onsdag, desember 27, 2006

Nytt ord

Eg har nett oppdaga eit nytt, fint ord: Singelskiveristing. Det er når ein ristar ei skiva i brødristaren, i staden for to. Vakkert, ikkje sant?

Eg har nemleg fått ein fin brødristar til jul (takk, mamma). Og i rettleiinga sto altså dette ordet (her, side fire). Eit ord der eg ikkje hadde vorte overraska, kanskje ikkje ein gong veldig irritert, over ein orddelingsfeil, men der dei vyrde forfattarane altså ikkje har delt. No står det berre att å inkorporera dette i grønåsisk språkføring.

Dei kan få sagt det...

Flink å snakka, ungen min. Og sug til seg nye ord og uttrykk. Som ein svamp.

"Kan eg få gå ut av bilen? Ska øyka!"

Eg prøver å læra henne å seia leverpostei, i staden for berre "deiv".
K: "Har du lært deg å seia leverpostei no?"
T: "Nei"
K: "Kva seier du då?"
T: "Seie mor di eg!"

onsdag, desember 20, 2006

Vloggtørke

Eg kjem truleg ikkje til å vlogga noko særleg før ut i neste år eingong. Grunnen er denne ulukka, som råka eit familiemedlem.

torsdag, desember 14, 2006

Ein lærer så lenge ein vert utsett for angloamerikansk kulturimperialisme

Har nett lært meg eit nytt uttrykk: To do an exorcist. Det er engelsk, og er synonymt med det å elga.

Kultur-eliten?

Nei, ikkje eg.

Du tilhører definitivt ikke kultureliten, gratulerer! Du er antakelig ekte og jordnær, og kan delta i så mye organisasjonsarbeid du bare vil uten å bli mistenkt for å mele din egen kake og holde proletariatet nede.

Bittert. Eg som trudde eg skulle nå opp i den konkurransen. Eg òg vil strø mjøl på kaka mi og halda proletariatet litt nede!

Fekk idéen frå Lars, som òg påstår han er jordnær.

Promille på jobb

Om eg vert teken med promille på jobb, vert eg kasta ut av Ormen Lange-prosjektet. Inga bøn. Og eg får munnleg eller skriftleg åtvaring om at neste gong kan eg missa jobben.

Eg tør ikkje tenkja på kva sjefen min hadde sagt om eg i tillegg gjekk og melde meg sjuk. Han hadde sikkert gått gjennom telefonen og kvelt meg om det var praktisk mogleg. Han hadde iallfall ikkje kritisert dei kjipe jævlane som melde frå anonymt.

Eg reknar med du ikkje treng referansar til den aktuelle saka for å vita kva for personar eg samanliknar meg og sjefen med nett no.

onsdag, desember 13, 2006

Badekar

I dag fekk eg badekaret mitt. Dette her, berre i større utgåva. Det har eg venta på i to og ein halv månad fordi lumiane som produserar det hadde datatrøbbel og rota vekk tinginga.

Badekaret mitt er laga av plast! glasfiber! Då vart eg overraska, trudde dei brukte porselen eg.

Så starta eg på demonteringa av dusjkabinettet. Det var ikkje så lett og kjapt gjort som eg hadde trudd. Idiotisk tidspunkt å byrja på det eigentleg, men det må jo gjerast. Kan jo ikkje ha eit enormt badekar ståande midt på badegolvet i dagevis. Så for eg av stad på trening. Og då eg kom heim, tok eg fatt på oppgåvene att. Fekk etter mykje om og men den eine dusjveggen heilt laus frå veggen. Men den andre lista var limt betre fast i veggen. Så no har eg øydelagt ei flis på veggen min... Og eg fekk ikkje lista laus. Så no sette eg berre badekaret på halv åtte, for eg måtte jo dusja. Det gjekk greit, bortsett frå at eg ikkje tenkte på at slangen til sluken i golvet bør liggja lågare enn badekaret. Det vart litt søl av den tabben. Men no er eg rein.

Moralen er: Ikkje demonter dusjen før du skal trena.

I morgon skal eg kjøpa meg badekartut til blandebatteriet mitt. Og skaffa meg noko å skjera laus den hersens limen med. Hrmf. Så skal eg henta jenta mi. :-)

fredag, desember 08, 2006

Favør meg langt opp i...

I dag vart eg irritert. For andre gong på få månader fekk eg brev med reklame for kredittkort. Og det er ikkje kven som helst som forsøplar postkassa mi med slikt tull. Nei, trur du ikkje det er sjølvaste Landsorganisasjonen?? Så no har finansfolka fått arbeidarklassen sin eigen organisasjon til å hjelpa dei med å plyndra arbeidarklassen og gjera oss til ein grå masse av kredittavhengige undersåttar i forbrukarsamfunnet deira.

Så eg sende e-post til LO, eg, før eg eigentleg tenkte meg særleg mykje om. Eg vurderte å gjera det sist gong og, men då gjekk det vel nokre dagar, så kokte heile greia vekk i kålen. Dette skreiv eg til LO-favør, LO sentralt og til Fellesforbundet:

Hei

Eg synest ikkje noko om at LO skal reklamera for, og invitera folk til å skaffa seg kredittkort. Mange folk slit med å betala attende kreditt. Mange av desse folka er heilt sikkert medlemer av LO. Då er det svært usolidarisk å reklamera for kredittkort ovanfor medlemane.

Kredittselskapa håvar inn pengar når folk handlar på kreditt. At finansfolk utnyttar arbeidsfolk gjennom å dela ut kredittpengar er ikkje berre eit samfunnsproblem og eit problem for dei einskildpersonane som hamnar i eit økonomisk uføre på grunn av dette, det er òg eit klassespørsmål. Det er dei svakaste i arbeidarklassen dette går ut over. Difor ser eg særleg alvorleg på det at LO oppmodar folk til å skaffa seg "billege" kredittkort. Det er etter mi meining stikk i strid med arbeidarrørsla sine oppgåver og prinsipp, og om det skjer att vil eg vurdera å ta dette opp i større skala enn ved å senda ein e-post.

No har eg fått to slike brev på nokre få månader. Eg har ikkje noko stort problem med det, eg hiv dei berre i boset. Men av solidaritet med dei som slit med slike problem, håpar eg at de sluttar med dette, og heller kjem med andre tilbod som er til beste for medlemane.

Mvh
Kjetil Grønås
Medlem av Fellesforbundet avd 118

Favør meg langt opp i rassen.

fredag, desember 01, 2006

Hehe

Nokon har funne vloggen min når dei leita etter ein brukt bøyemaskin på kvasir. Vedkomande vart sikkert skuffa.

Lurar på om eg hadde fått mange treff om eg skreiv Britney Spears, naken, sex, Pamela Anderson og Kåre Conradi i same avsnitt... Kan jo verta interessant å sjå kva slags kombinasjonar folk prøver seg på. Og om eg slengjer på litt norsk porno på slutten bør eg vel kunna gjera reint bord. Så kastar eg vekk litt tid for ein masse kåte mannfolk.

onsdag, november 29, 2006

Rart

Eg kom til å tenkja på noko når eg såg nyhendesendinga til TV2 i stad. Dei kan ikkje senda Najmuddin Faraj Ahmad heim til irakisk Kurdistan fordi det er borgarkrig seier dei no. Tidlegare har dødsdommen hans vore problemet.

Då er det jo jævla rart at dei kan senda ein haug med afghanarar "heim" til den visse død i eit krigsherja land.

Det er vel ikkje så farleg å vera flyktning, ikkje ein gong ein potensielt farleg flyktning, så lenge ein er stinn av gryn og har råd til dei beste advokatane (Ja, Brynjar Meling er snål, men han kan det han driv med).

torsdag, november 23, 2006

Ringverset

Alvar under blåna eig ringane tri.
Sju fekk dvergdrottane i salar av stein.
Menn som er saka til dauden fekk ni.
Men drotten for myrkret ein einaste ein
i landet Mordor der skuggane rår.
Ein ring skal styra deim, ein ring skal finna deim.
Ein ring tvinga deim og i myrker binda deim
i landet Mordor der skuggane rår.

Three Rings for the Elven-kings under the sky,
Seven for the Dwarf-lords in their halls of stone,
Nine for Mortal Men doomed to die,
One for the Dark Lord on his dark throne
In the Land of Mordor where the Shadows lie.
One Ring to rule them all, One Ring to find them,
One Ring to bring them all and in the darkness bind them
In the Land of Mordor where the Shadows lie.

mandag, november 20, 2006

Lokale industrinyhende

Eg har tidlegare vlogga om den bømlonesiske sekstimarsdagen. NRK skriv at det vert oppsummert som ein suksess. Det var kjekt.

I dag trakka eine utlendingen min over. Det var ikkje så kjekt.
Etter å ha kvila foten sin litt, skal han få alternativt arbeid. Me vil jo ikkje ha ein fråversskade på statistikken, det tek seg ikkje ut. Så i morgon tidleg må eg skriva rapport og senda stakkaren på preservering (som ikkje må forvekslast med konservering). Legg forresten merke til det siste biletet på preserveringssida.

søndag, november 19, 2006

Hehe

Fekk spam frå NextGenTel på e-posten min i dag, fordi eg er kunde der. Dei skryt av at dei skal setja opp bandbreidda. Men eg beit meg merke i ei setning.

«Dette har gjort NextGenTel til den klart nest største bredbåndsleverandøren i Norge.»

Klårt nest størst? Når vart det noko å slå seg på brysta med?

torsdag, november 16, 2006

Kjipe meg

Vloggefrekvensen min har gått ned i det siste. For første gong (trur eg) har det gått over ei veka utan at eg har skrive noko. Det er ikkje med vilja, det berre vart sånn. Men no har eg i det minste oppdatert lista over andre vloggar. Sei ifrå om du saknar namnet ditt eller vloggen din på lista, eg kan ha gløymt deg. Eller kanskje eg berre ikkje vil ha deg der.

I dag er eg vorten ein del av kapitalismen sitt maktapparat. Eg har fått meg ei formannsstilling. Men det er berre for eit par veker, så eg reknar med at sentralkomiteen godtek det. Jobben er interessant, men slitsam. Særleg slitsamt vert det når me ikkje har ein einaste bas. Dei andre, skikkelege formenna har to. Men noko må eg jo ofra for å oppnå frynsegodet kaffipolett.

Nynorsk Wikipedia har utnemnt sin første gode artikkel denne veka: Sky.

For å underhalda og engasjera lesarane mine litt: Tipp kor langt skjegget mitt er! Den første som svarar rett vinn ei flaska finsk majones (Pivolainen skaffar sikkert). For dei som ikkje har sett meg på lenge kan eg opplysa at eg barberte meg siste gong i slutten av juli, helga før min første tur til Aukra.

Så skal eg prøva å ikkje skriva så mykje om meg sjølv neste gong eg vloggar.

Og sist, men ikkje minst:
Gunn Helen har bursdag. Gratulerar med dagen!

tirsdag, november 07, 2006

Nicaragua

Daniel Ortega vinn valet. Vloggen gratulerer.

Søkjeord

Vloggen ser ut til å vera lett å finna fram til ved å søkja på google og kvasir. Framleis er det slik at den suverene vinnaren på søkjefronten er innlegget kråkevisa. Men fram til i dag har eg ikkje hatt søkjeord som har vore nemneverdige nok til å skriva om. Det næraste var "litt om Kurdistan", som førte fram til den andre songen eg har vlogga. Men i dag kom det. Nokon har i dag søkt på "oppblåst mage sau", og endt opp på eit av dei første innlegga eg skreiv. Søkjeordet er litt for relevant til å vera fantastisk, men me nærmar oss.

Ringdrotten!

No kjem The Lord of the Rings snart på nynorsk! Saman med Tuva sitt Blåmann-medlemsblad i dag fekk me eit blad med julegåvetips til både store og små. Og første sida var sett av til dette episke verket.

Boka er sett om av Eilev Groven Myhren. Alvisk er omsett til høgnorsk, høgvyrde menneske nyttar midlandsnormalen, medan hobbitane og folk lenger nede i hierarkiet er litt meir «folkelege» og skal snakka dialekt.

Ut frå min målpolitiske ståstad er dette fantastisk, supert, diggbart, heilt sjef. Ut frå ein ståstad som lesar av fantasy på originalspråket, er eg litt usikker på kva eg skal meina. Men eg trur i alle høve at dette vert betre enn Torstein Bugge Høverstad sin bokmålsversjon. Høverstad sine omsetjingar vert skrytt opp i skyene av mange, men eg synest ikkje dei er noko å skryta av. Men svaret får eg ikkje før eg har lese boka. Så her skal det tingast!

søndag, november 05, 2006

Say no, more!

No har me vekt oss sjølve opp litt. I Bømlo Fitjar Stord Nei til EU, altså. Me hadde faktisk styremøte hin dagen. Og i helga var det årsmøte i Hordaland NTEU. På Stord. Me vedtok ein masse og fekk Ingmar (du må fiksa nettsida no, Ingmar, eg har lenka til deg!) vald som delegat til landsmøtet. Og snart skal me ha nytt styremøte. For me må jo finna ut kva Ingmar skal meina når han skal til Oslo. Og så må me planleggja årsmøte og studera tenestedirektiv.

Og me har funne eit nytt slagord: "Say no more!" Det er engelsk og tyder "sei nei ein gong til". Sånn omtrent.

Og hamsteren klyv i taket på buret sitt. Sjukingen.

fredag, oktober 27, 2006

Litt kultur

Eg hadde tenkt å skriva eit dikt på vloggen i dag. Men så fann eg ut at ein annan har vlogga akkurat det diktet før. Så då treng ikkje eg òg gjera det.

Så eg vloggar ein annan song. Men den måtte eg setja om frå dansk, så eg veit ikkje om eg får alt rett. Sei ifrå om du ser ein feil. Takk til Mari, som heller ikkje hugsa teksten heilt utanåt, men som hugsa litt meir enn meg.

El pueblo

Ei von vart knust, ei framtid fall i grus.
De trur de fekk ein siger i hus,
men slegne menn skal reisa seg igjen,
og dei som fall, gjev styrke til vår kamp.
Vi veit, vi veit, at natta blir til dag,
at siger følgjer etter nederlag.
Eit samla folk kan aldri trampast ned,
vår motstandskamp skal samla fleir og fleir og fleir
og herrane skal knusast, og vi ser
at mot vår einskap vil dei brytast ned.
Så svar oss, herrar: Kven pløyer dykkar jord?
Kven bryt kopar opp fra gruva djup?
:: EL PUEBLO UNIDO JAMAS SERA VENCIDO!::

De tala om nasjon og fedreland.
Men kven har gitt dykk våpna i hand?
Og kvar gjekk fridomsvona som me bar
den selde de mot framand kapital
Men gjennom nederlaget vil vi få
ein visdom som de aldri kan forstå.
Eit væpna folk kan aldri trampast ned,
vår modstandskamp skal samla fleir og fleir og fleir,
og herrerne skal knusast, og vi ser,
at mot vår einskap vil dei brytast ned.
Og stoggast kan ikkje ropa som bryt fram
frå Chile, Azania, Campuchea, Kurdistan:
:: EL PUEBLO ARMADO JAMAS SERA APLASTADO!::

onsdag, oktober 25, 2006

Uproft

Eg var på posten i dag og henta RV-flygeblad. Det er verveflygeblad som me hadde tenkt å bruka på Høgskulen. Det sto ingenting om studentpolitikk, fokuset såg ut til å vera på industri og sjukehus. Men det er jo ikkje så farleg. Og flygisen var heilt grei den, sjølv om det står svært lite om sosialisme og sånt der. Og fargane var akkurat så keisame som dei bør vera på ein RV-flygis.

Men på side tre i flygebladet er det ein skrivefeil. Ikkje berre ein sånn liten ein. Nei, det er ein sånn ultrastor megafeil som nesten gjer flygebladet ubrukeleg. Det står «Vil du jobbe mot USAs røverkriger, for fred og solidaritet med undertrykte folk? undertrykte folk?» (sic!) Så dårleg økonomi har vel ikkje partiet vårt at me ikkje har råd til å lesa betre korrektur enn det?

Det ser ut til å gå greit å dekkja over dei ekstra orda med sprittusj. Så no må eg skaffa meg ein sprittusj. Det vert ein dritjobb å stryka over det på alle flygeblada, men det må vel gjerast. For dei gidd jo ikkje å trykkja opp nye flygeblad for å verva medlemer til eit parti som har tenkt å leggja seg ned snart.

Og medan eg var på Posten, oppdaga eg at dei har lågare renta enn min bank. Så no skal eg kanskje flytta lånet mitt snart.

mandag, oktober 23, 2006

Håplaust forslag frå rådmannen

Rådmannen har lagt fram eit budsjett han sjølv seier er «ualminneleg stramt», i ein kommune som alt har levd på sparebluss i fleire år. Kommunalsjefen ser at dette ikkje vil gå bra. Og i omsorgssektoren, som vert hardast ramma, veit alle dei tilsette at det er ikkje noko meir att å spara.

I Soria Moria-erklæringa står det at regjeringa skal «gjennom en forpliktende flerårig opptrappingsplan rette opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren». Det kan vel ikkje bety anna enn at dei har tenkt å bruka dei siste to statsbudsjetta i perioden på å retta opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren, og soleis retta opp det enorme underskotet Stord kommune har samla opp etter mange år med smalhans administrert av skiftande regjeringar?

Dersom tafatte lokalpolitikarar held fram med å ta utgongspunkt i at alt som manglar skal sparast inn, vil regjeringa sleppa å oppfylla løftet sitt, og riksmedia vil halda fram med å skriva om denne snille regjeringa som deler ut millionar i aust og vest. Og Stord kommune vil få eit stadig dårlegare tenestetilbod. Er dette vanskeleg å sjå?

Så kommunestyret må hiva rådmannen sitt budsjettforslag og økonomiplan i bosspannet, der dei høyrer heime. Så må dei skriva eit nytt budsjett, basert på klåre lovnader frå ei fleirtalsregjering, der kommunen sin forventa inntektsauke dekkjer opp for både gjeldsbetaling, ny ungdomsskule, dei tilsette som manglar i helsesektoren og alle dei andre viktige tinga som rådmannen og kommunestyrefleirtalet har forsømt dei siste åra.

Og regjeringspartia har fleirtal også i kommunestyret, så dette burde vel vera ei smal sak?

Kjetil Grønås, Stord RV

søndag, oktober 22, 2006

Heldige meg

Eg skal heim i morgon tidleg. Ein dag før tida. Hah! Så me har jobba 11 dagar i staden for 13,625 dagar.

Og eg får henta jenta mi på tysdag i staden for onsdag. Snill eks eg har, altså...

Og eg har snakka med disiplinleiaren, og han var samd i at eg burde ha fri i jula.

Og revolusjonen kjem snart, har eg høyrt rykte om. Hurra!

søndag, oktober 15, 2006

Naturopplevingar

Eg såg ein snigel som hadde spasert over ein fjerdedel av fortauet, og var i ferd med å ta fatt på sin andre fjerdedel. Då slo det meg; tenk kor fantastisk keisamt det må vera å vera ein snigel...

tirsdag, oktober 10, 2006

Vart forseinka denne gongen.


Flyet mitt kræsja og tok fyr. Eg rakk ikkje eingong å koma ombord. Eg tok bilete av røyken med mobilen min. No er eg heime att.

mandag, oktober 09, 2006

Organisasjonane våre

I dag fekk eg vita at ein gjeng radikale ungdommar på musikklina på Stord Vidaregåande kanskje vil starta RU-lag på Stord. Jippi!

fredag, oktober 06, 2006

Hrmf

I dag fekk eg mobiliseringsbrevet mitt. Og no har idiotane funne ut at dei skal senda oss opp på tysdagane i staden for torsdagane, utan å nemna det med eit ord til oss det gjeld. Så då må eg til Haugesund med jentungen to dagar tidlegare. Og eg går kanskje glipp av Iron Maiden-konserten, for den kjem midt i ein arbeidsperiode.

Tog på norsk

Helten Marte har sendt pressemelding på nynorsk idag. Hurra!

Sjukehuset

I dagens (altså fredagens) utgåva av Vikalappen skriv Mohamed dette:


Stord treng akuttmottaket!

Helseministeren seier at akuttmottaket kan vera aktuelt å leggja ned ved mindre sjukehus. Å leggja ned akuttmottaket ved Stord sjukehus, vil vera ei dramatisk forverring av sjukehustilbodet i Sunnhordland.

Ikkje nok med at innbyggjarane i regionen får eit dårlegare tilbod. Men med den aktiviteten det er lagt opp til i industrien i åra framover, er det heilt naudsynt å ha eit godt akuttmottak. Dette handlar ikkje om økonomi, det handlar om liv. Fleire vil døy som følgje av ulukker dersom akuttmottaket ved Stord Sjukehus vert nedlagt. Så enkelt er det. Me håpar at ministeren og dei regionale helseføretaka tenkjer seg om mange gonger før dei aukar faren ved å vera tilsett i industrien.

Industrien treng fleire folk framover. Det er vanskeleg å rekruttera folk til å flytta til ein småby med eit middelmådig helsetilbod. Og det er vanskeleg å rekruttera folk til ein industri der ein ikkje er trygg på at ein vert teken hand om dersom det skulle skje ei ulukka.

Mohamed Kallel, Stord RV

Folkelotto.no

Er det andre enn meg som har fått SMS-meldingar frå "Folkelotto.no"? Kva er dette for slags idiotar? Då eg fekk den første meldinga eg ikkje hadde bede om, på tysdag, sendte eg straks ei sånn "stopp"-melding til 1963. Og idag fekk eg jaggu ei til.

Så eg gjekk inn på nettet og sendte ei melding til brukarstøtte-avdelinga deira. Og trur du ikkje at det var obligatorisk å skriva opp e-postadressa i skjemaet? Ja, sjølvsagt vil eg gje den type folk e-postadressa mi. Det er faktisk ingenting eg har meir lyst til...

onsdag, oktober 04, 2006

Oi!

Denne veka får eg henta ungen ein dag før tida. Ho skal på kontroll på helsestasjonen i morgon, og eg får æra av å ta henne med dit. Så køyrer me heim for eg skal på trening og møte.

Heldige meg.

Kommuneøkonomien

2,59 milliardar ekstra skal kommunane få. Eit ganske høgt tal faktisk, nemleg 2.590.000.000. Men likevel trur eg det er for lite. Og eg er heilt sikker på at det ikkje får merkbar positiv verknad på Stord kommune sitt tenestetilbod for det komande året.

Regjeringa vil «gjennom en forpliktende flerårig opptrappingsplan rette opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren», står det i Soria Moria-erklæringa. Vil dei halda dette løftet?

Torstein Dahle hadde eit overslag hausten 2004, der han kom fram til at kommunesektoren mangla 20 milliardar i året. Dette var eit minimum som skulle dekkja nedbetaling av gjeld, utbetring av akkumulert underskot og manglande vedlikehald, og gje kommune-Noreg sjansen til å oppretthalda, eller gjenoppretta, eit forsvarleg tenestetilbod. Om eg ikkje hugsar heilt feil. Til no har kommunane fått 8 mrd sidan den nye regjeringa tok over. Då manglar me 12 mrd. I tillegg må kommunane ha dekka inn pris- og lønsveksten.

Av dette ser me at kommunane må ha meir enn 6 mrd (eg veit ikkje kor mykje meir, er ikkje økonom) i kvart av åra som står att av stortingsperioden, for at regjeringa skal kunna seia at dei har «retta opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren». Trur du at dei klarar det?

tirsdag, oktober 03, 2006

Valkampen og Frugård

Ei hyggjeleg dama ringte meg idag og sa ho kunne stå på lista vår. Då vart eg glad. Men eg har ikkje fortalt nokon andre om det enno, det gløymte eg.

I dag har me fått mange nye innspel til programmet vårt. Om Stord RV sin helsepolitikk. Det er bra!

Og medan me sat på Frugård og snakka om programmet, tinga eg meg ein chiliburger. Det tok litt tid, så eg gjekk og etterlyste han. Dama sa ho skulle sjekka det opp, og eg forsto at ho hadde gløymt det. Etterpå innrømte ho at ho hadde gløymt det, og eg fekk burgeren gratis. Og dei har god burger, så den skal eg kjøpa fleire gonger. Eller, eg har vel eigentleg aldri kjøpt ein, men eg skal byrja. Og eg trur me må ha møte på Frugård oftare. Atmosfæren der er liksom litt meir koseleg enn på rådhuset. Og det er ikkje så mange folk der på den tida på døgnet me brukar å møtast. Og eg slepp å henta nøkkel, det gløymer eg jo oftare enn eg hugsar det.

Kraftkrisa?

Det snakkast mykje om kraftkrisa for tida, om den store mangelen på straum. Og for å få nok straum må me ha både gasskraftverk og vindmøller, er omkvedet. Sjølv SV og Sp er no på gli i gasskraftsaka.

Det finnest ikkje noko kraftkrisa! Krisa er den liberale energilova som kom i 1990, som har gjort kraftmarknaden i Noreg til ein del av ein europeisk kraftmarknad. Det som skjer er at norske straumbrukarar må konkurrera med utanlandske straumbrukarar. Og då seier det seg sjølv at utlendingane som er vane med å betala dyrt for straumen, utkonkurrerar oss. Så då må norske forbrukarar finna seg i ein høgare pris, ein pris som snart tilsvarer kostnaden på straumproduksjonen i andre land.

Gasskraftverk er eit blindspor. For det første har me kraftoverskot i Noreg, me eksporterar mykje meir enn me importerar. For det andre er straum frå slike kraftverk fire gonger så dyr å produsera som den krafta me produserar i dag. Og for det tredje: Meir kraft vil berre gjera seljarane av kraft rikare, og ikkje gjera noko med prisane. Me må framleis betala europeiske prisar på straumen.

Det einaste som kan føra til at straumprisane går ned i Noreg, er å gjera kraftverka og straumforsyninga til eit samfunnsmessig ansvar att, og å reversera liberaliseringa i energilova. For slik energilova ser ut i dag, vil norske straumkjøparar alltid måtta konkurrera med dei utanlandske.

Kjetil Grønås
Stord RV

MacGyver

Episoden om soldatmaur var på MacGyver i dag. Det er ein av dei beste episodane. Eg ville ha gått glipp av heile programmet, om ikkje bror min hadde sagt ifrå.

Slutten minnar faktisk om ein scene i «The Two Towers». Men her er det ikkje orkane som døyr når entane øydelegg demninga og raserar alt, men maurane som døyr, når MacGyver øydelegg demninga og raserar alt. Kanskje Peter Jackson vart inspirert av denne MacGyver-episoden? Eller kanskje det var MacGyver som fekk ideen frå boka?

Gjeld

Eg har gjeld. Det er ikkje gøy. Skulle ønska nokon ville sletta den. Det burde ikkje vera naudsynt å gjera seg til gjeldsslave for å ha ein plass å bu.

Men eg har jo trass i alt råd til å betala avdraga mine. Det er det ikkje alle som har. Og difor er det gledeleg at Noreg, som ein av dei største kreditorane i verda, representert ved utviklingsminister Erik Solheim, vil sletta noko av gjelda.

Så ikkje kom her og sei at det ikkje hjelper at SV er i regjering. Det hjelper litt.

mandag, oktober 02, 2006

Snakk dialekt - Skriv nynorsk!

Eg likar ikkje Yoplait-reklamane. Dei fortel folk at romanse og drama ikkje fungerar på trønderdialekt, men er best på fransk.

Det er fullt mogleg at fransk yoghurt er betre enn norsk. Men at fransk språk skal vera betre enn norsk, er pisspreik!

"Æ kainn itj lev utn dæ, sjø", kan verta eit flott slagord for målfolk å bruka. Til dømes kan me seia det til sidemålet. Eller til kjærastane våre.

Vil DU ha sekstimarsdag?

Då har eg funne jobben for deg. Innvær trappefabrikk har nemleg funne ut at dei skal prøva kortare arbeidstid. Og dei treng fleire produksjonsmedarbeidarar.

Med den arbeidsmarknaden me har idag, trur eg ikkje det er vanskeleg for ei nevenyttig dama å få ein slik jobb. Og er du ein av kjernelesarane på vloggen, kan det òg tenkjast at du vil vera eit verdifullt tilskot til det lokale RV-laget (altså mitt). Så berre søk.

Ganske komisk eigentleg, at det er kapitalistane sjølv som må ta initiativ til sekstimarsdagen. Det var det nemleg i dette høvet. Det hadde nok ikkje Marx forventa. Skjønar ikkje SV og LO at dei no har ein gyllen sjanse til å pressa regjeringa si på dette spørsmålet? Det vil eg gjerne at SU- og SV-vloggarar (sherwe, Audun, zaga og alle dei andre) skal svara på.

onsdag, september 27, 2006

Ja til sitting

Vidar Kleppe meiner at det er ein menneskerett for små gutar å spruta piss utover heile dassen. Heldigvis tek Raud Ungdom til motmæle.

Er det pisserenna der ein skal lata vatnet, er det sjølvsagt greit å stå. Men å sitja på eit klosett, burde ikkje vera anna enn sjølvsagt. For det første er det slik at dei som må tørka opp urinen, oftast er kvinner. Og dei som ikkje har anna val enn å setja seg i det, er òg kvinner. Såpass respekt må me ha for det motsette kjønn.

Og som om ikkje det feministiske aspektet er nok, har det faktisk store føremonar for den einskilde gutalarv òg. Det har nemleg vist seg at det å sitja når ein tissar medfører at blæra vert tømt betre. Og då får ein mindre risiko for prostatakreft og slikt.

Sit ein sjølv?
Nei, eg må vel innrømma at eg gjer ikkje det, ikkje kvar gong. Men eg vaskar dassen min sjølv. Og eg er flink til å sikta.

tirsdag, september 26, 2006

RØDT VALG 07

(Orsakar riksmaalet, gidd ikkje å setja om)


Hordaland RV vil i 2007 satse stort på å stille lister i flest mulig kommuner, i den anledning inviterer vi herved til konferanse på Nordnes bydelshus i Bergen 30. september og 1. oktober. Programmet finner du her:
08.09.2006 10:08
Lørdag 30. september

11.00 - 11.15 Velkommen

11.15 - 11.30 Hva vil vi med listestillingskampanjen?
fylkessekretær Hilde Kalleklev

11.30 – 12.30 Betyr det noe at det sitter en RVer i kommunestyret?
Innledning ved Haakon Aase, kommunestyrerepresentant i Meland

12.30 -13.00 Lunsj

13.00 -15.00 Paneldebatt: Er vi aktivister eller politikere?
Det parlamentariske arbeidets rolle i det nye partiet.
For RV stiller Terje Kollbotn, mangeårig folkevalgt og nå ordførerkandidat i Odda, hvem som stiller for AKP, IS og Bfs er enda ikke klart.

15.00 – 15.15 fruktpause

15.15 – 16.00 Hva må til for å stille en liste
Listestillingssekretær Katarina Storalm går igjennom valgloven og vi har en idèmyldring på hvor det er viktig å stille liste, hvorfor og hvem.

16.00 – 18.00 Valgprogram 07
arbeidet med lokalevalgprogram må komme i gang, hva er viktige saker RV i Hordaland må fronte 07.
Gruppearbeid etter politiske tema som bolig og fattigdom, skolenedlegging og privatisering.


19.00 – utover middag, teater, sang og fest
Maria Malmsten og Einar Steinkopf skal syngja og spela.
Ta gjerne med gitar, trekkspill, diktbok eller bare deg selv. Vi håper mange vil bidra til at det blir en innholdsrik kveld.


Søndag 1. oktober

09.00 - 10.00 Frokost

10.00 - 10.45 Hva vil det si å stille til valg for det nye partiet
Innledning ved RV leder Torstein Dahle, debatt

11.00 – 11.45 Derfor bør alle RVs listetopper være kvinner.
Innledning ved Gudrun Kløve Juuhl, kvinnepolitisk ansvarlig i RV, debatt

12.00 – 13.00 Vi begynner arbeidet
hvem kjenner noen i aktuelle kommuner, hvor bør vi ha lister og hvem skal stå på dem. Hvordan får vi jobben gjort?

13.00 – 14.00 Lunsj og rydding


14.00 – 15.00 Nominasjon av fylkestingslisten (kun for RV medlemmer)
Har du innspill til nominasjonskom. send de til fylkessekretær Hilde på hilde@rv.no


Påmelding skjer til hilde@rv.no eller på tlf til kontoret: 55 31 64 21. Påmeldingsfrist mandag 25. september.
Deltakeravgift er kr 100,- pluss kr 100,- for de som skal ha middag lørdag kveld. Det vil bli gitt reisedekkning.

torsdag, september 21, 2006

Heim att

No kom eg heim. Har ikkje noko interessant å fortelja, men måtte vlogga eitt eller anna, så de kan sjå at Vloggen ikkje er nedlagt.

I går fann eg ei stripa av Kollektivet der Ronny sa noko på min dialekt, nemleg: "Sjå kor da bryr meg!" Dette skjedde i det siste nummeret av Larsons. No brukar eg stripa som bokmerke i Kapitalen.

torsdag, september 14, 2006

Wikipedia

Eg har utvikla wikipedia sin kunnskap om RV.

Marijke Berdahl
Liv Gulbrandsen
Gudrun Kløve Juuhl
Terje Kollbotn
Mimir Kristjansson
Bjørnar Moxnes
Marte Mjøs Persen
Eivind Volder Rutle

Ja, eg har laga ein masse bittesmå wiki-artiklar. No er det opp til lesarane av Vloggen å utvida dei.

onsdag, september 13, 2006

Moro

Eg har nett oppdaga eksistensen av Den komiske republikken.

På jobb i morgon

Eg tek til å verta alvorleg frisk. Men eg har fått slim i halsen.

fredag, september 08, 2006

Hanssen må gå!

Den ”raudgrøne” regjeringa vår kom til makta takka vera fagrørsla. No har dei vist fleire gonger at dei ikkje fortener denne støtta. Først gjekk Arbeids- og ekskluderingsminister Hanssen til åtak på streikeretten i vår. Og no, eit år etter valet, fann regjeringa ut at dei ville bryta ein avtale dei tidlegare har kritisert andre for å villa bryta.

RV var i si tid skeptisk til IA-avtalen sitt einsidige fokus på sjukefråveret. Det seier seg sjølv at ein får eit høgare sjukefråver dersom ein skal ta t.d. folk som har gått på uføretrygd inn i arbeidslivet. Og når det viser seg å slå til, så brukar Bjarne Håkon Hanssen det som eit argument for å bryta IA-avtalen.

Det som må gjerast for å få ned sjukefråveret, er å slutta å driva rovdrift på norske arbeidarar. Dette gjeld kanskje særleg i kommunesektoren, som slit med dårleg økonomi og ikkje har råd til vikarar. Der har Åslaug Haga ein jobb å gjera når ho vert frisk. Men det gjeld også privat sektor, der aukande krav til effektivitet og fleksibilitet fører til ein stadig meir stressande kvardag på jobb for svært mange.

Det siste krumspringet til Hanssen vil føra til at folk som det har vore ein målsetnad å bruka til noko fornuftig, og som sjølve er interessert i å gjera nytta for seg, på ny vert pressa ut i arbeidsløysa og inn på uførepensjon eller sosialkontoret og verta ei byrda for samfunnet, i staden for ein ressurs.

Kanskje det var like greit å ikkje ha ei fleirtalsregjering? For det ser jo ut til at dei fleste politikarar er dummare i posisjon enn dei er i opposisjon. Men den førre regjeringa klarte då i det minste å lata som om dei brydde seg om kva folket meinte.

Og kanskje LO burde sjå etter andre samarbeidspartnarar i framtida?

Kjetil Grønås, leiar i Stord RV


Takk til Marit for språkleg småpirk på formulering.

Pendling

I går skulle eg ha reist til Aukra att. Men eg vakna med feber og masse smerter. Så eg ringte sjefen rett etter at eg vakna og me vart samde om at det var lite vits i å reisa opp då. Faktisk vart eg så dårleg utover dagen at eg ikkje eingong klarte å vlogga det, eller å innta særleg mykje næring. Eller å i det heile gjera noko anna enn å liggja (og sjølv det var vondt) på sofaen og glo på TV2 (eg orka ikkje å skifta kanal i reklamepausane ein gong). Utover dagen kom feberen opp i 40. I dag er eg ikkje like dårleg, men framleis alt for dårleg til å gå på jobb. Så eg tenkte det var like greit å utsetja det til over helga, når det neste charterflyet går. No var det rett nok ikkje plass på det flyet, men eg kjem meg iallfall av garde. Med kjempedyr SAS-billett.

Så fekk eg ei tekstmelding med flytider og slikt. Og oppdaga at eg skal reisa den ellevte september, nasjonaldagen i Catalonia! Det er jo ganske spesielt...

Oppdatering kl 20.00:
Eg har vore på legevakta. Eg tenkte eg måtte ha ei sjukmelding, så eg slepp å ta ei fire dagar lang eigenmelding.

Men doktor Yosef, han arabar-svensken som nesten alltid er på legevakta, fann ut at eg nok hadde ein bakterieinfeksjon, eg hadde nemleg ein CRP på 57. Han trudde det var bronkitt. Iallfall skreiv han det i sjukmeldinga. Eg trur han tok feil. Så skreiv han ut antibiotika til meg og skreiv sjukmelding fram til tysdag. Då når eg jo ikkje flyet mitt! Så eg får ikkje fyka 11/9 likevel. Min store draum fall i grus!

Sjefen min synest det var bra at eg sa ifrå.

tirsdag, september 05, 2006

Fysisk fostring

Eg har trent idag. Ja, det er sant! For første gong på to og eit halvt år, har eg teke på meg ein kampsportdrakt og slått laus på andre menneske. Og det var godt. Heldigvis tok Ragnhid det litt roleg med oss nybyrjarar første gongen.

Kampsporten eg har trent heiter visst karate jitsu, og er truleg ein slags blanding av karate og ju jutsu. Og alt mogleg anna. Så det kan visa seg å vera interessant. Eg må vurdera å ta opp judoen att og, det er jo berre der eg har passert nybyrjarnivå. Men eg treng nok litt tid. Det tok jaggu lang nok tid å manna meg opp til å trena i det heile.

La damefotballen blomstra!

Marte har skrive ei kul pressemelding idag. Men Vikalappen gidd jo aldri å trykkja pressemeldingane frå RV, så eg hjalp Marte med å skriva meldinga om til eit lesarbrev. Det skal og nemnast at det internt i RV no går føre seg ein debatt om pressemeldinga burde ha vore meir seriøs og konstruktiv. Eg meiner at pressemeldinga er kjempebra slik ho er. Det er kjekt å setja ting på spissen, og hovudpoenget har Marte fint klart å få fram, sjølv om ho kjem med eit forslag som vil vera uaktuelt å vedta. Men mitt syn på saka kan jo ha noko å gjera med at eg ikkje synest fotball er særleg viktig eller spanande å sjå på, uavhengig av kjønnet til utøvarane.


Flytt gutta til Bislett

Er grasdekket på Ullevål så dårleg at dei ikkje toler at damene spelar cupfinale der, så burde heller ikkje herrane spela på Ullevål. RV støttar kvinnefotballaga sin boikott av trekninga.

Me reagerar skarpt på at Fotballforbundet flyttar cupfinalen for kvinner til Bislett, mens herrane sin cupfinale framleis skal spelast på Ullevål. Det er typisk at herreidretten vert prioritert føre kvinnene. Det finst eit ord for slikt: Diskriminering.

Det trengst ei feministisk oppvakning i idretts-Noreg. Både denne saka og diskrimineringa av Anette Sagen og dei andre kvinnelege skihopparane viser at det ligg mykje gammaldags mannssjåvinisme i ein del idrettskretsar. Det er på tide at toppfolka i idrettsorganisasjonane skjønar at kvinner sine idrettsprestasjonar er like viktige som menn sine. Eg er grundig lei av at "kvinnefotball" framleis er eit skjellsord.

Marte Mjøs Persen
Nestleiar i Raud Valallianse

mandag, september 04, 2006

Starten på valkampen

No er det på tide å tenkja på valkamp. I dag har eg planlagt eit møte for Stord RV (det første på altfor lenge), fordelt oppgåvene ved skriving av kultur- og industriprogram og sjølv skrive det første svake utkastet til valprogrammet sin kommuneøkonomi-del (ein grei del å laga, me kan jo berre bruka Torstein som konsulent) og lokaldemokrati-del (veit ikkje om me vil ha ein slik, i så fall bør han nok ikkje bera fullt så mykje preg av syting). Det vanskelege vil verta å skriva noko konkret om viktige politiske saker og område me ikkje veit noko om...

Eg skal leggja alt ut på Vloggen etterkvart som det vert ferdig. Og om me får laga eit lokalprogram me kan vera stolte av (det har Stord RV nemleg aldri hatt før, så vidt eg veit), skal du ikkje sjå heilt vekk ifrå at eg (eller nokon andre, Karlsen kanskje) kan hamna i kommunestyret neste år.

Og i månadsskiftet er det listestillingskonferanse i Bergen. Alle må melda seg på! (Iallfall dei som bur i Hordaland og har tenkt å røysta på RV.)

Visdomsord II

"Den tidligere pengeeier går i spissen som kapitalist, arbeidskrafteieren følger etter som hans arbeider; den ene betydningsfullt smilende og oppsatt på forretninger; den andre sky, motstrebende, som en som har solgt sitt eget skinn og nå ikke har noe annet i vente enn garveriet."
Karl Marx i Kapitalen

mandag, august 21, 2006

Heia strukturutvalet!

Strukturutvalet (genialt namn på eit utval forresten) har føreslått ein ny fiskeripolitikk. I samband med det har dei eit forslag om at kvoter som alt er kjøpte, skal attende til staten etter 15 år. Og dei meiner at denne lova skal ha tilbakeverkande kraft. Fiskaren har ei spørjegransking her som du kan gå inn og røysta ja på.

I praksis er jo dette eit brot på den private eigedomsretten. Det vert spanande å sjå om "sosialist"-regjeringa vår vågar å gå inn for dette.

søndag, august 20, 2006

Blogspot og Vloggen

Eg har fått meg ein sånn statcounter-konto (heiter det konto?) for ei stund sidan. Eg vart inspirert av m.a. Brage.

No har jo eg (førebels) ein litt marginalt mindre populær vlogg enn Brage. Men det er faktisk litt utruleg at ein heil liten gjeng med folk, både i Noreg og i utlandet, har søkt etter kråkevisa med ulike søkeord, og kome fram til kråkevisa-posten min. Eg veit jo at det ikkje er lett å finna denne songteksten på nettet, det fann eg ut sjølv då eg leitte etter han. Men kva i alle dagar treng særleg mange personar den teksten til..? Faktisk er det berre denne posten og Valland-innlegget folk har funne fram til vha. søking. Men det kunne jo ha vore verre, eg har jo lirt ut or meg meir usaklege ting enn desse.

Ein annan ting eg har lagt merke til, er den store mengda av strikkevloggar på Blogspot. Eg har nemleg trykt på Next Blog-knappen eit par gonger, og klarar ikkje å unngå å enda opp på vloggar om folk som strikkar. Sjå berre her:
Ei som strikkar sokkar og vloggar lite
Ei som har flytta vloggen sin, men sikkert held fram med å strikka
Nok ein strikkande vloggar
Norsk strikkevlogg
Strikkeavhengig engel
Her strikkast det meste, rikt illustrert
Dansk strikketanta
Sjølv musikk freistar ein å strikka
Strikkande dragedrepar

Og her er ein sy-vlogg

Okkupant og okkupert

Håvard Gjerde, som er leiar i Hordaland RV, er ingen liten tosk akkurat. Han har faktisk skrive ein ganske bra artikkel om Israel.

Og, sleip som eg er, stel eg artikkelen hans, sender han til avisa og latar som om han er min. Så no har eg sendt han til Bømlo-Nytt, Haugesunds Møkkaavis og både papir- og nettutgåva til Blekka Sunnhordland. Så får eg masse lokal åtgaum nesten utan å gjera noko.

onsdag, august 16, 2006

Gøy på landet

Ein dag tok eg med meg ei majonesflaska (altså ikkje ein god gamaldags tube, men ein av desse nymotens innpakningane) i nistepakken min. Seinare fann eg ut at denne var gått ut på dato, så i dag hadde eg med meg slike små posar att.

Så i ettermiddagspausen i dag fann eg ut at me skulle sjekka kor langt eg (og ev. dei andre, me kunne jo ha ein konkurranse.) kunne skyta majonesen ved å trakka (hoppa) på flaska. Det er jo velkjent at dette er ein suksess med dei gode gamle tubane, og ikkje minst ketsjupflasker. Me vurderte og å skyta ut gjennom døra på dei andre (dei et i matsalen, me et ein annan stad) når dei kom att etter pausen, men slo det frå oss. Heldigvis.

Som sagt så gjort. Etter pausen la eg majonesen godt til rette og sjekka at ingen var i skotlinja. Dei andre sto bak meg. Ein av dei var basen vår, ein jovial finne som bur i Sverige og er tilsett i Skarveland (Lat oss kalla han Pivolainen (Han heiter ikkje det, men det høyrest ut som det ultimate finnenamnet, og det rimar (sjølvsagt) på hans eigentlege namn)). Så hoppa eg. Og kva anna skjedde, enn at flaska sa "poff", botnen opna seg og majonesen fauk av garde feil veg. Og mesteparten la seg over Pivolainen. Han hadde majones bak øyro, på hjelmen, på kjeledressen frå topp til tå, på genseren, på brillene og ein god klatt i ansiktet. Eg fekk litt på skoen og buksa. Han stinkar sikkert majones enno.

Hadde det vore mogleg å le seg i hel, ville eg ikkje ha skrive dette. Heldigvis har Pivolainen sans for humor, så han tok det med eit smil. Han sa ikkje eingong perkele eller vittu.

Dei få dropane som gjekk rett veg, fauk forresten ganske langt. Men eg målte ikkje. Avstanden slutta brått å vera hovudsaka.

Og i morgon skal eg heim. Juhuuu.

søndag, august 13, 2006

Meir Aker-engelsk

"If everyone clean up after them self and follows the rules it will be more likely to use the dining room."

fredag, august 11, 2006

Onde Høire vil at homser skal gifta seg.

Fann ein gamal VG-artikkel med Vesle-Torbjørn i hovudrolla (Trudde først det var ein ny artikkel, hadde eg visst at han var to månader gamal hadde eg ikkje vlogga om han. Men når eg først har funne noko å vlogga om, kan eg like godt halda fram, vloggposten er jo snart ferdig i alle høve, iallfall om eg avsluttar denne parentesen (som alt er vorten ganske lang) snart).

Det var då eg spurde meg sjølv: Kva i alle dagar er ei kjærleiksnøytral ekteskapslov?? Vil Tobben legalisera pro forma-ekteskap..?

tirsdag, august 08, 2006

Har nokon ei ordbok til låns?

Oppslag på vegg:
"It's not permitted to use the eating rigs as wardrobes."

Eg har ikkje sett ein einaste rigg som et. Og eg kjenner ingen som heiter It. Så dette oppslaget var bortkasta på meg.

Men det var verre i Hammerfest. Der sto det "Steal" på kontaineren me skulle hiva stålkapp i...

mandag, august 07, 2006

Ikkje alle taklar å vera i tet

Hadde eg vore særleg interessert i fotball, ville eg nok ha dissa Brann i Vloggen. Men eg er ikkje særleg interessert i fotball.

søndag, august 06, 2006

Israel

Eg har ikkje gidda å skriva om Israel sine siste herjingar i vloggen min enno. Denne staten sine handlingar talar stort sett for seg sjølv. Men Christian lenka til ein bra kronikk i dag, og den legg eg ut her og.

Guds utvalgte folk

ISRAEL ER HISTORIE. Vi anerkjenner ikke lenger staten Israel. Det er ingen vei tilbake. Staten Israel har voldtatt verdens anerkjennelse og får ikke fred før den legger ned sine våpen. Staten Israel i sin nåværende form er historie, skriver Jostein Gaarder.


Kanskje eg eigentleg burde ha leita etter noko anna lurt å lenka til (det finnest sikkert Israel-kritiske nynorskforfattarar og, til dømes), sidan han alt har lenka til denne. Men no skal eg eta middag.

Positiv-lista

Eg fann ein positiv ting til, så no skal eg skriva:

Den ultimate lista over alt som er positivt på Nyhamna
  • Betre mat enn i Hammerfest.
  • Bra trådlaust nett, slik at eg kan helsa på omverda.
  • Lite stress og kav og mas.
  • Kurante /adekvate kollegaer og formenn.
  • Folk skriv på nynorsk her. Det gjeld både urinnvånarane og folk som berre jobbar her.

lørdag, august 05, 2006

Meir negativt

Sidan eg skreiv lista mi har det dukka opp (eller eg har kome på i etterkant) fleire negative ting. No skriv eg den gamle lista opp att, føyer til dei nye, så skal eg oppdatera lista når eg ser noko som er dårleg.

For ordens skuld: Skulle det dukka opp noko positivt, skal eg skriva ny lista om det og.

Den ultimate lista over alt som er negativt på Nyhamna
  • Skodda og skyer.
  • Få kjende fjes.
  • Det er fint ver alle andre stader, så omverda er ikkje på nett så eg kan helsa på dei.
  • Termosen var dårleg på dette prosjektet òg.
  • Ekstremt store avstandar.
  • Kjipe og lite utfordrande arbeidsdagar.
  • Det går ikkje bussar til Molde i helgene lenger.
  • Aukra kommune er ein liten fillekommune.
  • Middagen er ferdig alt kl 2000.
  • Laurdagsmiddag er akkurat som alle andre middagar.
  • Ein får ikkje tak i kaffi på jobb om ein ikkje har kontorplass, men må nøya seg med tidlegare nemnde termos (og då har ein berre kaffi til rett etter ni-pausen).
  • Kiosken har ikkje den tannkremen eg normalt brukar, så eg kjøpte ein som skumma noko så innforhelsikejæklig.
  • Dusjen har berre nok varmt vatn til ein liten femminuttar.
Oppdatering 7. aug:
  • Når eg dreg kortet for å koma inn i kantina, må eg venta til det sluttar å blinka etter den som gjekk inn før meg (elles vil ikkje den portdriten opna seg og eg må gå til den andre inngongen). Så då vert det kø utanfor, i tillegg til den køen som går fram til maten.
  • Svenskar som syt og klagar.

Reisebrev frå Aukra

No har eg vore på Aukra i to dagar. I dag har eg jamvel jobba! Eg og ein automatikar frå Stavanger som ikkje kan bøya røyr, har lagt røyr.

Sidan lister ser ut til å vera i vinden, lagar eg eit par lister i staden for å fortelja.

Positivt på Aukra:
-Betre mat enn i Hammerfest.
-Bra trådlaust nett, slik at eg kan helsa på omverda
-Lite stress og kav og mas
-Kurante /adekvate kollegaer og formenn

Negativt på Aukra:
-Skodda og skyer
-Få kjende fjes
-Det er fint ver alle andre stader, så omverda er ikkje på nett så eg kan helsa på dei
-Termosen var dårleg på dette prosjektet og
-Ekstremt store avstandar
-Kjipe og lite utfordrande arbeidsdagar
-Det går ikkje bussar til Molde i helgene lenger
-Aukra kommune er ein liten fillekommune

Alt i alt er det lite interessant her, og eg ser fram til å koma heim.

Sidan eg ikkje i utgangspunktet har noko særleg å vlogga om, set eg pris på om folk legg inn kommentarar, så ikkje vloggen døyr heilt ut medan eg visnar her oppe.

onsdag, august 02, 2006

Men når skal arbeidarklassen få sin del av kaka?

Dei rikaste og mektigaste slepp unna med ein gjennomsnittleg skatteprosent på 1,7, på pengane dei har tent på andre sitt arbeid. Medan gjeldsslavar som meg må betala toppskatt på 50%... Det er så gale at det får sjølv økonomiprofessorar til å murra.

"Men dei treng jo litt meir inntekter fordi dei er snille og skapar arbeidsplassar". Yeah, right (eller "ja, Høgre", som me seier på norsk).

tirsdag, august 01, 2006

Castro er sjuk


VG skriv om Fidel Castro sin operasjon

Brått var Fidel så sjuk at han måtte gje frå seg makta i går. Og, av alle rare ting, fekk eg veta det på engelsk wikipedia. Der er dei jaggu raske med å oppdatera!

Er overklasseguten som vart revolusjonshelt og verdas mest populære livstidsdiktator, i ferd med å døy? Og kva kjem då til å skje med Cuba, den siste sosialismens utpost (neida, kødda, men dei er i det minste ein av få statar som vågar å tala USA-imperialismen midt imot)? Kan veslebror ta over jobben, utan å verta mindre populær enn Fidel var? Han er jo mindre karismatisk og mindre profilert, så då må han vel gjera ein betre jobb for å oppnå dette.

Og kva synest den jamne cubanar EIGENTLEG om saka? Vredens Gnag ser ut til å meina at dei feirar. Men spørsmålet er jo ikkje kva cubanske politiske "flyktningar" meiner, men kva mannen i gata i Havana (eller på jordet i Guantánamo) meiner.

mandag, juli 31, 2006

Vombavelta

Eg og bror min har lurt ein del på kva ordet "vombavelta" eigentleg er, eller om det i det heile er eit ord.

Eg trur det er det same som "vombiskinn", som ser ut til å vera ein sjukdom smaler kan få.

Har du høyrt desse orda, eller noko som liknar, legg att ein kommentar!

Om duste-Valland

Eg har visst skapt bittelitt debatt på Vikalappen sitt debattforum. Så langt er me oppe i sju innlegg.

Hehe. Dritforum.

Heim att

Litt godt å koma heim frå ferie (har forresten hatt det fett der nede).

Men me fekk ikkje plass på ferja frå Mortavika (det fekk mamma og heldigvis hadde dei alle ungane med seg i sin bil). Og når eg kom heim var straumen gått. Så eg har vaska fryseboks i dag (eg hadde tenkt å bruka grønsåpa, men så spurde eg mamma og kom på betre tankar). Og no trøblar eksen med samværet. Og i går byrja det å regna, etter at det har vore kjempever her heime heile tida medan me har vore vekke.

Men bortsett frå det, så er det greit å koma heim att. Og i går kveld smakte me på den danske spriten eg hadde med meg heim. Den var god. Og no skal eg eta pitsa.

søndag, juli 16, 2006

Ferie

No tek Vloggen ferie. Ja, eg veit at det ser ut som om ferien har starta alt. Men det er jo ikkje så mykje å vlogga om midt i agurktida. Særleg ikkje når eg ikkje eingong har vore på sumarleiren.

Men no skal me iallfall reisa til Danmark saman med bror min. Og etterpå skal eg vera heime i nesten ei veka før eg skal til AukraOrmen.

onsdag, juli 12, 2006

Kebab Schmebab

Elektrikarlærlingen frå Grov hadde rett; det ER noko muffens med kebaben på Heiane. Heldigvis kom eg heim i greven si tid.

Rart at så god kebab kan føra til så dårleg mage...

Etter at eg hadde vore på kebaben og vorte matforgifta, gjekk eg på Lidl og kjøpte meg telt. Har lenge tenkt at eg måtte ha meg eit nytt telt, det gamle var jo berre plass til to i (sjølv om det var eit "tremannstelt"). Og no baud sjansen seg for ein billeg peng. Håpar berre at eg fekk mykje telt (i tydinga mange overnattingar) for den billege pengen...

tirsdag, juli 11, 2006

Tuva og meg


Men å leggja bilete inn i profilen, det klarar eg ikkje før eg lærer meg å gjera bilete mindre. Og det gidd eg ikkje.

Reklame

Brått fann eg ut at eg skulle reklamera litt. Eg fekk nemleg ei avis for eit par dagar sidan, som eg tykkjer er bra.

Partiet AKP gjev nemleg ut ei avis, som dei kallar for akp.no. Den finn du, merkeleg nok, ikkje når du går inn på akp.no, men derimot på www.akp.no/avis/. Interessant...

Men iallfall. I denne avisa si skriv AKP om mange saker ein ikkje les så mykje om i andre aviser. Denne siste utgåva inneheld mykje om Afghanistan, både om flyktningane her oppe og om situasjonen "der nede", og om tariffoppgjera. Men dei skriv òg om arbeidsløysa, Hamas, Nepal og om Jo frå Raud Ungdom. Og på siste sida er det litt eigenreklame. Men det gjer ingenting, AKP gjev ut andre interessante ting og dei, m.a. tidsskriftet Rødt (Det er dansk for raudt) og ei bok i ny og ne.

Og sist, men ikkje minst: Avisa er gratis! (Om du ser vekk frå pengegåvene ein sender til dei eit par gonger i året for å ikkje få dårleg samvit.) Så berre abonner!

torsdag, juli 06, 2006

Duste-Høgremann

Lenge sidan eg har vlogga no... Det har vore altfor fint ver. Men no hadde eg ikkje noko val. Ein frå Stord Høgre har nemleg skrive eit lesarbrev eg måtte svara på. I det siste har nemleg mange (inkludert meg) skrive lesarbrev til Sunnhordland om den dårlege kommuneøkonomien, om damene som må klyppa plenen med kjøkensaks utanfor omsorgsbustadene sine og om dustekonsulentane i Agenda. Høgre sitt svar på alt som er gale i kommunen, er sjølvsagt at her må det sparast! Så då har eg skrive eit (langt) lesarbrev som eg limer inn her. Vonleg kjem det på trykk på måndag.

I natt skal Tuva sova utan bleia for første gong. Spanande!



Her er lesarbrevet mitt:

Kommunen er vanstyrt – Høgre vil skjera ned meir!

Kristoffer Valland frå Høgre har lagt merke til lesarinnlegg om kommuneøkonomien og styringa av dei offentlege tenestene, og då tenkte han at han skulle slå politisk mynt på dei. Eg er ikkje så sikker på at dei som har klaga på nedskjeringar og kommunalt vanstyre er nøgde med at Valland tek dei til inntekt for Høgre sin politiske ideologi.

Det største problemet er vel ikkje det noverande kommunestyrefleirtalet ikkje inneheld Høgre. Problemet er at me har lokale folkevalde (frå dei fleste parti) som vegrar seg frå å styra noko som helst, som ikkje vil leggja press på sine eigne parti i regjering og som let rådmann og konsulentar avgjera korleis kommunen skal styrast.

Valland meiner at kommunen vert driven for dyrt. Det kan godt vera. Men då må du vera konkret, Valland. Kor er det kommunane, heilt konkret, skal spara? Kommunen skal reduserast med 50 årsverk, seier du. Men t.d. omsorgssektoren, som Agenda vil skvisa enno meir, slit alt med at dei har for LITE folk. Korleis meiner Valland og Høgre at dei skal løysa slike problem ved å seia opp ein bråte med folk? Kvifor kan ikkje Valland, som sit i kommunestyret og har all informasjon tilgjengeleg, fortelja oss kva for stillingar det er han vil fjerna, kva for funksjonar me ikkje treng?

Årsaka til underskotet i Stord kommune er ”sjølvsagt for store driftskostnader”, påstår Valland. Kvifor er dette sjølvsagt? Eg meiner at det tvert imot er statleg skvising av kommuneøkonomien som er årsaka til at ikkje berre Stord, men kommunesektoren landet rundt, slit med akkumulerte underskot, gjeldsproblem og manglande vedlikehald. Og dette kan dokumenterast. År for år tek kommunesektoren ein mindre del av den kaka som me kallar brutto nasjonalprodukt. Og Høgreleiar Erna Solberg har dei siste åra stått i spissen for denne seigpininga.

Er det nødvendig at Stord kommune har den beste vevsida i landet? Kanskje ikkje. Men eg trur det er ein stor fordel for brukarane av kommunale tenester, altså dei fleste av oss som bur i kommunen. Det er og mange andre ting det sikkert ikkje er ”nødvendig” å vera gode på, men likevel verdifullt.

Valland vil og skilja ut diverse eigedommar og drift av desse, frå kommunen til private og kommunale selskap som skal laga butikk utav dei. Er dette fordi Høgre meiner det er for lite byråkrati i Stord kommune? For aukande byråkrati er jo ikkje til å unngå når me skal ha ein masse selskap som skal sitja og selja og kjøpa tenester av einannan.

Konkurranseutsetjing er eit mantra frå høgresida. Her og er det slik at kjøping og seljing av tenester vil føra til eit dobbelt så stort byråkrati. For nokon må jo sitja og rekna på tilbod, skriva kontraktar osb. Så Høgre har tenkt å seia opp dei som idag jobbar i kommunen, og tilsetja ein gjeng økonomar og juristar i staden. Det fleire og fleire ser, i dei kommunane der ein har hatt konkurranseutsetjing i stor skala, er at når nokon skal tena pengar på kommunale tenester, i tillegg til at kommunen skal betala mindre for det same arbeidet, må tenestene verta dyrare og dårlegare og dei tilsette må få dårlegare vilkår. Ein treng ikkje eingong vera økonom for å skjøna det.

Konkrete forslag til korleis noko skal gjerast billegare, har faktisk ikkje Valland, bortsett frå forslaget om dårlegare nettenester. Når du ikkje har eit reelt alternativ som andre kan ta stilling til, men berre generell svada om at organiseringa av kommunen må endrast, synest eg det er drygt å snakka om at dei andre partia vanstyrer kommunen.

Ikkje skyt på konsulentane, for dei gjer ein jobb, seier Valland. Ja, dei gjer ein jobb. Ein dårleg ein, etter mi meining. Eg har lese eit par av desse ”rapportane” til Agenda. Og eg ser ingen grunn til å la seg imponera av dei. Hadde eg gjort så lite og dårleg arbeid og krevd 250 000 kr for det, ville eg ha vore flau. Men lokalpolitikarane nikkar og smiler og trur at dei ikkje har noko anna val enn å gjera som konsulentane seier. Likevel skal det seiast til Agenda sitt forsvar, at dei er i det minste meir konkrete enn Kristoffer Valland når dei skal forklara kor kommunen skal spara…

Me har nabokommunar som er styrte av m.a. Høgre. Dei har ikkje god økonomi dei heller. Det er ikkje for store utgifter og for mange tilsette som er problemet. Det store problemet er staten si styrte avvikling av kommunesektoren, som alle stortingsparti etterkvart er like ivrige på å delta i.

Kjetil Grønås
Stord RV

søndag, juli 02, 2006

Trygt...

Soldatar drepne

Og framleis meiner Pølse-Hanssen at det er trygt i Afghanistan.

Men det eg eigentleg reagerar mest på (det er jo ikkje overraskande at folk døyr i krig), er at overskrifta berre fortel at to britiske soldatar vart drepne (det er jo liksom litt av jobben til ein soldat), men ingenting om at ein afghansk tolk og døydde. Kvifor er det meir spesielt at to soldatar døyr i eit granatåtak, enn at ein tolk døyr i eit granatåtak?

Kan det vera fordi soldatane var frå Europa, medan tolken var frå Asia?

torsdag, juni 29, 2006

Kråkevisa

Og mannen han gjekk seg i veda skog,
hei fara i veda skog.
Då sat der ei kråka i lunden og gol.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Mannen han tenkte med sjølve seg;
hei fara med sjølve seg
Skal tru no den kråka vil drepa meg?
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Og mannen han snudde om hesten sin
hei fara om hesten sin
så køyrde han heim att til garden igjen.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Å høyr, du min mann, kva eg spøre deg:
hei fara eg spøre deg
"Kvar vart det av veden du køyrde til meg?"
Hei fara. Faltu riltu raltura.

"Eg køyrde no slett ingen ved til deg,
hei fara ingen ved til deg
for kråka ho svor ho sku drepa meg."
Hei fara. Faltu riltu raltura.

"Å no har eg aldri høyrt større skam!
hei fara høyrt større skam
Har du høyrt at ei kråke har drepe ein mann?"
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Men kråka kom etter på taket og gol,
hei fara på taket og gol
og mannen hen opp gjennom ljoren for.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Og mannen han spente sin boge for kne,
hei fara sin boge for kne
så skaut han den kråka, så ho datt ned.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Så spente han føre dei folane ti;
hei fara dei folane ti
men kråka ho sprengde alle di.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Så spente han føre dei folane tolv,
hei fara dei folane tolv
så køyrde han kråka på låvegolv.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Så flådde han kråka og lema ho sund,
hei fara og lema ho sund
ho vog innpå seksten og tjue pund.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Av skinnet så gjorde han tolv par skor,
hei fara han tolv par skor
det beste paret det gav han til mor.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Og kjøtet han salta i tunner og fat,
hei fara i tunner og fat
og tunga han hadde til julemat.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Av tarmane gjorde han tolv par reip,
hei fara han tolv par reip
og klørne han brukte til møka-greip.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Og nebben han brukte til kyrkje-båt,
hei fara til kyrkje-båt
som folk kunne sigla på frå og åt.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Og munnen han brukte te mala korn,
hei fara te mala korn
og øyro han gjorde til tutar-horn.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Av augo så gjorde han stoveglas
hei fara han stoveglas
og nakken han sette på kyrkja til stas.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Og den som kje kråka han nytta så,
hei fara han nytta så
han er ikkje verd ei kråka å få.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

tirsdag, juni 27, 2006

Vestlandet Kollektivtrafikk AS

Gaia og HSD skal slå seg saman. Dette er ei sak eg ikkje har sett meg mykje inn i (det burde eg ha gjort). Men eg har fått med meg at RV i Bergen etter mykje om og men gjekk inn for denne fusjonen i bystyret (Bergen kommune eig litt av Gaia). Dei tillitsvalde i Gaia er og for at selskapa skal slåast saman. I tillegg har eg fått med meg at Folke Hermansen, ein "investor" (noko som mange, mellom andre Frp, kallar "ein som skapar arbeidsplassar") frå Stavanger, som alt eig Stavangerske og ein god kjønk av HSD, har lyst til å skaffa seg kontroll over dette nye selskapet.

Problemet her er at Folke Hermansen vil kunna få STØRRE kontroll over det nye digre selskapet, enn han idag har over HSD, då HSD idag har ein vedtektsparagraf som set grenser for hans makt over selskapet. Ein slik paragraf vil ikkje vidareførast, og heile kollektivtrafikk-sektoren på Vestlandet vil kunna leggjast i hendene på ein einaste kapitalist, etterkvart som kommunar og andre aksjonærar ser seg betre tent med å selja aksjepostane til Hermansen (for ingen andre storkapitalistar vil leggja kapitalen sin inn i eit selskap som er så dominert av han). Eit stort mindretal i Bergen bystyre vil jo selja det i utgangspunktet, så det kjem nok ikkje til å ta mange år før ein pressa kommuneøkonomi tvingar gjennom slike sal, både der og i andre kommunar.

Vil dette vera eit problem for kundane? Sannsynlegvis ikkje. Fargane på bussane vil kanskje endra seg litt. Kanskje ein jamvel dreg fordeler av ein fusjon, ved at bussane i Sunnhordland vil korrespondera betre med dei i Bergen og omegn. Men ein fusjon vil føra kontrollen over kollektivtransporten i Hordaland ut av lokalsamfunna. Etter kvart vil hovudkontor og administrasjon flytta til Stavanger, langt vekk frå både dei tilsette, brukarane ("kundane") og lokalpolitikarane.

Sentralisering av makt på denne måten er eg generelt kritisk til. Det skapar større avstand mellom folket og makta. Og me har sett det mange andre stader (rett nok i andre bransjar) at når store, viktige og produktive verksemder vert lagde ned og mange folk samstundes misser arbeidsinntekta si i det same lokalsamfunnet, er det ein fellesnemnar at verksemdene har eigarar og direktørar som held til langt vekke.

Og dette har altså Bergen RV gått inn for, for å hindra sal av Gaia og for å tekkjast dei tilsette i Gaia. Eg skjemst over at eg ikkje har engasjert meg sterkare mot denne fusjonen. Eg vil rå alle aksjonærar i HSD (og Gaia) til å seia nei til fusjonen. Dette kan ikkje vera bra for småaksjonærar, lokalsamfunn, lokaldemokrati og omsynet til ei framtid der kollektivtransport erstattar privatbilismen. Dei einaste som vil ha denne fusjonen er superkapitalisten Folke Hermansen og dei han har plukka ut til å forvalta kapitalen hans i HSD.

Kampen mot sal av Gaia får me ta seinare. Eg trur i alle høve at kontrollen over Gaia kjem til å fjernast frå dei folkevalde i Bergen og andre kommunar, med den løysinga som no er vald.

Rart at ikkje Konkurransetilsynet snart tek litt ansvar i denne saka i grunnen. Dei har jo truga med å leggja ned kystbussen grunna manglande konkurranse...

NRK skriv om fusjonen:

  • Tilsette i Gaia vil ha fusjon

  • Fleirtal for fusjon

  • Brukarar og politikarar ynskjer ikkje fusjon

  • Dyrare tilbod
  • mandag, juni 26, 2006

    Visdomsord

    "Lerretets verdieksistens fremtrer i dets likhet med jakken, slik den kristnes sauenatur fremtrer i dens likhet med Guds lam (...) For å fortelle at dets sublime verdieksistens er forskjellig fra dets stive, lerretsaktige fremtoning, forteller det at verdi ser ut som en jakke og at det selv derfor i egenskap av verdi-ting ligner på jakken som et egg ligner på et annet."
    Karl Marx i Kapitalen

    søndag, juni 25, 2006

    Bala du me teine?

    Denne karen balte med teiner:
    Mann drukna
    Kvifor dei to kameratane skulle dra teinene sine om kvelden, seier artikkelen ingenting om, noko som vitnar om ein artikkelforfattar som har lite erfaring med det å bala med teiner.

    Eg har lært Tuva å spørja folk kva dei balar med. Det er jo ikkje så lett for ein toåring å skjøna kva eit slikt omgrep går ut på. Og når me legg til dette med teiner, seier det seg sjølv at det vert litt rotete oppe i hovudet til eit lite barn som ikkje anar kva ei teina er. Ein samtale ho hadde med mor mi, føregjekk slik:
    T: -Pappa bala!
    M: -Ka bala han me då?
    T: -Bala me teene!

    Og det første ho spurde bror min om då han kom heim i helga, var kva han balte med. Eg er stolt.

    Sumar!

    I dag har det vore sol!!

    Tuva pitla blomar til meg idag. Og to strå. Søte ungen min. No står dei på stovebordet i eit shotglas med vatn. Og endå skulle eg hatt ein mindre vase.

    Og mor hennar trur at ho framleis kan gå i beibiskoa frå i fjor, som er omlag 1,5 nr for små. Så eg lot Tuva ha med seg blinkeskoa. Håpar mora ikkje "gløymer" dei neste gong ho skal hit. Vert so irriteeeeeert! Men det er slikt ein har lært å bita i seg og fortelja nokon andre om når ein kjem heim att...

    lørdag, juni 24, 2006

    Jobbajobbajobba

    I dag har eg jobba. Sambuaren til mamma driv og lagar drenering og skal ommøblera plenen. Så eg og bror min har hjulpe han med det, medan mamma og syster mi har laga mat, jobba i hagen og passa jentungen min. Ganske kjønnsdelt m.a.o. Eg ymta frampå om at kanskje mamma skulle ta sin tørn ved gravemaskinen, men det er det jo ingen som tek seriøst eingong. Og Tuva er redd for å få mold på fingrane. Hrmf.

    Men så fekk eg taco og øl. Då er jo dagen redda. Og det må jo seiast at det er fantastisk å gjera dugnadsarbeid med folk som ikkje må avbryta arbeidet grunna VM i fotball. Dessutan er vel kroppsarbeid bra for karakteren eller noko.

    torsdag, juni 22, 2006

    Nye sko

    I staden for å gjera noko politisk idag, har eg støtta storkapitalen si utnytting av små asiatiske skomakarar. Jaja, kanskje eg lyg no, eg har ikkje sjekka kor dei er laga, men eg reknar ikkje med at eg tek heilt feil. Og når eg har kjøpt seks sko så skal det mykje til for at ikkje storparten av minst to av dei er produktet av asiatisk arbeid. Og ho dama som selde dei til meg, fekk sikkert meir for det enn dei som den størkna sveitta tilhøyrer.

    Eg driv og les Kapitalen for tida, men har ikkje kome til kapitlet der Marx forklarar korleis seljaren passar inn i skjemaet hans. For ho tilfører jo ikkje skoa ein verdi (altså meir bruksverdi), etter mi meining, sjølv om ho tilfører dei eit slags arbeid. Vanskeleg den der Kapitalen... Kanskje det ikkje er vara seljaren sitt arbeid er knytta til, men at det berre er ei tenesta ho utfører for produsenten eller kjøparen, slik at tenesta i seg sjølv er vara?

    Etter revolusjonen treng me kanskje ikkje skoseljarar. Men nokon må distribuera skoa likevel. Så ho vert sikkert ikkje arbeidslaus sjølv om Statssko (ikkje å forveksla med Statsskog) overtek Eurosko.

    Tuva har forresten fått seg blinkesko, men er ikkje så stolt av dei enno. Det har sikkert ein samanheng med at det ikkje er så lett å trampa i golvet og deretter rekkja å sjå at dei har teke til med å blinka før dei sluttar. Men ho såg det i spegelen på skobutikken.

    Eg hadde eigentleg tenkt å skriva ein masse anna piss. Men eg får heller skriva fleire "postar" om eg gidd. Eller eg kan skriva noko ein annan dag. Om eg gidd. Førebels er det nok svært få som les Vloggen i alle høve, så det er vel ikkje nokon stor avtale.

    onsdag, juni 21, 2006

    Måtte bita i det sure eplet til slutt...

    ...og hiva meg på denne bylgja av dagbøker på nett. Eg likar ikkje tanken på nettdagbok, faktisk ikkje å skriva dagbok generelt (for kva pokker skal eg skriva om), men det er jo ingen som har sagt at eg ikkje kan bruka dette mediet til kva eg vil.

    Og i det siste har eg jo tenkt litt meir over kor fantastisk enkelt det er å spreia informasjon, kunnskap og synspunkt ved hjelp av ei slik vevdagbok. Eg har jo tidlegare prøvd å laga ei heimasida, men det gjekk i dass fordi eg ikkje gidd å bruka tid på å læra meg html og meir avanserte ting. Og det slepp eg jo her.

    Eg har valt å kalla dette ein vlogg. Eg synest det er ein kulare måte å forkorta vevlogg på enn ordet "blogg". Dessutan kjem sikkert folk til å lura på i kva alle dagar eg meiner med ordet "vlogg", så på den måten gjer eg meg sjølv litt interessant.

    Eg har ingen planar for kva eg skal posta her, men det kan jo verta mykje rart etter kvart. Det som er heilt sikkert er at eg kjem til å skriva eitt eller anna om politikk av og til. Eller, eg kan jo koma til å la vera, men då kjem eg vel til å sletta heile driten.