onsdag, november 29, 2006

Rart

Eg kom til å tenkja på noko når eg såg nyhendesendinga til TV2 i stad. Dei kan ikkje senda Najmuddin Faraj Ahmad heim til irakisk Kurdistan fordi det er borgarkrig seier dei no. Tidlegare har dødsdommen hans vore problemet.

Då er det jo jævla rart at dei kan senda ein haug med afghanarar "heim" til den visse død i eit krigsherja land.

Det er vel ikkje så farleg å vera flyktning, ikkje ein gong ein potensielt farleg flyktning, så lenge ein er stinn av gryn og har råd til dei beste advokatane (Ja, Brynjar Meling er snål, men han kan det han driv med).

torsdag, november 23, 2006

Ringverset

Alvar under blåna eig ringane tri.
Sju fekk dvergdrottane i salar av stein.
Menn som er saka til dauden fekk ni.
Men drotten for myrkret ein einaste ein
i landet Mordor der skuggane rår.
Ein ring skal styra deim, ein ring skal finna deim.
Ein ring tvinga deim og i myrker binda deim
i landet Mordor der skuggane rår.

Three Rings for the Elven-kings under the sky,
Seven for the Dwarf-lords in their halls of stone,
Nine for Mortal Men doomed to die,
One for the Dark Lord on his dark throne
In the Land of Mordor where the Shadows lie.
One Ring to rule them all, One Ring to find them,
One Ring to bring them all and in the darkness bind them
In the Land of Mordor where the Shadows lie.

mandag, november 20, 2006

Lokale industrinyhende

Eg har tidlegare vlogga om den bømlonesiske sekstimarsdagen. NRK skriv at det vert oppsummert som ein suksess. Det var kjekt.

I dag trakka eine utlendingen min over. Det var ikkje så kjekt.
Etter å ha kvila foten sin litt, skal han få alternativt arbeid. Me vil jo ikkje ha ein fråversskade på statistikken, det tek seg ikkje ut. Så i morgon tidleg må eg skriva rapport og senda stakkaren på preservering (som ikkje må forvekslast med konservering). Legg forresten merke til det siste biletet på preserveringssida.

søndag, november 19, 2006

Hehe

Fekk spam frå NextGenTel på e-posten min i dag, fordi eg er kunde der. Dei skryt av at dei skal setja opp bandbreidda. Men eg beit meg merke i ei setning.

«Dette har gjort NextGenTel til den klart nest største bredbåndsleverandøren i Norge.»

Klårt nest størst? Når vart det noko å slå seg på brysta med?

torsdag, november 16, 2006

Kjipe meg

Vloggefrekvensen min har gått ned i det siste. For første gong (trur eg) har det gått over ei veka utan at eg har skrive noko. Det er ikkje med vilja, det berre vart sånn. Men no har eg i det minste oppdatert lista over andre vloggar. Sei ifrå om du saknar namnet ditt eller vloggen din på lista, eg kan ha gløymt deg. Eller kanskje eg berre ikkje vil ha deg der.

I dag er eg vorten ein del av kapitalismen sitt maktapparat. Eg har fått meg ei formannsstilling. Men det er berre for eit par veker, så eg reknar med at sentralkomiteen godtek det. Jobben er interessant, men slitsam. Særleg slitsamt vert det når me ikkje har ein einaste bas. Dei andre, skikkelege formenna har to. Men noko må eg jo ofra for å oppnå frynsegodet kaffipolett.

Nynorsk Wikipedia har utnemnt sin første gode artikkel denne veka: Sky.

For å underhalda og engasjera lesarane mine litt: Tipp kor langt skjegget mitt er! Den første som svarar rett vinn ei flaska finsk majones (Pivolainen skaffar sikkert). For dei som ikkje har sett meg på lenge kan eg opplysa at eg barberte meg siste gong i slutten av juli, helga før min første tur til Aukra.

Så skal eg prøva å ikkje skriva så mykje om meg sjølv neste gong eg vloggar.

Og sist, men ikkje minst:
Gunn Helen har bursdag. Gratulerar med dagen!

tirsdag, november 07, 2006

Nicaragua

Daniel Ortega vinn valet. Vloggen gratulerer.

Søkjeord

Vloggen ser ut til å vera lett å finna fram til ved å søkja på google og kvasir. Framleis er det slik at den suverene vinnaren på søkjefronten er innlegget kråkevisa. Men fram til i dag har eg ikkje hatt søkjeord som har vore nemneverdige nok til å skriva om. Det næraste var "litt om Kurdistan", som førte fram til den andre songen eg har vlogga. Men i dag kom det. Nokon har i dag søkt på "oppblåst mage sau", og endt opp på eit av dei første innlegga eg skreiv. Søkjeordet er litt for relevant til å vera fantastisk, men me nærmar oss.

Ringdrotten!

No kjem The Lord of the Rings snart på nynorsk! Saman med Tuva sitt Blåmann-medlemsblad i dag fekk me eit blad med julegåvetips til både store og små. Og første sida var sett av til dette episke verket.

Boka er sett om av Eilev Groven Myhren. Alvisk er omsett til høgnorsk, høgvyrde menneske nyttar midlandsnormalen, medan hobbitane og folk lenger nede i hierarkiet er litt meir «folkelege» og skal snakka dialekt.

Ut frå min målpolitiske ståstad er dette fantastisk, supert, diggbart, heilt sjef. Ut frå ein ståstad som lesar av fantasy på originalspråket, er eg litt usikker på kva eg skal meina. Men eg trur i alle høve at dette vert betre enn Torstein Bugge Høverstad sin bokmålsversjon. Høverstad sine omsetjingar vert skrytt opp i skyene av mange, men eg synest ikkje dei er noko å skryta av. Men svaret får eg ikkje før eg har lese boka. Så her skal det tingast!

søndag, november 05, 2006

Say no, more!

No har me vekt oss sjølve opp litt. I Bømlo Fitjar Stord Nei til EU, altså. Me hadde faktisk styremøte hin dagen. Og i helga var det årsmøte i Hordaland NTEU. På Stord. Me vedtok ein masse og fekk Ingmar (du må fiksa nettsida no, Ingmar, eg har lenka til deg!) vald som delegat til landsmøtet. Og snart skal me ha nytt styremøte. For me må jo finna ut kva Ingmar skal meina når han skal til Oslo. Og så må me planleggja årsmøte og studera tenestedirektiv.

Og me har funne eit nytt slagord: "Say no more!" Det er engelsk og tyder "sei nei ein gong til". Sånn omtrent.

Og hamsteren klyv i taket på buret sitt. Sjukingen.