tirsdag, september 05, 2006

La damefotballen blomstra!

Marte har skrive ei kul pressemelding idag. Men Vikalappen gidd jo aldri å trykkja pressemeldingane frå RV, så eg hjalp Marte med å skriva meldinga om til eit lesarbrev. Det skal og nemnast at det internt i RV no går føre seg ein debatt om pressemeldinga burde ha vore meir seriøs og konstruktiv. Eg meiner at pressemeldinga er kjempebra slik ho er. Det er kjekt å setja ting på spissen, og hovudpoenget har Marte fint klart å få fram, sjølv om ho kjem med eit forslag som vil vera uaktuelt å vedta. Men mitt syn på saka kan jo ha noko å gjera med at eg ikkje synest fotball er særleg viktig eller spanande å sjå på, uavhengig av kjønnet til utøvarane.


Flytt gutta til Bislett

Er grasdekket på Ullevål så dårleg at dei ikkje toler at damene spelar cupfinale der, så burde heller ikkje herrane spela på Ullevål. RV støttar kvinnefotballaga sin boikott av trekninga.

Me reagerar skarpt på at Fotballforbundet flyttar cupfinalen for kvinner til Bislett, mens herrane sin cupfinale framleis skal spelast på Ullevål. Det er typisk at herreidretten vert prioritert føre kvinnene. Det finst eit ord for slikt: Diskriminering.

Det trengst ei feministisk oppvakning i idretts-Noreg. Både denne saka og diskrimineringa av Anette Sagen og dei andre kvinnelege skihopparane viser at det ligg mykje gammaldags mannssjåvinisme i ein del idrettskretsar. Det er på tide at toppfolka i idrettsorganisasjonane skjønar at kvinner sine idrettsprestasjonar er like viktige som menn sine. Eg er grundig lei av at "kvinnefotball" framleis er eit skjellsord.

Marte Mjøs Persen
Nestleiar i Raud Valallianse

2 kommentarer:

Stian Nicolajsen sa...

Å så politisk korrekt vi e...

Eg prøver, men eg kan ikkje skjønne ka som e så gale med at jentene må spille på bislett. De spiller dårlig fotball som ingen gidd å se på. Når de klarer å fylle ullevåll, kan de få lov å spille der.

Makan til dumskap

Kamerat Kjetil sa...

Det som er gale er at damene vert nedprioriterte og diskriminerte. Som vanleg.

Eg personleg drit i kor dei spelar, eg har ikkje tenkt å sjå korkje den eine eller den andre finalen.

Har du tenkt på at det kan vera ein samanheng mellom satsinga på og prioriteringa av damefotball, og interessa for damefotball?

Å kalla ein reaksjon mot kvinnediskriminering for dumskap, er det jo mange som gjer. Og 95% av dei er menn. Fleirtalet av desse "mange" er folk eg ikkje har særleg lyst til å driva eit feministisk parti saman med...