torsdag, juni 22, 2006

Nye sko

I staden for å gjera noko politisk idag, har eg støtta storkapitalen si utnytting av små asiatiske skomakarar. Jaja, kanskje eg lyg no, eg har ikkje sjekka kor dei er laga, men eg reknar ikkje med at eg tek heilt feil. Og når eg har kjøpt seks sko så skal det mykje til for at ikkje storparten av minst to av dei er produktet av asiatisk arbeid. Og ho dama som selde dei til meg, fekk sikkert meir for det enn dei som den størkna sveitta tilhøyrer.

Eg driv og les Kapitalen for tida, men har ikkje kome til kapitlet der Marx forklarar korleis seljaren passar inn i skjemaet hans. For ho tilfører jo ikkje skoa ein verdi (altså meir bruksverdi), etter mi meining, sjølv om ho tilfører dei eit slags arbeid. Vanskeleg den der Kapitalen... Kanskje det ikkje er vara seljaren sitt arbeid er knytta til, men at det berre er ei tenesta ho utfører for produsenten eller kjøparen, slik at tenesta i seg sjølv er vara?

Etter revolusjonen treng me kanskje ikkje skoseljarar. Men nokon må distribuera skoa likevel. Så ho vert sikkert ikkje arbeidslaus sjølv om Statssko (ikkje å forveksla med Statsskog) overtek Eurosko.

Tuva har forresten fått seg blinkesko, men er ikkje så stolt av dei enno. Det har sikkert ein samanheng med at det ikkje er så lett å trampa i golvet og deretter rekkja å sjå at dei har teke til med å blinka før dei sluttar. Men ho såg det i spegelen på skobutikken.

Eg hadde eigentleg tenkt å skriva ein masse anna piss. Men eg får heller skriva fleire "postar" om eg gidd. Eller eg kan skriva noko ein annan dag. Om eg gidd. Førebels er det nok svært få som les Vloggen i alle høve, så det er vel ikkje nokon stor avtale.

Ingen kommentarer: