fredag, oktober 27, 2006

Litt kultur

Eg hadde tenkt å skriva eit dikt på vloggen i dag. Men så fann eg ut at ein annan har vlogga akkurat det diktet før. Så då treng ikkje eg òg gjera det.

Så eg vloggar ein annan song. Men den måtte eg setja om frå dansk, så eg veit ikkje om eg får alt rett. Sei ifrå om du ser ein feil. Takk til Mari, som heller ikkje hugsa teksten heilt utanåt, men som hugsa litt meir enn meg.

El pueblo

Ei von vart knust, ei framtid fall i grus.
De trur de fekk ein siger i hus,
men slegne menn skal reisa seg igjen,
og dei som fall, gjev styrke til vår kamp.
Vi veit, vi veit, at natta blir til dag,
at siger følgjer etter nederlag.
Eit samla folk kan aldri trampast ned,
vår motstandskamp skal samla fleir og fleir og fleir
og herrane skal knusast, og vi ser
at mot vår einskap vil dei brytast ned.
Så svar oss, herrar: Kven pløyer dykkar jord?
Kven bryt kopar opp fra gruva djup?
:: EL PUEBLO UNIDO JAMAS SERA VENCIDO!::

De tala om nasjon og fedreland.
Men kven har gitt dykk våpna i hand?
Og kvar gjekk fridomsvona som me bar
den selde de mot framand kapital
Men gjennom nederlaget vil vi få
ein visdom som de aldri kan forstå.
Eit væpna folk kan aldri trampast ned,
vår modstandskamp skal samla fleir og fleir og fleir,
og herrerne skal knusast, og vi ser,
at mot vår einskap vil dei brytast ned.
Og stoggast kan ikkje ropa som bryt fram
frå Chile, Azania, Campuchea, Kurdistan:
:: EL PUEBLO ARMADO JAMAS SERA APLASTADO!::

7 kommentarer:

Tarjei sa...

Eg trur det skal vera "Ei von vart knust, ei framtid fall i grus" i fyrste linja, ikkje "eit håp". Elles trur eg at det er rett.

Kamerat Kjetil sa...

Du har heilt rett, Tarjei. Sjølvsagt skal det vera von.

Brage sa...

Det er ikke mange feila du har gjort. Det er stort sett relativt uvesentlige forskjeller mellom din oversettelse og den originale norske versjonen. Den korrekte norske oversettelsen, den som står i Rød Front-sangboka går som følger:

Ei von vart knust, ei framtid fall i grus.
Dei trur dei fekk ei siger i hus.
Men slegne menn skal reisa seg igjen,
og dei som fall gjev styrke til vår kamp.
Vi veit, vi veit at natta vert til dag,
at siger følgjer etter nederlag.
Eit samla folk kan aldri trampast ned,
vår motstandskamp skal samla fleir og fleir og fleir
og herrane skal knust, og vi ser
at mot vår einskap vil dei brytast ned.
Så svar oss, herrar: Kven pløyar dykkar jord?
Kven bryt koppar opp fra gruva djup?

Dei tala om nasjon og fedreland.
Men kven har gitt dykk våpna i hand?
Og kvar gjekk fridomsvona som me bar?
Den selde dei mot framand kapital.
Men gjennom nederlaget vil vi få
ei visdom som dei aldri kan forstå.
Eit væpna folk kan aldri trampast ned,
vår modstandskamp skal samla heile folket vårt,
og herrane skal knusast, og vi ser,
at mot vår einskap vil dei brytast ned.
Og stoggast kan ikkje ropa som bryt fram
frå Chile, Azania, Campuchea, Kurdistan:

Kamerat Kjetil sa...

Brage, er du sikker på at det skal vera dei, og ikkje de? Eg har nemleg aldri sett at det har stått dei i RU sine songhefte. Men alle RU-bokmåls-ungdomane syng jo dei likevel.

Tarjei Vågstøl sa...

Den danske utgåva til Savage Rose bruker «I», altså «de». Det er vel den Kjetil har sett etter?

Verselinjene «De[i] tala om nasjon og fedreland / Men kven har gitt dykk våpna i hand? / Og kvar gjekk fridomsvona som me bar? / Den selde de[i] mot framand kapital» vert heilt uskjønelege om det skal vera «dei», men veldig skjønelege om det skal vera «de».

Eg kan ikkje spansk, men eg trur den spanske utgåva er ganske ulik frå den norske og danske.

Kamerat Kjetil sa...

Du har rett igjen. Og dette la eg faktisk merke til hin dagen, men kom ikkje på det no.

Brage sa...

Ja, i sangboka står det dei hvis ikke jeg husker helt feil.