onsdag, august 02, 2006

Men når skal arbeidarklassen få sin del av kaka?

Dei rikaste og mektigaste slepp unna med ein gjennomsnittleg skatteprosent på 1,7, på pengane dei har tent på andre sitt arbeid. Medan gjeldsslavar som meg må betala toppskatt på 50%... Det er så gale at det får sjølv økonomiprofessorar til å murra.

"Men dei treng jo litt meir inntekter fordi dei er snille og skapar arbeidsplassar". Yeah, right (eller "ja, Høgre", som me seier på norsk).

5 kommentarer:

Are Søberg sa...

"Sin del av kaka"

Jasså, Stord RV tror på eiendomsrett?

Kamerat Kjetil sa...

Det spørs jo kva du legg i ordet eigedomsrett.

jokke sa...

Hele kaka er vår tenker nå jeg, de andre er bare snyltere....

Anonym sa...

Takka meg til eit liberalistisk grunnsyn i livet. Aldri skal det trenga inn ein tanke i skallen min der eg oppfattar meg som "underdog".

Gode Kjetil,

Slutt med dette klassetullet ditt. Du er i ein god jobb, satt i sving av folk som er langt flinkare enn deg. Kom deg på børs og ta del i morroa i form av utbytte eller aksjestiging. Alternativt, lån ein million, putt det i aksjefond og vent på større stigning enn renta.

Høg skatt er eit sosialistisk påfunn.

Vyrdsamt
Anonyme Nick

Kamerat Kjetil sa...

Anonyme Nick:

Eg kan godt diskutera politikk og ideologi med deg. Men då må du setja deg inn i ideologi og politikk.

Skal du diskutera kapitalismen med meg, burde du vel først vita noko om kva eg meiner og kvifor eg meiner det, og setja deg inn i korleis kapitalismen reelt sett fungerar, kva som gjer det til kapitalisme. Så kan du argumentera for eller mot det på ein sakleg måte.

Høg eller låg skatt er korkje sosialistisk, kapitalistisk eller føydalistisk.