lørdag, august 05, 2006

Reisebrev frå Aukra

No har eg vore på Aukra i to dagar. I dag har eg jamvel jobba! Eg og ein automatikar frå Stavanger som ikkje kan bøya røyr, har lagt røyr.

Sidan lister ser ut til å vera i vinden, lagar eg eit par lister i staden for å fortelja.

Positivt på Aukra:
-Betre mat enn i Hammerfest.
-Bra trådlaust nett, slik at eg kan helsa på omverda
-Lite stress og kav og mas
-Kurante /adekvate kollegaer og formenn

Negativt på Aukra:
-Skodda og skyer
-Få kjende fjes
-Det er fint ver alle andre stader, så omverda er ikkje på nett så eg kan helsa på dei
-Termosen var dårleg på dette prosjektet og
-Ekstremt store avstandar
-Kjipe og lite utfordrande arbeidsdagar
-Det går ikkje bussar til Molde i helgene lenger
-Aukra kommune er ein liten fillekommune

Alt i alt er det lite interessant her, og eg ser fram til å koma heim.

Sidan eg ikkje i utgangspunktet har noko særleg å vlogga om, set eg pris på om folk legg inn kommentarar, så ikkje vloggen døyr heilt ut medan eg visnar her oppe.

2 kommentarer:

Mari sa...

Om det er nokon trøyst kan eg fortella at eg er på Elverum, og med unntak av øvingane, som stort sett er kjekke, er det ikkje så mykje som skjer her heller. I dag vart ein øving avlyst, og det førte til ei kjensle av panikk, meir enn glede. Kva skal eg gjera ein sundagskveld i Elverum? Heldigvis er det ein konsert å gå på, så eg overlever nok.

Kamerat Kjetil sa...

Elverum er vel ein relativt stor plass, er det ikkje? Så noko må ein vel alltids kunna finna på, skulle eg tru...

Men så mykje fritid har jo ikkje eg, så det er kanskje like greit at eg ikkje går glipp av store ting som kan finnast i lokalsamfunnet.