Eg har fått meg ein sånn
statcounter-konto (heiter det konto?) for ei stund sidan. Eg vart inspirert av m.a.
Brage.
No har jo eg (førebels) ein
litt marginalt mindre populær vlogg enn Brage. Men det er faktisk litt utruleg at ein heil liten gjeng med folk, både i Noreg og i utlandet, har søkt etter kråkevisa med ulike søkeord, og kome fram til
kråkevisa-posten min. Eg veit jo at det ikkje er lett å finna denne songteksten på nettet, det fann eg ut sjølv då eg leitte etter han. Men kva i alle dagar treng særleg mange personar den teksten til..? Faktisk er det berre denne posten og
Valland-innlegget folk har funne fram til vha. søking. Men det kunne jo ha vore verre, eg har jo lirt ut or meg meir usaklege ting enn desse.
Ein annan ting eg har lagt merke til, er den store mengda av strikkevloggar på Blogspot. Eg har nemleg trykt på
Next Blog-
knappen eit par gonger, og klarar ikkje å unngå å enda opp på vloggar om folk som strikkar. Sjå berre her:
Ei som strikkar sokkar og vloggar liteEi som har flytta vloggen sin, men sikkert held fram med å strikkaNok ein strikkande vloggarNorsk strikkevloggStrikkeavhengig engelHer strikkast det meste, rikt illustrertDansk strikketantaSjølv musikk freistar ein å strikkaStrikkande dragedreparOg her er ein sy-vlogg
2 kommentarar:
Håndarbeids-blogging er jo en egen blogger sjanger og absolutt blandt de største
Jeg venter bare på den rette inspirasjonen til å gå fra å strikke musikk til å strikke politikk. Det blir vel noe i rødt og grønt tenker jeg ;-)
Legg inn en kommentar