onsdag, juli 12, 2006

Kebab Schmebab

Elektrikarlærlingen frå Grov hadde rett; det ER noko muffens med kebaben på Heiane. Heldigvis kom eg heim i greven si tid.

Rart at så god kebab kan føra til så dårleg mage...

Etter at eg hadde vore på kebaben og vorte matforgifta, gjekk eg på Lidl og kjøpte meg telt. Har lenge tenkt at eg måtte ha meg eit nytt telt, det gamle var jo berre plass til to i (sjølv om det var eit "tremannstelt"). Og no baud sjansen seg for ein billeg peng. Håpar berre at eg fekk mykje telt (i tydinga mange overnattingar) for den billege pengen...

2 kommentarer:

mairapus sa...

Ska me på telttur altså?

Kamerat Kjetil sa...

I orden for meg. Men ikkje nett enno. Først skal eg og Tuva til Danmark og telta. Viss Tuva vil då.