onsdag, oktober 04, 2006

Kommuneøkonomien

2,59 milliardar ekstra skal kommunane få. Eit ganske høgt tal faktisk, nemleg 2.590.000.000. Men likevel trur eg det er for lite. Og eg er heilt sikker på at det ikkje får merkbar positiv verknad på Stord kommune sitt tenestetilbod for det komande året.

Regjeringa vil «gjennom en forpliktende flerårig opptrappingsplan rette opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren», står det i Soria Moria-erklæringa. Vil dei halda dette løftet?

Torstein Dahle hadde eit overslag hausten 2004, der han kom fram til at kommunesektoren mangla 20 milliardar i året. Dette var eit minimum som skulle dekkja nedbetaling av gjeld, utbetring av akkumulert underskot og manglande vedlikehald, og gje kommune-Noreg sjansen til å oppretthalda, eller gjenoppretta, eit forsvarleg tenestetilbod. Om eg ikkje hugsar heilt feil. Til no har kommunane fått 8 mrd sidan den nye regjeringa tok over. Då manglar me 12 mrd. I tillegg må kommunane ha dekka inn pris- og lønsveksten.

Av dette ser me at kommunane må ha meir enn 6 mrd (eg veit ikkje kor mykje meir, er ikkje økonom) i kvart av åra som står att av stortingsperioden, for at regjeringa skal kunna seia at dei har «retta opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren». Trur du at dei klarar det?

Ingen kommentarer: