søndag, november 05, 2006

Say no, more!

No har me vekt oss sjølve opp litt. I Bømlo Fitjar Stord Nei til EU, altså. Me hadde faktisk styremøte hin dagen. Og i helga var det årsmøte i Hordaland NTEU. På Stord. Me vedtok ein masse og fekk Ingmar (du må fiksa nettsida no, Ingmar, eg har lenka til deg!) vald som delegat til landsmøtet. Og snart skal me ha nytt styremøte. For me må jo finna ut kva Ingmar skal meina når han skal til Oslo. Og så må me planleggja årsmøte og studera tenestedirektiv.

Og me har funne eit nytt slagord: "Say no more!" Det er engelsk og tyder "sei nei ein gong til". Sånn omtrent.

Og hamsteren klyv i taket på buret sitt. Sjukingen.

4 kommentarer:

Ingmar Helland sa...

Hei, Kjetil

Heimesida mi er alltid på nett, men domenet "inhell.info" er ikkje betalt. Prøv denne lenkja; http://mira.racoo.biz/~inhell/
Ikkje oppdatert det siste året...

Kamerat Kjetil sa...

Jaja, gidd ikkje å fiksa det no. Men BFSNTEU har du ikkje flytta over... :p

Bra landsmøte?

ingmar sa...

Ja, bra landsmøte!

:)

Prøv ingmarhelland.info/

BFSNTEU: ingmarhelland.info/nteu/

Framleis ingen oppdateringar, berre nytt domene.

Kamerat Kjetil sa...

Jaja, du får skriva nokre setningar om at du har vore på landsmøte då. Så må minst ein av oss snart skriva eit lesarbrev. Om det hersens direktivet.