mandag, oktober 02, 2006

Vil DU ha sekstimarsdag?

Då har eg funne jobben for deg. Innvær trappefabrikk har nemleg funne ut at dei skal prøva kortare arbeidstid. Og dei treng fleire produksjonsmedarbeidarar.

Med den arbeidsmarknaden me har idag, trur eg ikkje det er vanskeleg for ei nevenyttig dama å få ein slik jobb. Og er du ein av kjernelesarane på vloggen, kan det òg tenkjast at du vil vera eit verdifullt tilskot til det lokale RV-laget (altså mitt). Så berre søk.

Ganske komisk eigentleg, at det er kapitalistane sjølv som må ta initiativ til sekstimarsdagen. Det var det nemleg i dette høvet. Det hadde nok ikkje Marx forventa. Skjønar ikkje SV og LO at dei no har ein gyllen sjanse til å pressa regjeringa si på dette spørsmålet? Det vil eg gjerne at SU- og SV-vloggarar (sherwe, Audun, zaga og alle dei andre) skal svara på.

4 kommentarer:

Audun sa...

Gode poenger, Kjetil!
Vi har nå en gylden mulighet til å løfte sekstimersdagen til å bli et sentralt spørsmål i norsk politisk debatt. Regjeringen skal jo sette i gang forsøksordninger i offentlig sektor. Det er bra og viktig. Men nettopp det at arbeidstidsreduksjoner tas i bruk i privat sektor har veldig stor betydning. Det bidrar nemlig til å slå ihjel høyresidens fremste argument mot kortere arbeidstid, at det skal være ulønnsomt. Ikke bare tror jeg sekstimersdag er et godt regnestykke samfunnsmessig, fordi vi vil bli bedre i stand til å ta vare på folk, så man både kan jobbe et helt yrkesliv og forebygge mange sosiale problemer. Men dette viser at det også er lønnsomt for mange enkeltbedrifter.

Kamerat Kjetil sa...

Eg trur ikkje at reknestykket vil vera positivt. Og eg trur ikkje det er lønsamt for verksemdene. Det er ikkje økonomiske omsyn me må argumentera for, då tapar me kampen om sekstimarsdagen. Fleire verksemder har avslutta prosjekta sine av denne og andre grunnar, til dømes Nardo Bil, som ikkje har «produsert nok». Kortare arbeidstid vil me ha fordi arbeidarklassen treng meir fritid, og fordi ein stadig større del av arbeidsdagen går til å skapa meirverdi.

Erfaringar frå det siste året viser at den naudsynte arbeidstida no er så kort at kapitalistane vil tola ein reduksjon i arbeidstida utan problem. Men at dei vil tena økonomisk på det, det må me ikkje tenkja på å seia eingong. For det er løgn. Og regjeringa sine konsulentar har jo kome fram til at det ikkje er så lurt, av nett økonomiske grunnar. Og dette står i rapportar som høgresida i regjeringa kjem til å bruka for alt dei er verdt.

Når det gjeld det at ein tek betre vare på folk med sekstimarsdagen, trur eg nok at det òg er litt feil, så lenge kapitalismen eksisterar. For omkvedet er jo at når arbeidstida går ned, skal arbeidsintensiteten gå opp. Så eg trur folk vil vera minst like slitne, eller kanskje enno slitnare, når dei kjem heim frå jobb. Men ein kjem altså til å ha halvannan time ekstra til å kvila seg på.

Sherwe sa...

Heisann! FOr å svare på utfordringa di først; Jo da, jeg trur de fleste SVere skjønner dette. (Skal ikke svare for LO, jeg er organisert i Sykepleierforbundet ;-)Trykket for å få til forsøk med sekstimers dag har vært høyt innad i SV-organisasjonen så lenge jeg har vært med, og det vil nok fortsette å være det. Hvorvidt regjeringa hører på SV-organisasjonen er en helt annen sak.

Mht. om sekstimersdag er lønnsomt, eller bare bra for arbeidsfolk, så tror jeg at det er noe vi får svar på først når det er prøvd i virkelig stor skala. Gevinstene ligger jo først og fremst i å frigjøre massevis av tid til frvillig arbeid, mindre kostander til helsereparasjon osv - slike ting som synes bedre på statsbudsjettet enn i regnskapet til den enkelte bedrift..

Kamerat Kjetil sa...

Du har eit poeng der, denne regjeringa har jo ikkje akkurat for vane å høyra på korkje SV eller LO.