torsdag, juni 29, 2006

Kråkevisa

Og mannen han gjekk seg i veda skog,
hei fara i veda skog.
Då sat der ei kråka i lunden og gol.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Mannen han tenkte med sjølve seg;
hei fara med sjølve seg
Skal tru no den kråka vil drepa meg?
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Og mannen han snudde om hesten sin
hei fara om hesten sin
så køyrde han heim att til garden igjen.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Å høyr, du min mann, kva eg spøre deg:
hei fara eg spøre deg
"Kvar vart det av veden du køyrde til meg?"
Hei fara. Faltu riltu raltura.

"Eg køyrde no slett ingen ved til deg,
hei fara ingen ved til deg
for kråka ho svor ho sku drepa meg."
Hei fara. Faltu riltu raltura.

"Å no har eg aldri høyrt større skam!
hei fara høyrt større skam
Har du høyrt at ei kråke har drepe ein mann?"
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Men kråka kom etter på taket og gol,
hei fara på taket og gol
og mannen hen opp gjennom ljoren for.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Og mannen han spente sin boge for kne,
hei fara sin boge for kne
så skaut han den kråka, så ho datt ned.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Så spente han føre dei folane ti;
hei fara dei folane ti
men kråka ho sprengde alle di.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Så spente han føre dei folane tolv,
hei fara dei folane tolv
så køyrde han kråka på låvegolv.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Så flådde han kråka og lema ho sund,
hei fara og lema ho sund
ho vog innpå seksten og tjue pund.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Av skinnet så gjorde han tolv par skor,
hei fara han tolv par skor
det beste paret det gav han til mor.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Og kjøtet han salta i tunner og fat,
hei fara i tunner og fat
og tunga han hadde til julemat.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Av tarmane gjorde han tolv par reip,
hei fara han tolv par reip
og klørne han brukte til møka-greip.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Og nebben han brukte til kyrkje-båt,
hei fara til kyrkje-båt
som folk kunne sigla på frå og åt.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Og munnen han brukte te mala korn,
hei fara te mala korn
og øyro han gjorde til tutar-horn.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Av augo så gjorde han stoveglas
hei fara han stoveglas
og nakken han sette på kyrkja til stas.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Og den som kje kråka han nytta så,
hei fara han nytta så
han er ikkje verd ei kråka å få.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

tirsdag, juni 27, 2006

Vestlandet Kollektivtrafikk AS

Gaia og HSD skal slå seg saman. Dette er ei sak eg ikkje har sett meg mykje inn i (det burde eg ha gjort). Men eg har fått med meg at RV i Bergen etter mykje om og men gjekk inn for denne fusjonen i bystyret (Bergen kommune eig litt av Gaia). Dei tillitsvalde i Gaia er og for at selskapa skal slåast saman. I tillegg har eg fått med meg at Folke Hermansen, ein "investor" (noko som mange, mellom andre Frp, kallar "ein som skapar arbeidsplassar") frå Stavanger, som alt eig Stavangerske og ein god kjønk av HSD, har lyst til å skaffa seg kontroll over dette nye selskapet.

Problemet her er at Folke Hermansen vil kunna få STØRRE kontroll over det nye digre selskapet, enn han idag har over HSD, då HSD idag har ein vedtektsparagraf som set grenser for hans makt over selskapet. Ein slik paragraf vil ikkje vidareførast, og heile kollektivtrafikk-sektoren på Vestlandet vil kunna leggjast i hendene på ein einaste kapitalist, etterkvart som kommunar og andre aksjonærar ser seg betre tent med å selja aksjepostane til Hermansen (for ingen andre storkapitalistar vil leggja kapitalen sin inn i eit selskap som er så dominert av han). Eit stort mindretal i Bergen bystyre vil jo selja det i utgangspunktet, så det kjem nok ikkje til å ta mange år før ein pressa kommuneøkonomi tvingar gjennom slike sal, både der og i andre kommunar.

Vil dette vera eit problem for kundane? Sannsynlegvis ikkje. Fargane på bussane vil kanskje endra seg litt. Kanskje ein jamvel dreg fordeler av ein fusjon, ved at bussane i Sunnhordland vil korrespondera betre med dei i Bergen og omegn. Men ein fusjon vil føra kontrollen over kollektivtransporten i Hordaland ut av lokalsamfunna. Etter kvart vil hovudkontor og administrasjon flytta til Stavanger, langt vekk frå både dei tilsette, brukarane ("kundane") og lokalpolitikarane.

Sentralisering av makt på denne måten er eg generelt kritisk til. Det skapar større avstand mellom folket og makta. Og me har sett det mange andre stader (rett nok i andre bransjar) at når store, viktige og produktive verksemder vert lagde ned og mange folk samstundes misser arbeidsinntekta si i det same lokalsamfunnet, er det ein fellesnemnar at verksemdene har eigarar og direktørar som held til langt vekke.

Og dette har altså Bergen RV gått inn for, for å hindra sal av Gaia og for å tekkjast dei tilsette i Gaia. Eg skjemst over at eg ikkje har engasjert meg sterkare mot denne fusjonen. Eg vil rå alle aksjonærar i HSD (og Gaia) til å seia nei til fusjonen. Dette kan ikkje vera bra for småaksjonærar, lokalsamfunn, lokaldemokrati og omsynet til ei framtid der kollektivtransport erstattar privatbilismen. Dei einaste som vil ha denne fusjonen er superkapitalisten Folke Hermansen og dei han har plukka ut til å forvalta kapitalen hans i HSD.

Kampen mot sal av Gaia får me ta seinare. Eg trur i alle høve at kontrollen over Gaia kjem til å fjernast frå dei folkevalde i Bergen og andre kommunar, med den løysinga som no er vald.

Rart at ikkje Konkurransetilsynet snart tek litt ansvar i denne saka i grunnen. Dei har jo truga med å leggja ned kystbussen grunna manglande konkurranse...

NRK skriv om fusjonen:

  • Tilsette i Gaia vil ha fusjon

  • Fleirtal for fusjon

  • Brukarar og politikarar ynskjer ikkje fusjon

  • Dyrare tilbod
  • mandag, juni 26, 2006

    Visdomsord

    "Lerretets verdieksistens fremtrer i dets likhet med jakken, slik den kristnes sauenatur fremtrer i dens likhet med Guds lam (...) For å fortelle at dets sublime verdieksistens er forskjellig fra dets stive, lerretsaktige fremtoning, forteller det at verdi ser ut som en jakke og at det selv derfor i egenskap av verdi-ting ligner på jakken som et egg ligner på et annet."
    Karl Marx i Kapitalen

    søndag, juni 25, 2006

    Bala du me teine?

    Denne karen balte med teiner:
    Mann drukna
    Kvifor dei to kameratane skulle dra teinene sine om kvelden, seier artikkelen ingenting om, noko som vitnar om ein artikkelforfattar som har lite erfaring med det å bala med teiner.

    Eg har lært Tuva å spørja folk kva dei balar med. Det er jo ikkje så lett for ein toåring å skjøna kva eit slikt omgrep går ut på. Og når me legg til dette med teiner, seier det seg sjølv at det vert litt rotete oppe i hovudet til eit lite barn som ikkje anar kva ei teina er. Ein samtale ho hadde med mor mi, føregjekk slik:
    T: -Pappa bala!
    M: -Ka bala han me då?
    T: -Bala me teene!

    Og det første ho spurde bror min om då han kom heim i helga, var kva han balte med. Eg er stolt.

    Sumar!

    I dag har det vore sol!!

    Tuva pitla blomar til meg idag. Og to strå. Søte ungen min. No står dei på stovebordet i eit shotglas med vatn. Og endå skulle eg hatt ein mindre vase.

    Og mor hennar trur at ho framleis kan gå i beibiskoa frå i fjor, som er omlag 1,5 nr for små. Så eg lot Tuva ha med seg blinkeskoa. Håpar mora ikkje "gløymer" dei neste gong ho skal hit. Vert so irriteeeeeert! Men det er slikt ein har lært å bita i seg og fortelja nokon andre om når ein kjem heim att...

    lørdag, juni 24, 2006

    Jobbajobbajobba

    I dag har eg jobba. Sambuaren til mamma driv og lagar drenering og skal ommøblera plenen. Så eg og bror min har hjulpe han med det, medan mamma og syster mi har laga mat, jobba i hagen og passa jentungen min. Ganske kjønnsdelt m.a.o. Eg ymta frampå om at kanskje mamma skulle ta sin tørn ved gravemaskinen, men det er det jo ingen som tek seriøst eingong. Og Tuva er redd for å få mold på fingrane. Hrmf.

    Men så fekk eg taco og øl. Då er jo dagen redda. Og det må jo seiast at det er fantastisk å gjera dugnadsarbeid med folk som ikkje må avbryta arbeidet grunna VM i fotball. Dessutan er vel kroppsarbeid bra for karakteren eller noko.

    torsdag, juni 22, 2006

    Nye sko

    I staden for å gjera noko politisk idag, har eg støtta storkapitalen si utnytting av små asiatiske skomakarar. Jaja, kanskje eg lyg no, eg har ikkje sjekka kor dei er laga, men eg reknar ikkje med at eg tek heilt feil. Og når eg har kjøpt seks sko så skal det mykje til for at ikkje storparten av minst to av dei er produktet av asiatisk arbeid. Og ho dama som selde dei til meg, fekk sikkert meir for det enn dei som den størkna sveitta tilhøyrer.

    Eg driv og les Kapitalen for tida, men har ikkje kome til kapitlet der Marx forklarar korleis seljaren passar inn i skjemaet hans. For ho tilfører jo ikkje skoa ein verdi (altså meir bruksverdi), etter mi meining, sjølv om ho tilfører dei eit slags arbeid. Vanskeleg den der Kapitalen... Kanskje det ikkje er vara seljaren sitt arbeid er knytta til, men at det berre er ei tenesta ho utfører for produsenten eller kjøparen, slik at tenesta i seg sjølv er vara?

    Etter revolusjonen treng me kanskje ikkje skoseljarar. Men nokon må distribuera skoa likevel. Så ho vert sikkert ikkje arbeidslaus sjølv om Statssko (ikkje å forveksla med Statsskog) overtek Eurosko.

    Tuva har forresten fått seg blinkesko, men er ikkje så stolt av dei enno. Det har sikkert ein samanheng med at det ikkje er så lett å trampa i golvet og deretter rekkja å sjå at dei har teke til med å blinka før dei sluttar. Men ho såg det i spegelen på skobutikken.

    Eg hadde eigentleg tenkt å skriva ein masse anna piss. Men eg får heller skriva fleire "postar" om eg gidd. Eller eg kan skriva noko ein annan dag. Om eg gidd. Førebels er det nok svært få som les Vloggen i alle høve, så det er vel ikkje nokon stor avtale.

    onsdag, juni 21, 2006

    Måtte bita i det sure eplet til slutt...

    ...og hiva meg på denne bylgja av dagbøker på nett. Eg likar ikkje tanken på nettdagbok, faktisk ikkje å skriva dagbok generelt (for kva pokker skal eg skriva om), men det er jo ingen som har sagt at eg ikkje kan bruka dette mediet til kva eg vil.

    Og i det siste har eg jo tenkt litt meir over kor fantastisk enkelt det er å spreia informasjon, kunnskap og synspunkt ved hjelp av ei slik vevdagbok. Eg har jo tidlegare prøvd å laga ei heimasida, men det gjekk i dass fordi eg ikkje gidd å bruka tid på å læra meg html og meir avanserte ting. Og det slepp eg jo her.

    Eg har valt å kalla dette ein vlogg. Eg synest det er ein kulare måte å forkorta vevlogg på enn ordet "blogg". Dessutan kjem sikkert folk til å lura på i kva alle dagar eg meiner med ordet "vlogg", så på den måten gjer eg meg sjølv litt interessant.

    Eg har ingen planar for kva eg skal posta her, men det kan jo verta mykje rart etter kvart. Det som er heilt sikkert er at eg kjem til å skriva eitt eller anna om politikk av og til. Eller, eg kan jo koma til å la vera, men då kjem eg vel til å sletta heile driten.