fredag, september 08, 2006

Hanssen må gå!

Den ”raudgrøne” regjeringa vår kom til makta takka vera fagrørsla. No har dei vist fleire gonger at dei ikkje fortener denne støtta. Først gjekk Arbeids- og ekskluderingsminister Hanssen til åtak på streikeretten i vår. Og no, eit år etter valet, fann regjeringa ut at dei ville bryta ein avtale dei tidlegare har kritisert andre for å villa bryta.

RV var i si tid skeptisk til IA-avtalen sitt einsidige fokus på sjukefråveret. Det seier seg sjølv at ein får eit høgare sjukefråver dersom ein skal ta t.d. folk som har gått på uføretrygd inn i arbeidslivet. Og når det viser seg å slå til, så brukar Bjarne Håkon Hanssen det som eit argument for å bryta IA-avtalen.

Det som må gjerast for å få ned sjukefråveret, er å slutta å driva rovdrift på norske arbeidarar. Dette gjeld kanskje særleg i kommunesektoren, som slit med dårleg økonomi og ikkje har råd til vikarar. Der har Åslaug Haga ein jobb å gjera når ho vert frisk. Men det gjeld også privat sektor, der aukande krav til effektivitet og fleksibilitet fører til ein stadig meir stressande kvardag på jobb for svært mange.

Det siste krumspringet til Hanssen vil føra til at folk som det har vore ein målsetnad å bruka til noko fornuftig, og som sjølve er interessert i å gjera nytta for seg, på ny vert pressa ut i arbeidsløysa og inn på uførepensjon eller sosialkontoret og verta ei byrda for samfunnet, i staden for ein ressurs.

Kanskje det var like greit å ikkje ha ei fleirtalsregjering? For det ser jo ut til at dei fleste politikarar er dummare i posisjon enn dei er i opposisjon. Men den førre regjeringa klarte då i det minste å lata som om dei brydde seg om kva folket meinte.

Og kanskje LO burde sjå etter andre samarbeidspartnarar i framtida?

Kjetil Grønås, leiar i Stord RV


Takk til Marit for språkleg småpirk på formulering.

4 kommentarer:

Katarina sa...

Hei Kjetil, kommer du på høstleiren eller?

Kamerat Kjetil sa...

Det hadde sikkert vore kjekt, men eg tvilar på det. Men eg kjem til Bergen helga før.

Tiram sa...

Hehe, takk for takk. Og linkage;)

Kamerat Kjetil sa...

Og kva skjer? Jo, det viser seg at Hovudutvalet i Aker Kværner ASA (mine tillitsvalde) har sendt eit lesarbrev om den same saka, til den same utgåva av den same avisa.

Og som om ikkje det var nok: Dei har DEN SAME OVERSKRIFTA som eg brukte!

Så mitt kom ikkje på trykk. Iallfall ikkje i dag. Eg får leggja det inn på "debattforumet" til avisa, då.