tirsdag, oktober 03, 2006

Kraftkrisa?

Det snakkast mykje om kraftkrisa for tida, om den store mangelen på straum. Og for å få nok straum må me ha både gasskraftverk og vindmøller, er omkvedet. Sjølv SV og Sp er no på gli i gasskraftsaka.

Det finnest ikkje noko kraftkrisa! Krisa er den liberale energilova som kom i 1990, som har gjort kraftmarknaden i Noreg til ein del av ein europeisk kraftmarknad. Det som skjer er at norske straumbrukarar må konkurrera med utanlandske straumbrukarar. Og då seier det seg sjølv at utlendingane som er vane med å betala dyrt for straumen, utkonkurrerar oss. Så då må norske forbrukarar finna seg i ein høgare pris, ein pris som snart tilsvarer kostnaden på straumproduksjonen i andre land.

Gasskraftverk er eit blindspor. For det første har me kraftoverskot i Noreg, me eksporterar mykje meir enn me importerar. For det andre er straum frå slike kraftverk fire gonger så dyr å produsera som den krafta me produserar i dag. Og for det tredje: Meir kraft vil berre gjera seljarane av kraft rikare, og ikkje gjera noko med prisane. Me må framleis betala europeiske prisar på straumen.

Det einaste som kan føra til at straumprisane går ned i Noreg, er å gjera kraftverka og straumforsyninga til eit samfunnsmessig ansvar att, og å reversera liberaliseringa i energilova. For slik energilova ser ut i dag, vil norske straumkjøparar alltid måtta konkurrera med dei utanlandske.

Kjetil Grønås
Stord RV

1 kommentar:

Kamerat Kjetil sa...

Og i dag kom innlegget på trykk i Sunnhordland.