gjort alt dei kan for å unngå at han vert straffa for ugjerninga.

Snut er ut!

Brage har skrive litt meir utfyllande om kva eg (og alle dei andre) meiner. Ja, det har sikkert mange andre gjort, òg, men det var han eg kom på i farten.

tirsdag, april 03, 2007

Bart


I desember hadde eg bart. I ein halvtime. Så tok Aanderaa bilete av meg. Og i dag klarte han faktisk å lagra det eine biletet på datamaskinen sin for så å senda det til meg, slik at eg kan dela det med Vloggen sine lesarar.

Medieomtale

Mohamed er i avisa i dag. Hurra!

torsdag, mars 29, 2007

onsdag, mars 28, 2007

Fredsplikt til dauden!

Bladet til Fellesforbundet kom i dag. Der er det bilete av ein av Raudt Stord sine sentrale personar, nemleg Mohamed. Hurra for han! I tillegg er det eit intervju med den konstituerte LO-leiaren, Roar Flåthen.

Og når Flåthen får spørsmålet:
"Hva synes du om et lønnskrav på fem prosent?"

Så svarar han:
"Jeg kommenterer ikke slike prosenter, men det er et stort trykk i økonomien. Det er en utfordring. Vi ønsker å ta hensyn til konkurranseutsatt sektor og vil ikke være med på å skape større press på rente og kronekurs enn det som allerede er der. Vi vil gjennomføre et fornuftig oppgjør, det betyr at vi skal ha en hyggelig kjøpekraftsøkning for alle våre medlemmer."

Trykk i økonomien?? Press på rente og kronekurs? Fornuft?? Hyggje??? Har me fått Per Kristian Foss som leiar? Kva med spissinga av klassekampen, som følgje av at arbeidskjøparane har behov for å tyna oss meir? Kva med dei underbetalte kvinnene i offentleg sektor? Kva med pensjonane, sosial dumping og undergravinga av IA-avtalen?

Nei, det er tydeleg at me treng ei radikalisering av arbeidarorganisasjonane. Og det hastar!

onsdag, mars 21, 2007

Stord Kystparti

I går såg eg ein lapp på oppslagstavla på Rema 1000. Der sto det at Kystpartiet ikkje har gjeve opp, sjølv om frontfigur Bjørnar Helgesen av ein eller annan grunn har meldt overgang til Framstegspartiet.

Eg håpar Kystpartiet klarar å stilla i år og. Det er bra for demokratiet at me har mange små parti, og at folk har flest mogleg kandidatar å velja mellom.

Det er bra for demokratiet om alle småpartia kjem inn i kommunestyret. Det er ikkje mykje ein får ut av å røysta inn folk langt nede på listene. Det er den same gruppa og det same partiet som avgjer kva dei skal røysta på, så det vil ikkje utgjera nokon skilnad, anna enn når ei sak er så kontroversiell at røystene i kommunestyret må finteljast.

Eit ekstra parti i kommunestyret gjev oss ei ekstra partigruppa på fem personar. Dei fleste parti har nokre viktige saker dei brenn for, og vil fremja desse i kommunestyret. Slik kjem det kanskje opp forslag som elles aldri ville ha vorte diskutert. I tillegg vil fleire einskildpersonar verta tilknytta kommunepolitikken, så det er lettare for innbyggjarane å koma i kontakt med ein folkevald.

Ein ekstra representant til eit stort parti gjev ei ekstra røyst i kommunestyremøtet, og det kjem to ekstra, ofte mindre motiverte, personar inn i ei partigruppa som var der frå før. Det seier seg sjølv at denne representanten ikkje er like viktig.

Og så er det sjølvsagt viktig for innbyggjarane i Stord kommune at ikkje Helgesen tek med seg alle Kystparti-veljarane over til Frp.

Så om du er folkeregistrert på Stord og ikkje alt står på ei lista: Ta kontakt med Kystpartiet! Dei treng deg! Og til alle som ikkje vil stå på lister, men som skal røysta: Røyst taktisk! Gje røystene dykkar til småpartia!

fredag, mars 16, 2007

Folkeaksjonen mot, øh, kven?

Eg har nett funne ein gjennomført uviktig organisasjon. Sjekk denne.

Tevling

Eg har vore med i ei tevling. Sunnhordlandsvloggarar vart inviterte til å tevla, og eg melde meg på. Eg trur ikkje at min vlogg kan ha vore langt nede på resultatlista, for dei fleste av desse vloggane var anten uinteressante eller ikkje oppdaterte på lenge. Men eg trudde heller ikkje eg skulle vinna.

Den som vann, var den eg såg som favoritt, nemleg Anni-O's snabelaktige blogg. Den må leggjast til i vlogglista mi. Eg har lenge leitt etter Stord-vloggar som eg kan leggja i lista, men dei er vanskelege å finna. No har eg iallfall ein. Og eg hadde tenkt å leggja til minst ein av dei andre kandidatane. Men ved nærare ettersyn er det ingen av dei som er både interessante og oppdaterte.

torsdag, mars 15, 2007

Du har kommet til et nummer som er i bruk...

I dag sende eg tekstmelding til ein 13-åring i Horten og spurde om ungane hans ville koma og feira bursdagen til Tuva i helga. Plötzlich ringde ei dama og lurte på kven i alle dagar eg var for ein fyr.

Den som eigentleg skulle ha meldinga, var ein slektning. Min slektning, ikkje slektningen til 13-åringen i Horten. Slektningen min byta visst nummer for eit år sidan. Rett etter to-årsdagen til Tuva... Kan ikkje folk berre halda seg til eitt nummer??

Eg trudde ikkje dei (eg veit ikkje kven "dei" i denne samanhengen er) var så raske med å dela ut gamle telefonnummer som ikkje lenger er i bruk, til nye personar. Det er jo ikkje særleg lurt. Dei burde jo hatt karantene på eit par, tre år i det minste. Slik at sånne som meg, som sjeldan ringjer eller sender meldingar utan at eg har noko spesielt eg vil seia, rekk å arrangera det neste barneselskapet før nestemann har arva telefonnummeret.

tirsdag, mars 13, 2007

Illojale Yssen

No har media endeleg sett kva Fougner-rapporten eigentleg seier. Yssen gjorde ikkje jobben sin, enkelt og greit.

At ein tilsett ikkje gjer jobben sin, fritek rett nok ikkje sjefen for det ansvaret han har for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen, slik det er nedfelt i arbeidsmiljølova. Og eg ser ikkje vekk frå at Valla har brote arbeidsmiljølova, på same måte som andre sjefar gjer kvar dag. Men kva med dei andre på arbeidsplassen? Trur resten av LO-leiinga at dei ikkje har noko ansvar? Ja, det ser slik ut. Denne konflikten er "løyst" på same måte som konfliktar vert "løyste" på dei fleste andre arbeidsplassar, nemleg ved at folk vert flytta vekk frå einannan, vert oppsagde eller, som i dette tilfellet, sluttar. Yssen og LO-sekretariatet si handtering av konfliktar er heller ikkje i tråd med lova. Å fjerna personane det gjeld frå einannan, er ikkje ei løysing på eit problem. Det er å flytta problemet fram i tid. Granskingskommisjonar og mobbing gjennom avisene er heller ikkje ein god framgangsmåte, og vil aldri føra til at arbeidsmiljøet vert betre. Men eg trur ikkje det var målet til Yssen heller.

Det at Yssen ikkje gjorde jobben sin, tek etter mi meining brodden vekk frå mykje av den opprinnelege kritikken frå Yssen mot Valla, nemleg det som gjekk på at Valla påsto at Yssen ikkje gjorde jobben sin. Ut frå Yssen sitt oppseiingsbrev såg det jo ut til at det var dette som var kjerna i konflikten. Så dette tyder vel på at Yssen-saka kan ha vore del av ein agenda for å få vekk ein sterk LO-leiar som truga høgresida i Ap. Akkurat slik folk i RV/ Raudt har sagt sidan saka kom ut i media første gong.

Yssen har skada og svekka LO, kanskje for fleire år framover. Likevel er det Yssen som i ettertid framstår som den store helten, som har redda stakkars LO frå klørne til den farlege og slemme mobbaren Valla. Dette viser kor mektige riksmedia er, og kor stor effekt ein skikkeleg svertekampanje kan ha.

Helsikes kulturimperialist!


Ein mann (det er jo alltid ein mann) i partiet mitt meiner at det er heilt feil å bruka partinamnet Raudt. For det er jo ikkje bokmål, meiner han (sjølv om det står svart på kvitt i ordboka). Og det gjer oss små og sære. For mange likar jo ikkje nynorsk ein gong, og bokmålsfolk vil kanskje ikkje "godta" stavinga "Raudt". Dette kjem han med etter at eg har argumentert for å leggja nettsidene under raudt.no, i staden for roedt.no, der dei faktisk av ein eller annan grunn ligg i dag.

Kvifor i grønsvarte helvete vert me mindre og særare av å kalla oss raudt enn me vert av å kalla oss roedt, som ikkje ein gong er eit ord??

Om det er slik Raudt bør slutta å jobba for målsaka fordi nynorsk er upopulært, har eg ingenting i partiet å gjera. Det gjeld truleg òg andre radikale nynorskingar. Men heldigvis trur eg ikkje at den type ekskluderande tankegong er utbreidd i partiet. Og Raudt har sikkert flust av andre meiningar som er like upopulære, skal me slutta å meina ting få andre meiner? Revolusjon er ekstremt mykje mindre populært enn nynorsk, skal me vera mot revolusjon? Det er svært mange i arbeidarklassen som synest at kvinnekampen er over, og at homofile har for mange rettar, skal me då slutta å jobba mot diskriminering og undertrykkjing?

Og Raudt ER jo alt namnet vårt (Eller eitt av namna, om du vil). Kva om eg hadde føreslått at Rødt ikkje lenger skulle vera ein godteken skrivemåte av partinamnet vårt? Då kan du tru det hadde vorte ramaskrik.

Argument som at ting gjer oss små og sære er jo heilt geniale. Dei kan brukast på det meste, og dei vernar brukaren frå å argumentera politisk for sitt syn. Og dei vert òg brukte ofte. Særleg av høgresida i partiet. Ja, eg veit at høgresida i partiet må veksa dersom me skal verta større i løpet av kort tid. Eg trur ikkje eingong eg vil fortvila særleg mykje om aktivistar frå fagrørsla, kvinnerørsla og miljørørsla (og ikkje minst målrørsla) kjem inn og utvidar høgresida i Raudt. Men det at me vil "verta store" er ikkje noko politisk argument. Dårleg politikk vert ikkje betre dersom han vert populær. Vil du ha eit stort og usært parti, meld deg inn i Frp eller DNA.

Vombiskinn

Ein gong for lenge sidan skreiv eg om vombavelter og vombiskinn. I det siste har desse orda vorte aktuelle att.

Sist eg var heime fekk eg vita at Frugård hadde ein rett som heiter vombavelto eller noko i den duren, på lunsjmenyen. Fantastisk, ikkje sant? Eg har ikkje vore der og undersøkt sjølv, så eg kan ikkje stadfesta dette hundre prosent. Eg har òg leita i menyen som ligg på nett og ikkje funne det, men eg trur det er sant. Lurar på kvar dei har fått det ordet frå... Finst det andre som brukar det?

Og no har ei drektig søya i Telemark fått vom i skinn, stakkar.

lørdag, mars 10, 2007

Raudt! Som morgonsola!

Partiet mitt er nedlagt. Men eg har fått eit nytt. Flunkande nytt, faktisk. Og det skal heita Raudt. Så no kan me kalla lokallaget vårt for Raudt Stord. Eller, ikkje no. Først må me kalla det Stord Raud Valallianse ei stund til. Fram til Mohamed er i kommunestyret og Terje er ordførar i Odda. kan me byta namn for alvor. Det vert gjevt.

Og etter revolusjonen drikk alle te. Og verda skal verta ljuv og alle menneska skal verta lukkelege.

Dagens sitat

«Valla er en dame som bokstavelig talt ligger med brukket rygg.»

Stygg sak, morosamt sitat. Du kan lesa resten av saka her.

fredag, mars 09, 2007

Idiotar! Dustemiklar!

Soria Moria-erklæringa slår fast at ingen flyplassar skal leggjast ned i denne stortingsperioden. Likevel vil ikkje regjeringa gjera Stord lufthamn statleg, så me kan få dei naudsynte midlane for å byggja den naudsynte nye brannstasjonen slik at flyplassen kan drivast vidare. For Stord kommune har jo ikkje råd.

Det hjelper lite at Olav Akselsen står fram i lokalavisa og seier at flyplassen er viktig, når partiet og regjeringa hans drit i kva han meiner. Det hjelper òg lite at SV-fylkeslaget vedtek at flyplassen er viktig, når stortingspolitikarane deira kjem til å feiga ut og følgja regjeringa. Det er då for pokker ingen i Hordaland og Sunnhordland som har røysta på Jens Stoltenberg eller Kristin Halvorsen, eller dei andre klønene i regjeringa. Kvifor skal fleirtalet av hordalandsbenken då vera lojale mot partitoppane og regjeringa, i staden for folka som har valt dei? Rikspolitikarane burde representera dei som har valt dei. Denne saka viser svært tydeleg kor udemokratisk partisystemet og parlamentarismen er. Kanskje det er like greit med Høgre-regjering neste gong? Øyvind Balleraker ser i det minste ut til å ha sitt eige parti på si sida når han uttalar seg om lokale samferdselssaker.

Rikspolitikarane er tåper! Dei lokale rikspolitikarane er pingler og tåper!

Ja, eg veit at flytransport er ufyseleg og miljøskadeleg. Men så går det då heller ikkje tog på våre kantar. Småflyplassane er viktige for innbyggjarane og næringslivet i distrikta! Om flyplassar skal leggjast ned for å spara miljøet, kan dei heller leggja ned dei store flyplassane i dei store byane. Der har folk tusen andre måtar å reisa på.

Og Valla har gått av. Eg gidd ikkje å skriva noko om det, kommunistattendespenn har alt skrive det som må seiast.

torsdag, mars 08, 2007

Damer!

Gratulerer med dagen!

tirsdag, mars 06, 2007

Kjekke dagar

I går jobba me overtid. Det er eigentleg ikkje lov, men jobben hasta. Og då er alt lov, det veit jo alle. Me har nokre røyr som må vera elektrisk isolert frå alt mogleg anna. Røyra ligg i havet, og må vernast mot korrosjon på ein ganske intrikat måte. Ved å setja bittelitt straum på røyra, vil ein unngå at saltet i sjøen reagerer med jernet i stålet og fører til korrosjon. Altså at røyret rustar. Men ein må unngå at straumar frå landanlegget forstyrrar, for då kan ein i verste fall oppnå den motsette verknaden. Difor må røyret ut i sjøen vera isolert frå anlegget.

Men det er jo ikkje enkelt å isolera røyret frå anlegget når røyret skal føra gass og slikt mellom England, havet og, ja, nettopp, anlegget. Så då brukar me isolasjonsjointar, som ikkje har noko å gjera med jointar. Dei skil røyret frå seg sjølv, slik at metallet på eine sida ikkje er i kontakt med metallet på hi sida.

Så me har megga røyr. Og me har kopla frå instrumentkabel, kopla frå jording både her og der, kopla til kablar att, klyppt av jordleiarar, prøvd å feilsøkja, vaska og tørka teflon, skrapa maling, kopla frå piping, rive stillas, megga kabel og diskutert mykje. Og vi har sett opp føggelband og vi har pønta tre. Så megga me røyra litt til. Eg har knapt brukt ein meggar før, og hadde aldri trudd eg skulle koma til å megga 42 tommars pipingrøyr.

Me skulle ha ein Megaohm. Me fekk omlag 15 kiloohm... Same kva me prøvde på. Og me trur ikkje at det er mogleg å finna ein feil. Dette ser ut til å vera det beste resultatet me kan få. Så me har sagt oss ferdige.

Men anlegget er jo jorda. Og jordelektroden går jo i sjøen. Så når dei sveiser sjødelen saman med landdelen vil dei jo ha null ohm... Så eg skjønar ikkje korleis Hydro skal få driten til å verka. Men det er då heller ikkje ein simpel industriarbeidar si oppgåva å skjøna ting.

No er me ferdige med eitt røyr. Då har me berre to att. Og ein stad på det siste røyret har undersåttane mine festa kabelgater på begge sider (fordi eg sa dei skulle det...), så eg har ein dritjobb å gjera i morgon.

Vanlegvis når me gjer ting me ikkje kan, er det ein eller annan som kjenner ein som har vore borti det før, som igjen kjenner ein ekspert på området, ein skikkeleg nørd me kan ringja til. Eksperten finst ikkje i dette tilfellet. Men det vert ikkje mindre interessant av den grunnen.

No i kveld skal dei inn i røyret med kamera, for å finna ut om det er noko gale der (eller eigentleg mest fordi sjefane er nyfikne, mannfolk i industrien går heilt i barndommen når dei kjem borti noko nytt som er viktig nok til at ingen kontrollerer kostnadar). Hadde sikkert vore kjekt å vera med. Men det er jo ikkje lov å jobba overtid her...

søndag, mars 04, 2007

Blabla

Eg har passert 100 vloggpostar. Mesteparten er jo berre vas, men likevel har eg vondt for å skjøna at det har vorte så mange av dei... Men no passar det vel å feira "høgtida" med eit nytt bilete. Hammar og sigd er jo ikkje spanande i lengda.

No er me snart ferdige med å byggja Ormen Lange. Anlegget skal vera ferdig første mai og leverast til Hydro. Slik at dei kan levera det til Shell... Snigelfangaren, der eg jobbar, skal me ha nokolunde ferdig alt om eit par veker. Så ut i veka skal eg over på loop-test. Det er engelsk for sløyfetest. Det vert sikkert kjekt å prøva noko nytt.

Og det er fint ver på Aukra no. Hurra!

Sjekk denne, om du vil vita korleis du skal gå fram om du treng litt opplysing.

onsdag, februar 28, 2007

Ny utsjånad

Likte du den nye tapeten min?