onsdag, oktober 25, 2006

Uproft

Eg var på posten i dag og henta RV-flygeblad. Det er verveflygeblad som me hadde tenkt å bruka på Høgskulen. Det sto ingenting om studentpolitikk, fokuset såg ut til å vera på industri og sjukehus. Men det er jo ikkje så farleg. Og flygisen var heilt grei den, sjølv om det står svært lite om sosialisme og sånt der. Og fargane var akkurat så keisame som dei bør vera på ein RV-flygis.

Men på side tre i flygebladet er det ein skrivefeil. Ikkje berre ein sånn liten ein. Nei, det er ein sånn ultrastor megafeil som nesten gjer flygebladet ubrukeleg. Det står «Vil du jobbe mot USAs røverkriger, for fred og solidaritet med undertrykte folk? undertrykte folk?» (sic!) Så dårleg økonomi har vel ikkje partiet vårt at me ikkje har råd til å lesa betre korrektur enn det?

Det ser ut til å gå greit å dekkja over dei ekstra orda med sprittusj. Så no må eg skaffa meg ein sprittusj. Det vert ein dritjobb å stryka over det på alle flygeblada, men det må vel gjerast. For dei gidd jo ikkje å trykkja opp nye flygeblad for å verva medlemer til eit parti som har tenkt å leggja seg ned snart.

Og medan eg var på Posten, oppdaga eg at dei har lågare renta enn min bank. Så no skal eg kanskje flytta lånet mitt snart.

6 kommentarer:

christian jacobsen sa...

Jeg tar'n ikke jeg, hva er galt med «undertrykte»?

Forresten, hva heter en maskin som bøyer rør? Jeg trenger å få bøyd noen 1,8-meter lange metallrør. Du vet jo alt sånn.

Kamerat Kjetil sa...

Det galne er at det står «(...)undertrykte folk? undertrykte folk?», altså dei same orda to gonger.

Me kallar han ein bøyemaskin. Eventuelt røyrbøyar.

christian jacobsen sa...

Åååååååååååååååh, jeg trodde bare at det var du som gjentok det for å poengets skyld.

Ja, ok -- DET burde man ha sett før man trykket flyvebladet.

jokke sa...

Jeg har lyst på en røyrbøyar det høres veldig morsomt ut å ha i skapet.

Kamerat Kjetil sa...

Til små røyr (opp til 12 mm) brukar me bøyetenger. Ei sånn kan du skaffa deg. Swagelok har den beste varianten eg har brukt.

Om du skal ha ein bøyemaskin (me brukar GS Hydro sin Standard Bending Machine) så må du ha eit stort skåp.

Karlsen sa...

Di har berre gl¢ym stor bokstav i siste setningen : «Vil du jobbe mot USAs røverkriger, for fred og solidaritet med undertrykte folk? Undertrykte folk?»