fredag, oktober 27, 2006

Litt kultur

Eg hadde tenkt å skriva eit dikt på vloggen i dag. Men så fann eg ut at ein annan har vlogga akkurat det diktet før. Så då treng ikkje eg òg gjera det.

Så eg vloggar ein annan song. Men den måtte eg setja om frå dansk, så eg veit ikkje om eg får alt rett. Sei ifrå om du ser ein feil. Takk til Mari, som heller ikkje hugsa teksten heilt utanåt, men som hugsa litt meir enn meg.

El pueblo

Ei von vart knust, ei framtid fall i grus.
De trur de fekk ein siger i hus,
men slegne menn skal reisa seg igjen,
og dei som fall, gjev styrke til vår kamp.
Vi veit, vi veit, at natta blir til dag,
at siger følgjer etter nederlag.
Eit samla folk kan aldri trampast ned,
vår motstandskamp skal samla fleir og fleir og fleir
og herrane skal knusast, og vi ser
at mot vår einskap vil dei brytast ned.
Så svar oss, herrar: Kven pløyer dykkar jord?
Kven bryt kopar opp fra gruva djup?
:: EL PUEBLO UNIDO JAMAS SERA VENCIDO!::

De tala om nasjon og fedreland.
Men kven har gitt dykk våpna i hand?
Og kvar gjekk fridomsvona som me bar
den selde de mot framand kapital
Men gjennom nederlaget vil vi få
ein visdom som de aldri kan forstå.
Eit væpna folk kan aldri trampast ned,
vår modstandskamp skal samla fleir og fleir og fleir,
og herrerne skal knusast, og vi ser,
at mot vår einskap vil dei brytast ned.
Og stoggast kan ikkje ropa som bryt fram
frå Chile, Azania, Campuchea, Kurdistan:
:: EL PUEBLO ARMADO JAMAS SERA APLASTADO!::

onsdag, oktober 25, 2006

Uproft

Eg var på posten i dag og henta RV-flygeblad. Det er verveflygeblad som me hadde tenkt å bruka på Høgskulen. Det sto ingenting om studentpolitikk, fokuset såg ut til å vera på industri og sjukehus. Men det er jo ikkje så farleg. Og flygisen var heilt grei den, sjølv om det står svært lite om sosialisme og sånt der. Og fargane var akkurat så keisame som dei bør vera på ein RV-flygis.

Men på side tre i flygebladet er det ein skrivefeil. Ikkje berre ein sånn liten ein. Nei, det er ein sånn ultrastor megafeil som nesten gjer flygebladet ubrukeleg. Det står «Vil du jobbe mot USAs røverkriger, for fred og solidaritet med undertrykte folk? undertrykte folk?» (sic!) Så dårleg økonomi har vel ikkje partiet vårt at me ikkje har råd til å lesa betre korrektur enn det?

Det ser ut til å gå greit å dekkja over dei ekstra orda med sprittusj. Så no må eg skaffa meg ein sprittusj. Det vert ein dritjobb å stryka over det på alle flygeblada, men det må vel gjerast. For dei gidd jo ikkje å trykkja opp nye flygeblad for å verva medlemer til eit parti som har tenkt å leggja seg ned snart.

Og medan eg var på Posten, oppdaga eg at dei har lågare renta enn min bank. Så no skal eg kanskje flytta lånet mitt snart.

mandag, oktober 23, 2006

Håplaust forslag frå rådmannen

Rådmannen har lagt fram eit budsjett han sjølv seier er «ualminneleg stramt», i ein kommune som alt har levd på sparebluss i fleire år. Kommunalsjefen ser at dette ikkje vil gå bra. Og i omsorgssektoren, som vert hardast ramma, veit alle dei tilsette at det er ikkje noko meir att å spara.

I Soria Moria-erklæringa står det at regjeringa skal «gjennom en forpliktende flerårig opptrappingsplan rette opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren». Det kan vel ikkje bety anna enn at dei har tenkt å bruka dei siste to statsbudsjetta i perioden på å retta opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren, og soleis retta opp det enorme underskotet Stord kommune har samla opp etter mange år med smalhans administrert av skiftande regjeringar?

Dersom tafatte lokalpolitikarar held fram med å ta utgongspunkt i at alt som manglar skal sparast inn, vil regjeringa sleppa å oppfylla løftet sitt, og riksmedia vil halda fram med å skriva om denne snille regjeringa som deler ut millionar i aust og vest. Og Stord kommune vil få eit stadig dårlegare tenestetilbod. Er dette vanskeleg å sjå?

Så kommunestyret må hiva rådmannen sitt budsjettforslag og økonomiplan i bosspannet, der dei høyrer heime. Så må dei skriva eit nytt budsjett, basert på klåre lovnader frå ei fleirtalsregjering, der kommunen sin forventa inntektsauke dekkjer opp for både gjeldsbetaling, ny ungdomsskule, dei tilsette som manglar i helsesektoren og alle dei andre viktige tinga som rådmannen og kommunestyrefleirtalet har forsømt dei siste åra.

Og regjeringspartia har fleirtal også i kommunestyret, så dette burde vel vera ei smal sak?

Kjetil Grønås, Stord RV

søndag, oktober 22, 2006

Heldige meg

Eg skal heim i morgon tidleg. Ein dag før tida. Hah! Så me har jobba 11 dagar i staden for 13,625 dagar.

Og eg får henta jenta mi på tysdag i staden for onsdag. Snill eks eg har, altså...

Og eg har snakka med disiplinleiaren, og han var samd i at eg burde ha fri i jula.

Og revolusjonen kjem snart, har eg høyrt rykte om. Hurra!

søndag, oktober 15, 2006

Naturopplevingar

Eg såg ein snigel som hadde spasert over ein fjerdedel av fortauet, og var i ferd med å ta fatt på sin andre fjerdedel. Då slo det meg; tenk kor fantastisk keisamt det må vera å vera ein snigel...

tirsdag, oktober 10, 2006

Vart forseinka denne gongen.


Flyet mitt kræsja og tok fyr. Eg rakk ikkje eingong å koma ombord. Eg tok bilete av røyken med mobilen min. No er eg heime att.

mandag, oktober 09, 2006

Organisasjonane våre

I dag fekk eg vita at ein gjeng radikale ungdommar på musikklina på Stord Vidaregåande kanskje vil starta RU-lag på Stord. Jippi!

fredag, oktober 06, 2006

Hrmf

I dag fekk eg mobiliseringsbrevet mitt. Og no har idiotane funne ut at dei skal senda oss opp på tysdagane i staden for torsdagane, utan å nemna det med eit ord til oss det gjeld. Så då må eg til Haugesund med jentungen to dagar tidlegare. Og eg går kanskje glipp av Iron Maiden-konserten, for den kjem midt i ein arbeidsperiode.

Tog på norsk

Helten Marte har sendt pressemelding på nynorsk idag. Hurra!

Sjukehuset

I dagens (altså fredagens) utgåva av Vikalappen skriv Mohamed dette:


Stord treng akuttmottaket!

Helseministeren seier at akuttmottaket kan vera aktuelt å leggja ned ved mindre sjukehus. Å leggja ned akuttmottaket ved Stord sjukehus, vil vera ei dramatisk forverring av sjukehustilbodet i Sunnhordland.

Ikkje nok med at innbyggjarane i regionen får eit dårlegare tilbod. Men med den aktiviteten det er lagt opp til i industrien i åra framover, er det heilt naudsynt å ha eit godt akuttmottak. Dette handlar ikkje om økonomi, det handlar om liv. Fleire vil døy som følgje av ulukker dersom akuttmottaket ved Stord Sjukehus vert nedlagt. Så enkelt er det. Me håpar at ministeren og dei regionale helseføretaka tenkjer seg om mange gonger før dei aukar faren ved å vera tilsett i industrien.

Industrien treng fleire folk framover. Det er vanskeleg å rekruttera folk til å flytta til ein småby med eit middelmådig helsetilbod. Og det er vanskeleg å rekruttera folk til ein industri der ein ikkje er trygg på at ein vert teken hand om dersom det skulle skje ei ulukka.

Mohamed Kallel, Stord RV

Folkelotto.no

Er det andre enn meg som har fått SMS-meldingar frå "Folkelotto.no"? Kva er dette for slags idiotar? Då eg fekk den første meldinga eg ikkje hadde bede om, på tysdag, sendte eg straks ei sånn "stopp"-melding til 1963. Og idag fekk eg jaggu ei til.

Så eg gjekk inn på nettet og sendte ei melding til brukarstøtte-avdelinga deira. Og trur du ikkje at det var obligatorisk å skriva opp e-postadressa i skjemaet? Ja, sjølvsagt vil eg gje den type folk e-postadressa mi. Det er faktisk ingenting eg har meir lyst til...

onsdag, oktober 04, 2006

Oi!

Denne veka får eg henta ungen ein dag før tida. Ho skal på kontroll på helsestasjonen i morgon, og eg får æra av å ta henne med dit. Så køyrer me heim for eg skal på trening og møte.

Heldige meg.

Kommuneøkonomien

2,59 milliardar ekstra skal kommunane få. Eit ganske høgt tal faktisk, nemleg 2.590.000.000. Men likevel trur eg det er for lite. Og eg er heilt sikker på at det ikkje får merkbar positiv verknad på Stord kommune sitt tenestetilbod for det komande året.

Regjeringa vil «gjennom en forpliktende flerårig opptrappingsplan rette opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren», står det i Soria Moria-erklæringa. Vil dei halda dette løftet?

Torstein Dahle hadde eit overslag hausten 2004, der han kom fram til at kommunesektoren mangla 20 milliardar i året. Dette var eit minimum som skulle dekkja nedbetaling av gjeld, utbetring av akkumulert underskot og manglande vedlikehald, og gje kommune-Noreg sjansen til å oppretthalda, eller gjenoppretta, eit forsvarleg tenestetilbod. Om eg ikkje hugsar heilt feil. Til no har kommunane fått 8 mrd sidan den nye regjeringa tok over. Då manglar me 12 mrd. I tillegg må kommunane ha dekka inn pris- og lønsveksten.

Av dette ser me at kommunane må ha meir enn 6 mrd (eg veit ikkje kor mykje meir, er ikkje økonom) i kvart av åra som står att av stortingsperioden, for at regjeringa skal kunna seia at dei har «retta opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren». Trur du at dei klarar det?

tirsdag, oktober 03, 2006

Valkampen og Frugård

Ei hyggjeleg dama ringte meg idag og sa ho kunne stå på lista vår. Då vart eg glad. Men eg har ikkje fortalt nokon andre om det enno, det gløymte eg.

I dag har me fått mange nye innspel til programmet vårt. Om Stord RV sin helsepolitikk. Det er bra!

Og medan me sat på Frugård og snakka om programmet, tinga eg meg ein chiliburger. Det tok litt tid, så eg gjekk og etterlyste han. Dama sa ho skulle sjekka det opp, og eg forsto at ho hadde gløymt det. Etterpå innrømte ho at ho hadde gløymt det, og eg fekk burgeren gratis. Og dei har god burger, så den skal eg kjøpa fleire gonger. Eller, eg har vel eigentleg aldri kjøpt ein, men eg skal byrja. Og eg trur me må ha møte på Frugård oftare. Atmosfæren der er liksom litt meir koseleg enn på rådhuset. Og det er ikkje så mange folk der på den tida på døgnet me brukar å møtast. Og eg slepp å henta nøkkel, det gløymer eg jo oftare enn eg hugsar det.

Kraftkrisa?

Det snakkast mykje om kraftkrisa for tida, om den store mangelen på straum. Og for å få nok straum må me ha både gasskraftverk og vindmøller, er omkvedet. Sjølv SV og Sp er no på gli i gasskraftsaka.

Det finnest ikkje noko kraftkrisa! Krisa er den liberale energilova som kom i 1990, som har gjort kraftmarknaden i Noreg til ein del av ein europeisk kraftmarknad. Det som skjer er at norske straumbrukarar må konkurrera med utanlandske straumbrukarar. Og då seier det seg sjølv at utlendingane som er vane med å betala dyrt for straumen, utkonkurrerar oss. Så då må norske forbrukarar finna seg i ein høgare pris, ein pris som snart tilsvarer kostnaden på straumproduksjonen i andre land.

Gasskraftverk er eit blindspor. For det første har me kraftoverskot i Noreg, me eksporterar mykje meir enn me importerar. For det andre er straum frå slike kraftverk fire gonger så dyr å produsera som den krafta me produserar i dag. Og for det tredje: Meir kraft vil berre gjera seljarane av kraft rikare, og ikkje gjera noko med prisane. Me må framleis betala europeiske prisar på straumen.

Det einaste som kan føra til at straumprisane går ned i Noreg, er å gjera kraftverka og straumforsyninga til eit samfunnsmessig ansvar att, og å reversera liberaliseringa i energilova. For slik energilova ser ut i dag, vil norske straumkjøparar alltid måtta konkurrera med dei utanlandske.

Kjetil Grønås
Stord RV

MacGyver

Episoden om soldatmaur var på MacGyver i dag. Det er ein av dei beste episodane. Eg ville ha gått glipp av heile programmet, om ikkje bror min hadde sagt ifrå.

Slutten minnar faktisk om ein scene i «The Two Towers». Men her er det ikkje orkane som døyr når entane øydelegg demninga og raserar alt, men maurane som døyr, når MacGyver øydelegg demninga og raserar alt. Kanskje Peter Jackson vart inspirert av denne MacGyver-episoden? Eller kanskje det var MacGyver som fekk ideen frå boka?

Gjeld

Eg har gjeld. Det er ikkje gøy. Skulle ønska nokon ville sletta den. Det burde ikkje vera naudsynt å gjera seg til gjeldsslave for å ha ein plass å bu.

Men eg har jo trass i alt råd til å betala avdraga mine. Det er det ikkje alle som har. Og difor er det gledeleg at Noreg, som ein av dei største kreditorane i verda, representert ved utviklingsminister Erik Solheim, vil sletta noko av gjelda.

Så ikkje kom her og sei at det ikkje hjelper at SV er i regjering. Det hjelper litt.

mandag, oktober 02, 2006

Snakk dialekt - Skriv nynorsk!

Eg likar ikkje Yoplait-reklamane. Dei fortel folk at romanse og drama ikkje fungerar på trønderdialekt, men er best på fransk.

Det er fullt mogleg at fransk yoghurt er betre enn norsk. Men at fransk språk skal vera betre enn norsk, er pisspreik!

"Æ kainn itj lev utn dæ, sjø", kan verta eit flott slagord for målfolk å bruka. Til dømes kan me seia det til sidemålet. Eller til kjærastane våre.

Vil DU ha sekstimarsdag?

Då har eg funne jobben for deg. Innvær trappefabrikk har nemleg funne ut at dei skal prøva kortare arbeidstid. Og dei treng fleire produksjonsmedarbeidarar.

Med den arbeidsmarknaden me har idag, trur eg ikkje det er vanskeleg for ei nevenyttig dama å få ein slik jobb. Og er du ein av kjernelesarane på vloggen, kan det òg tenkjast at du vil vera eit verdifullt tilskot til det lokale RV-laget (altså mitt). Så berre søk.

Ganske komisk eigentleg, at det er kapitalistane sjølv som må ta initiativ til sekstimarsdagen. Det var det nemleg i dette høvet. Det hadde nok ikkje Marx forventa. Skjønar ikkje SV og LO at dei no har ein gyllen sjanse til å pressa regjeringa si på dette spørsmålet? Det vil eg gjerne at SU- og SV-vloggarar (sherwe, Audun, zaga og alle dei andre) skal svara på.