tirsdag, juni 27, 2006

Vestlandet Kollektivtrafikk AS

Gaia og HSD skal slå seg saman. Dette er ei sak eg ikkje har sett meg mykje inn i (det burde eg ha gjort). Men eg har fått med meg at RV i Bergen etter mykje om og men gjekk inn for denne fusjonen i bystyret (Bergen kommune eig litt av Gaia). Dei tillitsvalde i Gaia er og for at selskapa skal slåast saman. I tillegg har eg fått med meg at Folke Hermansen, ein "investor" (noko som mange, mellom andre Frp, kallar "ein som skapar arbeidsplassar") frå Stavanger, som alt eig Stavangerske og ein god kjønk av HSD, har lyst til å skaffa seg kontroll over dette nye selskapet.

Problemet her er at Folke Hermansen vil kunna få STØRRE kontroll over det nye digre selskapet, enn han idag har over HSD, då HSD idag har ein vedtektsparagraf som set grenser for hans makt over selskapet. Ein slik paragraf vil ikkje vidareførast, og heile kollektivtrafikk-sektoren på Vestlandet vil kunna leggjast i hendene på ein einaste kapitalist, etterkvart som kommunar og andre aksjonærar ser seg betre tent med å selja aksjepostane til Hermansen (for ingen andre storkapitalistar vil leggja kapitalen sin inn i eit selskap som er så dominert av han). Eit stort mindretal i Bergen bystyre vil jo selja det i utgangspunktet, så det kjem nok ikkje til å ta mange år før ein pressa kommuneøkonomi tvingar gjennom slike sal, både der og i andre kommunar.

Vil dette vera eit problem for kundane? Sannsynlegvis ikkje. Fargane på bussane vil kanskje endra seg litt. Kanskje ein jamvel dreg fordeler av ein fusjon, ved at bussane i Sunnhordland vil korrespondera betre med dei i Bergen og omegn. Men ein fusjon vil føra kontrollen over kollektivtransporten i Hordaland ut av lokalsamfunna. Etter kvart vil hovudkontor og administrasjon flytta til Stavanger, langt vekk frå både dei tilsette, brukarane ("kundane") og lokalpolitikarane.

Sentralisering av makt på denne måten er eg generelt kritisk til. Det skapar større avstand mellom folket og makta. Og me har sett det mange andre stader (rett nok i andre bransjar) at når store, viktige og produktive verksemder vert lagde ned og mange folk samstundes misser arbeidsinntekta si i det same lokalsamfunnet, er det ein fellesnemnar at verksemdene har eigarar og direktørar som held til langt vekke.

Og dette har altså Bergen RV gått inn for, for å hindra sal av Gaia og for å tekkjast dei tilsette i Gaia. Eg skjemst over at eg ikkje har engasjert meg sterkare mot denne fusjonen. Eg vil rå alle aksjonærar i HSD (og Gaia) til å seia nei til fusjonen. Dette kan ikkje vera bra for småaksjonærar, lokalsamfunn, lokaldemokrati og omsynet til ei framtid der kollektivtransport erstattar privatbilismen. Dei einaste som vil ha denne fusjonen er superkapitalisten Folke Hermansen og dei han har plukka ut til å forvalta kapitalen hans i HSD.

Kampen mot sal av Gaia får me ta seinare. Eg trur i alle høve at kontrollen over Gaia kjem til å fjernast frå dei folkevalde i Bergen og andre kommunar, med den løysinga som no er vald.

Rart at ikkje Konkurransetilsynet snart tek litt ansvar i denne saka i grunnen. Dei har jo truga med å leggja ned kystbussen grunna manglande konkurranse...

NRK skriv om fusjonen:

  • Tilsette i Gaia vil ha fusjon

  • Fleirtal for fusjon

  • Brukarar og politikarar ynskjer ikkje fusjon

  • Dyrare tilbod
  • Ingen kommentarer: