torsdag, november 16, 2006

Kjipe meg

Vloggefrekvensen min har gått ned i det siste. For første gong (trur eg) har det gått over ei veka utan at eg har skrive noko. Det er ikkje med vilja, det berre vart sånn. Men no har eg i det minste oppdatert lista over andre vloggar. Sei ifrå om du saknar namnet ditt eller vloggen din på lista, eg kan ha gløymt deg. Eller kanskje eg berre ikkje vil ha deg der.

I dag er eg vorten ein del av kapitalismen sitt maktapparat. Eg har fått meg ei formannsstilling. Men det er berre for eit par veker, så eg reknar med at sentralkomiteen godtek det. Jobben er interessant, men slitsam. Særleg slitsamt vert det når me ikkje har ein einaste bas. Dei andre, skikkelege formenna har to. Men noko må eg jo ofra for å oppnå frynsegodet kaffipolett.

Nynorsk Wikipedia har utnemnt sin første gode artikkel denne veka: Sky.

For å underhalda og engasjera lesarane mine litt: Tipp kor langt skjegget mitt er! Den første som svarar rett vinn ei flaska finsk majones (Pivolainen skaffar sikkert). For dei som ikkje har sett meg på lenge kan eg opplysa at eg barberte meg siste gong i slutten av juli, helga før min første tur til Aukra.

Så skal eg prøva å ikkje skriva så mykje om meg sjølv neste gong eg vloggar.

Og sist, men ikkje minst:
Gunn Helen har bursdag. Gratulerar med dagen!

5 kommentarer:

Mari sa...

14 cm?

Kamerat Kjetil sa...

Eg trur 3,5 cm i månaden er svært mykje. Eg har heldigvis ikkje så alvorleg skjeggvekst.

mairapus sa...

Takk pus :*

mairapus sa...

-og i følge bildene fra mndskiftet aug/sep så har du nok ikkje så enormt langt skjegg nå egentlig. Kanskje litt kosmo-aktig...

Kamerat Kjetil sa...

Skjegget mitt er altså ikkje interessant for meir enn to lesarar. Eg målte det til omlag 4 cm. Og det er far beyond Kosmo

Men eg har teke det no.