tirsdag, november 07, 2006

Ringdrotten!

No kjem The Lord of the Rings snart på nynorsk! Saman med Tuva sitt Blåmann-medlemsblad i dag fekk me eit blad med julegåvetips til både store og små. Og første sida var sett av til dette episke verket.

Boka er sett om av Eilev Groven Myhren. Alvisk er omsett til høgnorsk, høgvyrde menneske nyttar midlandsnormalen, medan hobbitane og folk lenger nede i hierarkiet er litt meir «folkelege» og skal snakka dialekt.

Ut frå min målpolitiske ståstad er dette fantastisk, supert, diggbart, heilt sjef. Ut frå ein ståstad som lesar av fantasy på originalspråket, er eg litt usikker på kva eg skal meina. Men eg trur i alle høve at dette vert betre enn Torstein Bugge Høverstad sin bokmålsversjon. Høverstad sine omsetjingar vert skrytt opp i skyene av mange, men eg synest ikkje dei er noko å skryta av. Men svaret får eg ikkje før eg har lese boka. Så her skal det tingast!

12 kommentarer:

Mari sa...

Mine ungar skal òg vera med i Blåmann. Elles så trur eg at omsetjing til nynorsk kan vera eit fint målpolitisk verkemedel, og god litteratur, men det blir jo aldri som orginalteksten.

mairapus sa...

Heiter ikkje han Groven Myhren og har budd heimafor... *plystre*

Kamerat Kjetil sa...

Jau, Myhren heiter han visst. Det skal eg fiksa.

Anar ikkje kor han har budd, det står nemleg ikkje noko om han på Wikipedia. :-)

mairapus sa...

nei det er mulig det var nokon andre... kjenner fleire groven myhren :)

mairapus sa...

Vi er veldig fornøgde med blåmann btw :D

Kamerat Kjetil sa...

Jau, han heiter Myhren. For det står i denne artikkelen, og namnet sitt har han skrive inn sjølv.

Me har ikkje fått vervepremien enno. :(

mairapus sa...

Da må du purre på den!

Brage sa...

Heh! Nynorsk-versjonen av Ringenes Herre har vært gjenstand for mye diskusjon i kameratgjengen min i det siste. Det interessante er oversetterens valg når det kommer til figurene som i bokmålsutgavene kalles skrømt. I nynorsk-utgaven blir disse visstnok kalt for drauger. Hva er egentlig en draug? Og er det ikke bare en av han? Hva kommer ordet av? Tida (og tålmodig studering) vil muligens vise...

mairapus sa...

Opprinneleg er vel ikkje draugen bare ein skikkelse, men fleire.

http://www.pantheon.org/articles/d/draug.html

Magnus sa...

eg må seia at eg er litt skeptisk til denne rangeringa av dialektar som ligg implisitt i hierarkiet til Myhren.

No har eg alltid meint at alvane var dei mest keisame av alle figurane, men likevel: oslomål -> orkar ???

Kamerat Kjetil sa...

Eg synest at skrømt er betre enn draug, det heng meir saman med kva eit ringskrømt er. Om du lurar på kva eit ord tyder, Brage, så kan du jo bruka ei ordbok.

Om orkane brukar oslomål, er vel det litt betre enn at dei brukar dei breiaste dialektane, som vel ville ha vore naturleg for mange andre som skildrar slemme og/ eller kriminelle folk. Men eg ser poenget.

Kamerat Kjetil sa...

Myhren var så venleg å oppklåra ei misforståing. Han skriv i ein e-post at orkane hans ikkje snakkar Oslo-mål, men ei samansausing av nynorsk og austlandsdialektar.

Så veit du det.