torsdag, juli 06, 2006

Duste-Høgremann

Lenge sidan eg har vlogga no... Det har vore altfor fint ver. Men no hadde eg ikkje noko val. Ein frå Stord Høgre har nemleg skrive eit lesarbrev eg måtte svara på. I det siste har nemleg mange (inkludert meg) skrive lesarbrev til Sunnhordland om den dårlege kommuneøkonomien, om damene som må klyppa plenen med kjøkensaks utanfor omsorgsbustadene sine og om dustekonsulentane i Agenda. Høgre sitt svar på alt som er gale i kommunen, er sjølvsagt at her må det sparast! Så då har eg skrive eit (langt) lesarbrev som eg limer inn her. Vonleg kjem det på trykk på måndag.

I natt skal Tuva sova utan bleia for første gong. Spanande!



Her er lesarbrevet mitt:

Kommunen er vanstyrt – Høgre vil skjera ned meir!

Kristoffer Valland frå Høgre har lagt merke til lesarinnlegg om kommuneøkonomien og styringa av dei offentlege tenestene, og då tenkte han at han skulle slå politisk mynt på dei. Eg er ikkje så sikker på at dei som har klaga på nedskjeringar og kommunalt vanstyre er nøgde med at Valland tek dei til inntekt for Høgre sin politiske ideologi.

Det største problemet er vel ikkje det noverande kommunestyrefleirtalet ikkje inneheld Høgre. Problemet er at me har lokale folkevalde (frå dei fleste parti) som vegrar seg frå å styra noko som helst, som ikkje vil leggja press på sine eigne parti i regjering og som let rådmann og konsulentar avgjera korleis kommunen skal styrast.

Valland meiner at kommunen vert driven for dyrt. Det kan godt vera. Men då må du vera konkret, Valland. Kor er det kommunane, heilt konkret, skal spara? Kommunen skal reduserast med 50 årsverk, seier du. Men t.d. omsorgssektoren, som Agenda vil skvisa enno meir, slit alt med at dei har for LITE folk. Korleis meiner Valland og Høgre at dei skal løysa slike problem ved å seia opp ein bråte med folk? Kvifor kan ikkje Valland, som sit i kommunestyret og har all informasjon tilgjengeleg, fortelja oss kva for stillingar det er han vil fjerna, kva for funksjonar me ikkje treng?

Årsaka til underskotet i Stord kommune er ”sjølvsagt for store driftskostnader”, påstår Valland. Kvifor er dette sjølvsagt? Eg meiner at det tvert imot er statleg skvising av kommuneøkonomien som er årsaka til at ikkje berre Stord, men kommunesektoren landet rundt, slit med akkumulerte underskot, gjeldsproblem og manglande vedlikehald. Og dette kan dokumenterast. År for år tek kommunesektoren ein mindre del av den kaka som me kallar brutto nasjonalprodukt. Og Høgreleiar Erna Solberg har dei siste åra stått i spissen for denne seigpininga.

Er det nødvendig at Stord kommune har den beste vevsida i landet? Kanskje ikkje. Men eg trur det er ein stor fordel for brukarane av kommunale tenester, altså dei fleste av oss som bur i kommunen. Det er og mange andre ting det sikkert ikkje er ”nødvendig” å vera gode på, men likevel verdifullt.

Valland vil og skilja ut diverse eigedommar og drift av desse, frå kommunen til private og kommunale selskap som skal laga butikk utav dei. Er dette fordi Høgre meiner det er for lite byråkrati i Stord kommune? For aukande byråkrati er jo ikkje til å unngå når me skal ha ein masse selskap som skal sitja og selja og kjøpa tenester av einannan.

Konkurranseutsetjing er eit mantra frå høgresida. Her og er det slik at kjøping og seljing av tenester vil føra til eit dobbelt så stort byråkrati. For nokon må jo sitja og rekna på tilbod, skriva kontraktar osb. Så Høgre har tenkt å seia opp dei som idag jobbar i kommunen, og tilsetja ein gjeng økonomar og juristar i staden. Det fleire og fleire ser, i dei kommunane der ein har hatt konkurranseutsetjing i stor skala, er at når nokon skal tena pengar på kommunale tenester, i tillegg til at kommunen skal betala mindre for det same arbeidet, må tenestene verta dyrare og dårlegare og dei tilsette må få dårlegare vilkår. Ein treng ikkje eingong vera økonom for å skjøna det.

Konkrete forslag til korleis noko skal gjerast billegare, har faktisk ikkje Valland, bortsett frå forslaget om dårlegare nettenester. Når du ikkje har eit reelt alternativ som andre kan ta stilling til, men berre generell svada om at organiseringa av kommunen må endrast, synest eg det er drygt å snakka om at dei andre partia vanstyrer kommunen.

Ikkje skyt på konsulentane, for dei gjer ein jobb, seier Valland. Ja, dei gjer ein jobb. Ein dårleg ein, etter mi meining. Eg har lese eit par av desse ”rapportane” til Agenda. Og eg ser ingen grunn til å la seg imponera av dei. Hadde eg gjort så lite og dårleg arbeid og krevd 250 000 kr for det, ville eg ha vore flau. Men lokalpolitikarane nikkar og smiler og trur at dei ikkje har noko anna val enn å gjera som konsulentane seier. Likevel skal det seiast til Agenda sitt forsvar, at dei er i det minste meir konkrete enn Kristoffer Valland når dei skal forklara kor kommunen skal spara…

Me har nabokommunar som er styrte av m.a. Høgre. Dei har ikkje god økonomi dei heller. Det er ikkje for store utgifter og for mange tilsette som er problemet. Det store problemet er staten si styrte avvikling av kommunesektoren, som alle stortingsparti etterkvart er like ivrige på å delta i.

Kjetil Grønås
Stord RV

3 kommentarer:

mairapus sa...

Kult at det kom i avisa da ;)

*thumbsup*

Kamerat Kjetil sa...

Jau då. Håpar eg får svar.

jokke sa...

RV vs Høyre 1-0