Eg og bror min har lurt ein del på kva ordet "vombavelta" eigentleg er, eller om det i det heile er eit ord.
Eg trur det er det same som "vombiskinn", som ser ut til å vera ein sjukdom smaler kan få.
Har du høyrt desse orda, eller noko som liknar, legg att ein kommentar!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarar:
Vombiskinn = vomb i skinn = brokk hos fe... Bukhinna sprekk rett og slett.
Vombavelta (merksnodig ord) = det me kallar trommesjuken (truuuur eg)
altså oppblåst sau.
Tanta mi meinte at vombavelta er ei tjukk dama som ser ut som ho skulle velta framover... Eg trudde det var når sauen fekk skeiv mage. Men det er og fullt mogleg at det berre er eit tulleord.
Men vombiskinn er ikkje eit tulleord, det visste eg. Det fann eg nemleg når eg googla det.
Eg har laga min første wikipedia-artikkel!
Vombiskinn
Artikkelen min er lagd inn i ein bitteliten kategori!
Legg inn en kommentar