mandag, oktober 23, 2006

Håplaust forslag frå rådmannen

Rådmannen har lagt fram eit budsjett han sjølv seier er «ualminneleg stramt», i ein kommune som alt har levd på sparebluss i fleire år. Kommunalsjefen ser at dette ikkje vil gå bra. Og i omsorgssektoren, som vert hardast ramma, veit alle dei tilsette at det er ikkje noko meir att å spara.

I Soria Moria-erklæringa står det at regjeringa skal «gjennom en forpliktende flerårig opptrappingsplan rette opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren». Det kan vel ikkje bety anna enn at dei har tenkt å bruka dei siste to statsbudsjetta i perioden på å retta opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren, og soleis retta opp det enorme underskotet Stord kommune har samla opp etter mange år med smalhans administrert av skiftande regjeringar?

Dersom tafatte lokalpolitikarar held fram med å ta utgongspunkt i at alt som manglar skal sparast inn, vil regjeringa sleppa å oppfylla løftet sitt, og riksmedia vil halda fram med å skriva om denne snille regjeringa som deler ut millionar i aust og vest. Og Stord kommune vil få eit stadig dårlegare tenestetilbod. Er dette vanskeleg å sjå?

Så kommunestyret må hiva rådmannen sitt budsjettforslag og økonomiplan i bosspannet, der dei høyrer heime. Så må dei skriva eit nytt budsjett, basert på klåre lovnader frå ei fleirtalsregjering, der kommunen sin forventa inntektsauke dekkjer opp for både gjeldsbetaling, ny ungdomsskule, dei tilsette som manglar i helsesektoren og alle dei andre viktige tinga som rådmannen og kommunestyrefleirtalet har forsømt dei siste åra.

Og regjeringspartia har fleirtal også i kommunestyret, så dette burde vel vera ei smal sak?

Kjetil Grønås, Stord RV

7 kommentarer:

Tiram sa...

"(...) dei har tenkt å bruka dei siste to statsbudsjetta i perioden på å retta opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren (...)"

Vel, duh -- de to siste statsbudsjetta i perioden er jo oppvarming til neste stortingsvalg, så det er klart de vil strø litt meire penger utover da.

Kamerat Kjetil sa...

Det hadde vore stiligt. Men "folk flest" trur jo at dei alt har strødd, media masar jo støtt om dei auka overføringane. Og her på Stord har me jo ikkje merka noko til desse "auka inntektene". Det vesle som kjem, brukar rådmannen til gjeldssanering.

jokke sa...

banditter

katarina sa...

Du har sendt dette som innlegg til avisa, ikke sant? Det var kanskje poenget.. Men du skrev det ikke, så da må jeg spørre.

Kamerat Kjetil sa...

Eg sendte det til avisa ja, hehe. Det sto på trykk i går.

Anonym sa...

14,5 millionar i auka overføringar til stord i 2007 er vel ikkje ingenting, og at lokalpolitikarar vil rette drifta etter intekter er vel ikkje eit teiktn på vera tafatt, men realistisk.

Kamerat Kjetil sa...

Som sagt, dei nye millionane som til ei kvar tid måtte koma, vert brukte til å betala ned gjeld med. Dessutan har ein noko som heiter løns-og prisvekst.

Det nivået på tenestetilbodet som rådmannen legg opp til, har etter mi meining ingenting med realisme å gjera.