tirsdag, oktober 03, 2006

Valkampen og Frugård

Ei hyggjeleg dama ringte meg idag og sa ho kunne stå på lista vår. Då vart eg glad. Men eg har ikkje fortalt nokon andre om det enno, det gløymte eg.

I dag har me fått mange nye innspel til programmet vårt. Om Stord RV sin helsepolitikk. Det er bra!

Og medan me sat på Frugård og snakka om programmet, tinga eg meg ein chiliburger. Det tok litt tid, så eg gjekk og etterlyste han. Dama sa ho skulle sjekka det opp, og eg forsto at ho hadde gløymt det. Etterpå innrømte ho at ho hadde gløymt det, og eg fekk burgeren gratis. Og dei har god burger, så den skal eg kjøpa fleire gonger. Eller, eg har vel eigentleg aldri kjøpt ein, men eg skal byrja. Og eg trur me må ha møte på Frugård oftare. Atmosfæren der er liksom litt meir koseleg enn på rådhuset. Og det er ikkje så mange folk der på den tida på døgnet me brukar å møtast. Og eg slepp å henta nøkkel, det gløymer eg jo oftare enn eg hugsar det.

5 kommentarer:

mairapus sa...

Frugård har skikkelig god pizza!

Kamerat Kjetil sa...

Og dei har mykje anna godt. Du bør prøva biffen. Og altså chiliburgeren

mairapus sa...

høtt åt me når trude og knerten va der da? det vakje pizza det?

Kamerat Kjetil sa...

Jau, då åt me pizza.

mairapus sa...

Den var så god at eg ikkje huska den eingang...