mandag, august 21, 2006

Heia strukturutvalet!

Strukturutvalet (genialt namn på eit utval forresten) har føreslått ein ny fiskeripolitikk. I samband med det har dei eit forslag om at kvoter som alt er kjøpte, skal attende til staten etter 15 år. Og dei meiner at denne lova skal ha tilbakeverkande kraft. Fiskaren har ei spørjegransking her som du kan gå inn og røysta ja på.

I praksis er jo dette eit brot på den private eigedomsretten. Det vert spanande å sjå om "sosialist"-regjeringa vår vågar å gå inn for dette.

søndag, august 20, 2006

Blogspot og Vloggen

Eg har fått meg ein sånn statcounter-konto (heiter det konto?) for ei stund sidan. Eg vart inspirert av m.a. Brage.

No har jo eg (førebels) ein litt marginalt mindre populær vlogg enn Brage. Men det er faktisk litt utruleg at ein heil liten gjeng med folk, både i Noreg og i utlandet, har søkt etter kråkevisa med ulike søkeord, og kome fram til kråkevisa-posten min. Eg veit jo at det ikkje er lett å finna denne songteksten på nettet, det fann eg ut sjølv då eg leitte etter han. Men kva i alle dagar treng særleg mange personar den teksten til..? Faktisk er det berre denne posten og Valland-innlegget folk har funne fram til vha. søking. Men det kunne jo ha vore verre, eg har jo lirt ut or meg meir usaklege ting enn desse.

Ein annan ting eg har lagt merke til, er den store mengda av strikkevloggar på Blogspot. Eg har nemleg trykt på Next Blog-knappen eit par gonger, og klarar ikkje å unngå å enda opp på vloggar om folk som strikkar. Sjå berre her:
Ei som strikkar sokkar og vloggar lite
Ei som har flytta vloggen sin, men sikkert held fram med å strikka
Nok ein strikkande vloggar
Norsk strikkevlogg
Strikkeavhengig engel
Her strikkast det meste, rikt illustrert
Dansk strikketanta
Sjølv musikk freistar ein å strikka
Strikkande dragedrepar

Og her er ein sy-vlogg

Okkupant og okkupert

Håvard Gjerde, som er leiar i Hordaland RV, er ingen liten tosk akkurat. Han har faktisk skrive ein ganske bra artikkel om Israel.

Og, sleip som eg er, stel eg artikkelen hans, sender han til avisa og latar som om han er min. Så no har eg sendt han til Bømlo-Nytt, Haugesunds Møkkaavis og både papir- og nettutgåva til Blekka Sunnhordland. Så får eg masse lokal åtgaum nesten utan å gjera noko.

onsdag, august 16, 2006

Gøy på landet

Ein dag tok eg med meg ei majonesflaska (altså ikkje ein god gamaldags tube, men ein av desse nymotens innpakningane) i nistepakken min. Seinare fann eg ut at denne var gått ut på dato, så i dag hadde eg med meg slike små posar att.

Så i ettermiddagspausen i dag fann eg ut at me skulle sjekka kor langt eg (og ev. dei andre, me kunne jo ha ein konkurranse.) kunne skyta majonesen ved å trakka (hoppa) på flaska. Det er jo velkjent at dette er ein suksess med dei gode gamle tubane, og ikkje minst ketsjupflasker. Me vurderte og å skyta ut gjennom døra på dei andre (dei et i matsalen, me et ein annan stad) når dei kom att etter pausen, men slo det frå oss. Heldigvis.

Som sagt så gjort. Etter pausen la eg majonesen godt til rette og sjekka at ingen var i skotlinja. Dei andre sto bak meg. Ein av dei var basen vår, ein jovial finne som bur i Sverige og er tilsett i Skarveland (Lat oss kalla han Pivolainen (Han heiter ikkje det, men det høyrest ut som det ultimate finnenamnet, og det rimar (sjølvsagt) på hans eigentlege namn)). Så hoppa eg. Og kva anna skjedde, enn at flaska sa "poff", botnen opna seg og majonesen fauk av garde feil veg. Og mesteparten la seg over Pivolainen. Han hadde majones bak øyro, på hjelmen, på kjeledressen frå topp til tå, på genseren, på brillene og ein god klatt i ansiktet. Eg fekk litt på skoen og buksa. Han stinkar sikkert majones enno.

Hadde det vore mogleg å le seg i hel, ville eg ikkje ha skrive dette. Heldigvis har Pivolainen sans for humor, så han tok det med eit smil. Han sa ikkje eingong perkele eller vittu.

Dei få dropane som gjekk rett veg, fauk forresten ganske langt. Men eg målte ikkje. Avstanden slutta brått å vera hovudsaka.

Og i morgon skal eg heim. Juhuuu.

søndag, august 13, 2006

Meir Aker-engelsk

"If everyone clean up after them self and follows the rules it will be more likely to use the dining room."

fredag, august 11, 2006

Onde Høire vil at homser skal gifta seg.

Fann ein gamal VG-artikkel med Vesle-Torbjørn i hovudrolla (Trudde først det var ein ny artikkel, hadde eg visst at han var to månader gamal hadde eg ikkje vlogga om han. Men når eg først har funne noko å vlogga om, kan eg like godt halda fram, vloggposten er jo snart ferdig i alle høve, iallfall om eg avsluttar denne parentesen (som alt er vorten ganske lang) snart).

Det var då eg spurde meg sjølv: Kva i alle dagar er ei kjærleiksnøytral ekteskapslov?? Vil Tobben legalisera pro forma-ekteskap..?

tirsdag, august 08, 2006

Har nokon ei ordbok til låns?

Oppslag på vegg:
"It's not permitted to use the eating rigs as wardrobes."

Eg har ikkje sett ein einaste rigg som et. Og eg kjenner ingen som heiter It. Så dette oppslaget var bortkasta på meg.

Men det var verre i Hammerfest. Der sto det "Steal" på kontaineren me skulle hiva stålkapp i...

mandag, august 07, 2006

Ikkje alle taklar å vera i tet

Hadde eg vore særleg interessert i fotball, ville eg nok ha dissa Brann i Vloggen. Men eg er ikkje særleg interessert i fotball.

søndag, august 06, 2006

Israel

Eg har ikkje gidda å skriva om Israel sine siste herjingar i vloggen min enno. Denne staten sine handlingar talar stort sett for seg sjølv. Men Christian lenka til ein bra kronikk i dag, og den legg eg ut her og.

Guds utvalgte folk

ISRAEL ER HISTORIE. Vi anerkjenner ikke lenger staten Israel. Det er ingen vei tilbake. Staten Israel har voldtatt verdens anerkjennelse og får ikke fred før den legger ned sine våpen. Staten Israel i sin nåværende form er historie, skriver Jostein Gaarder.


Kanskje eg eigentleg burde ha leita etter noko anna lurt å lenka til (det finnest sikkert Israel-kritiske nynorskforfattarar og, til dømes), sidan han alt har lenka til denne. Men no skal eg eta middag.

Positiv-lista

Eg fann ein positiv ting til, så no skal eg skriva:

Den ultimate lista over alt som er positivt på Nyhamna
  • Betre mat enn i Hammerfest.
  • Bra trådlaust nett, slik at eg kan helsa på omverda.
  • Lite stress og kav og mas.
  • Kurante /adekvate kollegaer og formenn.
  • Folk skriv på nynorsk her. Det gjeld både urinnvånarane og folk som berre jobbar her.

lørdag, august 05, 2006

Meir negativt

Sidan eg skreiv lista mi har det dukka opp (eller eg har kome på i etterkant) fleire negative ting. No skriv eg den gamle lista opp att, føyer til dei nye, så skal eg oppdatera lista når eg ser noko som er dårleg.

For ordens skuld: Skulle det dukka opp noko positivt, skal eg skriva ny lista om det og.

Den ultimate lista over alt som er negativt på Nyhamna
  • Skodda og skyer.
  • Få kjende fjes.
  • Det er fint ver alle andre stader, så omverda er ikkje på nett så eg kan helsa på dei.
  • Termosen var dårleg på dette prosjektet òg.
  • Ekstremt store avstandar.
  • Kjipe og lite utfordrande arbeidsdagar.
  • Det går ikkje bussar til Molde i helgene lenger.
  • Aukra kommune er ein liten fillekommune.
  • Middagen er ferdig alt kl 2000.
  • Laurdagsmiddag er akkurat som alle andre middagar.
  • Ein får ikkje tak i kaffi på jobb om ein ikkje har kontorplass, men må nøya seg med tidlegare nemnde termos (og då har ein berre kaffi til rett etter ni-pausen).
  • Kiosken har ikkje den tannkremen eg normalt brukar, så eg kjøpte ein som skumma noko så innforhelsikejæklig.
  • Dusjen har berre nok varmt vatn til ein liten femminuttar.
Oppdatering 7. aug:
  • Når eg dreg kortet for å koma inn i kantina, må eg venta til det sluttar å blinka etter den som gjekk inn før meg (elles vil ikkje den portdriten opna seg og eg må gå til den andre inngongen). Så då vert det kø utanfor, i tillegg til den køen som går fram til maten.
  • Svenskar som syt og klagar.

Reisebrev frå Aukra

No har eg vore på Aukra i to dagar. I dag har eg jamvel jobba! Eg og ein automatikar frå Stavanger som ikkje kan bøya røyr, har lagt røyr.

Sidan lister ser ut til å vera i vinden, lagar eg eit par lister i staden for å fortelja.

Positivt på Aukra:
-Betre mat enn i Hammerfest.
-Bra trådlaust nett, slik at eg kan helsa på omverda
-Lite stress og kav og mas
-Kurante /adekvate kollegaer og formenn

Negativt på Aukra:
-Skodda og skyer
-Få kjende fjes
-Det er fint ver alle andre stader, så omverda er ikkje på nett så eg kan helsa på dei
-Termosen var dårleg på dette prosjektet og
-Ekstremt store avstandar
-Kjipe og lite utfordrande arbeidsdagar
-Det går ikkje bussar til Molde i helgene lenger
-Aukra kommune er ein liten fillekommune

Alt i alt er det lite interessant her, og eg ser fram til å koma heim.

Sidan eg ikkje i utgangspunktet har noko særleg å vlogga om, set eg pris på om folk legg inn kommentarar, så ikkje vloggen døyr heilt ut medan eg visnar her oppe.

onsdag, august 02, 2006

Men når skal arbeidarklassen få sin del av kaka?

Dei rikaste og mektigaste slepp unna med ein gjennomsnittleg skatteprosent på 1,7, på pengane dei har tent på andre sitt arbeid. Medan gjeldsslavar som meg må betala toppskatt på 50%... Det er så gale at det får sjølv økonomiprofessorar til å murra.

"Men dei treng jo litt meir inntekter fordi dei er snille og skapar arbeidsplassar". Yeah, right (eller "ja, Høgre", som me seier på norsk).

tirsdag, august 01, 2006

Castro er sjuk


VG skriv om Fidel Castro sin operasjon

Brått var Fidel så sjuk at han måtte gje frå seg makta i går. Og, av alle rare ting, fekk eg veta det på engelsk wikipedia. Der er dei jaggu raske med å oppdatera!

Er overklasseguten som vart revolusjonshelt og verdas mest populære livstidsdiktator, i ferd med å døy? Og kva kjem då til å skje med Cuba, den siste sosialismens utpost (neida, kødda, men dei er i det minste ein av få statar som vågar å tala USA-imperialismen midt imot)? Kan veslebror ta over jobben, utan å verta mindre populær enn Fidel var? Han er jo mindre karismatisk og mindre profilert, så då må han vel gjera ein betre jobb for å oppnå dette.

Og kva synest den jamne cubanar EIGENTLEG om saka? Vredens Gnag ser ut til å meina at dei feirar. Men spørsmålet er jo ikkje kva cubanske politiske "flyktningar" meiner, men kva mannen i gata i Havana (eller på jordet i Guantánamo) meiner.