lørdag, august 05, 2006

Meir negativt

Sidan eg skreiv lista mi har det dukka opp (eller eg har kome på i etterkant) fleire negative ting. No skriv eg den gamle lista opp att, føyer til dei nye, så skal eg oppdatera lista når eg ser noko som er dårleg.

For ordens skuld: Skulle det dukka opp noko positivt, skal eg skriva ny lista om det og.

Den ultimate lista over alt som er negativt på Nyhamna
  • Skodda og skyer.
  • Få kjende fjes.
  • Det er fint ver alle andre stader, så omverda er ikkje på nett så eg kan helsa på dei.
  • Termosen var dårleg på dette prosjektet òg.
  • Ekstremt store avstandar.
  • Kjipe og lite utfordrande arbeidsdagar.
  • Det går ikkje bussar til Molde i helgene lenger.
  • Aukra kommune er ein liten fillekommune.
  • Middagen er ferdig alt kl 2000.
  • Laurdagsmiddag er akkurat som alle andre middagar.
  • Ein får ikkje tak i kaffi på jobb om ein ikkje har kontorplass, men må nøya seg med tidlegare nemnde termos (og då har ein berre kaffi til rett etter ni-pausen).
  • Kiosken har ikkje den tannkremen eg normalt brukar, så eg kjøpte ein som skumma noko så innforhelsikejæklig.
  • Dusjen har berre nok varmt vatn til ein liten femminuttar.
Oppdatering 7. aug:
  • Når eg dreg kortet for å koma inn i kantina, må eg venta til det sluttar å blinka etter den som gjekk inn før meg (elles vil ikkje den portdriten opna seg og eg må gå til den andre inngongen). Så då vert det kø utanfor, i tillegg til den køen som går fram til maten.
  • Svenskar som syt og klagar.

2 kommentarer:

Brage sa...

Haha! Jeg føler med deg ift. kaffe-problematikken!

Kamerat Kjetil sa...

Det verste er at formenna våre har fått små brikker (ser ut som ei lita utgåva av ein sånn USB-diskett) som dei kan setja i kaffimaskinane i kontorbrakkene, så får dei kaffi.

Hydro vil ikkje at me vanlege dødelege skal forsyna oss av formenna sin kaffi. Som om dei tilhøyrte ein høgare samfunnsklasse eller noko berre fordi dei har blå kjeledressar...