mandag, juli 31, 2006

Vombavelta

Eg og bror min har lurt ein del på kva ordet "vombavelta" eigentleg er, eller om det i det heile er eit ord.

Eg trur det er det same som "vombiskinn", som ser ut til å vera ein sjukdom smaler kan få.

Har du høyrt desse orda, eller noko som liknar, legg att ein kommentar!

Om duste-Valland

Eg har visst skapt bittelitt debatt på Vikalappen sitt debattforum. Så langt er me oppe i sju innlegg.

Hehe. Dritforum.

Heim att

Litt godt å koma heim frå ferie (har forresten hatt det fett der nede).

Men me fekk ikkje plass på ferja frå Mortavika (det fekk mamma og heldigvis hadde dei alle ungane med seg i sin bil). Og når eg kom heim var straumen gått. Så eg har vaska fryseboks i dag (eg hadde tenkt å bruka grønsåpa, men så spurde eg mamma og kom på betre tankar). Og no trøblar eksen med samværet. Og i går byrja det å regna, etter at det har vore kjempever her heime heile tida medan me har vore vekke.

Men bortsett frå det, så er det greit å koma heim att. Og i går kveld smakte me på den danske spriten eg hadde med meg heim. Den var god. Og no skal eg eta pitsa.

søndag, juli 16, 2006

Ferie

No tek Vloggen ferie. Ja, eg veit at det ser ut som om ferien har starta alt. Men det er jo ikkje så mykje å vlogga om midt i agurktida. Særleg ikkje når eg ikkje eingong har vore på sumarleiren.

Men no skal me iallfall reisa til Danmark saman med bror min. Og etterpå skal eg vera heime i nesten ei veka før eg skal til AukraOrmen.

onsdag, juli 12, 2006

Kebab Schmebab

Elektrikarlærlingen frå Grov hadde rett; det ER noko muffens med kebaben på Heiane. Heldigvis kom eg heim i greven si tid.

Rart at så god kebab kan føra til så dårleg mage...

Etter at eg hadde vore på kebaben og vorte matforgifta, gjekk eg på Lidl og kjøpte meg telt. Har lenge tenkt at eg måtte ha meg eit nytt telt, det gamle var jo berre plass til to i (sjølv om det var eit "tremannstelt"). Og no baud sjansen seg for ein billeg peng. Håpar berre at eg fekk mykje telt (i tydinga mange overnattingar) for den billege pengen...

tirsdag, juli 11, 2006

Tuva og meg


Men å leggja bilete inn i profilen, det klarar eg ikkje før eg lærer meg å gjera bilete mindre. Og det gidd eg ikkje.

Reklame

Brått fann eg ut at eg skulle reklamera litt. Eg fekk nemleg ei avis for eit par dagar sidan, som eg tykkjer er bra.

Partiet AKP gjev nemleg ut ei avis, som dei kallar for akp.no. Den finn du, merkeleg nok, ikkje når du går inn på akp.no, men derimot på www.akp.no/avis/. Interessant...

Men iallfall. I denne avisa si skriv AKP om mange saker ein ikkje les så mykje om i andre aviser. Denne siste utgåva inneheld mykje om Afghanistan, både om flyktningane her oppe og om situasjonen "der nede", og om tariffoppgjera. Men dei skriv òg om arbeidsløysa, Hamas, Nepal og om Jo frå Raud Ungdom. Og på siste sida er det litt eigenreklame. Men det gjer ingenting, AKP gjev ut andre interessante ting og dei, m.a. tidsskriftet Rødt (Det er dansk for raudt) og ei bok i ny og ne.

Og sist, men ikkje minst: Avisa er gratis! (Om du ser vekk frå pengegåvene ein sender til dei eit par gonger i året for å ikkje få dårleg samvit.) Så berre abonner!

torsdag, juli 06, 2006

Duste-Høgremann

Lenge sidan eg har vlogga no... Det har vore altfor fint ver. Men no hadde eg ikkje noko val. Ein frå Stord Høgre har nemleg skrive eit lesarbrev eg måtte svara på. I det siste har nemleg mange (inkludert meg) skrive lesarbrev til Sunnhordland om den dårlege kommuneøkonomien, om damene som må klyppa plenen med kjøkensaks utanfor omsorgsbustadene sine og om dustekonsulentane i Agenda. Høgre sitt svar på alt som er gale i kommunen, er sjølvsagt at her må det sparast! Så då har eg skrive eit (langt) lesarbrev som eg limer inn her. Vonleg kjem det på trykk på måndag.

I natt skal Tuva sova utan bleia for første gong. Spanande!



Her er lesarbrevet mitt:

Kommunen er vanstyrt – Høgre vil skjera ned meir!

Kristoffer Valland frå Høgre har lagt merke til lesarinnlegg om kommuneøkonomien og styringa av dei offentlege tenestene, og då tenkte han at han skulle slå politisk mynt på dei. Eg er ikkje så sikker på at dei som har klaga på nedskjeringar og kommunalt vanstyre er nøgde med at Valland tek dei til inntekt for Høgre sin politiske ideologi.

Det største problemet er vel ikkje det noverande kommunestyrefleirtalet ikkje inneheld Høgre. Problemet er at me har lokale folkevalde (frå dei fleste parti) som vegrar seg frå å styra noko som helst, som ikkje vil leggja press på sine eigne parti i regjering og som let rådmann og konsulentar avgjera korleis kommunen skal styrast.

Valland meiner at kommunen vert driven for dyrt. Det kan godt vera. Men då må du vera konkret, Valland. Kor er det kommunane, heilt konkret, skal spara? Kommunen skal reduserast med 50 årsverk, seier du. Men t.d. omsorgssektoren, som Agenda vil skvisa enno meir, slit alt med at dei har for LITE folk. Korleis meiner Valland og Høgre at dei skal løysa slike problem ved å seia opp ein bråte med folk? Kvifor kan ikkje Valland, som sit i kommunestyret og har all informasjon tilgjengeleg, fortelja oss kva for stillingar det er han vil fjerna, kva for funksjonar me ikkje treng?

Årsaka til underskotet i Stord kommune er ”sjølvsagt for store driftskostnader”, påstår Valland. Kvifor er dette sjølvsagt? Eg meiner at det tvert imot er statleg skvising av kommuneøkonomien som er årsaka til at ikkje berre Stord, men kommunesektoren landet rundt, slit med akkumulerte underskot, gjeldsproblem og manglande vedlikehald. Og dette kan dokumenterast. År for år tek kommunesektoren ein mindre del av den kaka som me kallar brutto nasjonalprodukt. Og Høgreleiar Erna Solberg har dei siste åra stått i spissen for denne seigpininga.

Er det nødvendig at Stord kommune har den beste vevsida i landet? Kanskje ikkje. Men eg trur det er ein stor fordel for brukarane av kommunale tenester, altså dei fleste av oss som bur i kommunen. Det er og mange andre ting det sikkert ikkje er ”nødvendig” å vera gode på, men likevel verdifullt.

Valland vil og skilja ut diverse eigedommar og drift av desse, frå kommunen til private og kommunale selskap som skal laga butikk utav dei. Er dette fordi Høgre meiner det er for lite byråkrati i Stord kommune? For aukande byråkrati er jo ikkje til å unngå når me skal ha ein masse selskap som skal sitja og selja og kjøpa tenester av einannan.

Konkurranseutsetjing er eit mantra frå høgresida. Her og er det slik at kjøping og seljing av tenester vil føra til eit dobbelt så stort byråkrati. For nokon må jo sitja og rekna på tilbod, skriva kontraktar osb. Så Høgre har tenkt å seia opp dei som idag jobbar i kommunen, og tilsetja ein gjeng økonomar og juristar i staden. Det fleire og fleire ser, i dei kommunane der ein har hatt konkurranseutsetjing i stor skala, er at når nokon skal tena pengar på kommunale tenester, i tillegg til at kommunen skal betala mindre for det same arbeidet, må tenestene verta dyrare og dårlegare og dei tilsette må få dårlegare vilkår. Ein treng ikkje eingong vera økonom for å skjøna det.

Konkrete forslag til korleis noko skal gjerast billegare, har faktisk ikkje Valland, bortsett frå forslaget om dårlegare nettenester. Når du ikkje har eit reelt alternativ som andre kan ta stilling til, men berre generell svada om at organiseringa av kommunen må endrast, synest eg det er drygt å snakka om at dei andre partia vanstyrer kommunen.

Ikkje skyt på konsulentane, for dei gjer ein jobb, seier Valland. Ja, dei gjer ein jobb. Ein dårleg ein, etter mi meining. Eg har lese eit par av desse ”rapportane” til Agenda. Og eg ser ingen grunn til å la seg imponera av dei. Hadde eg gjort så lite og dårleg arbeid og krevd 250 000 kr for det, ville eg ha vore flau. Men lokalpolitikarane nikkar og smiler og trur at dei ikkje har noko anna val enn å gjera som konsulentane seier. Likevel skal det seiast til Agenda sitt forsvar, at dei er i det minste meir konkrete enn Kristoffer Valland når dei skal forklara kor kommunen skal spara…

Me har nabokommunar som er styrte av m.a. Høgre. Dei har ikkje god økonomi dei heller. Det er ikkje for store utgifter og for mange tilsette som er problemet. Det store problemet er staten si styrte avvikling av kommunesektoren, som alle stortingsparti etterkvart er like ivrige på å delta i.

Kjetil Grønås
Stord RV

søndag, juli 02, 2006

Trygt...

Soldatar drepne

Og framleis meiner Pølse-Hanssen at det er trygt i Afghanistan.

Men det eg eigentleg reagerar mest på (det er jo ikkje overraskande at folk døyr i krig), er at overskrifta berre fortel at to britiske soldatar vart drepne (det er jo liksom litt av jobben til ein soldat), men ingenting om at ein afghansk tolk og døydde. Kvifor er det meir spesielt at to soldatar døyr i eit granatåtak, enn at ein tolk døyr i eit granatåtak?

Kan det vera fordi soldatane var frå Europa, medan tolken var frå Asia?