onsdag, desember 27, 2006

Nytt ord

Eg har nett oppdaga eit nytt, fint ord: Singelskiveristing. Det er når ein ristar ei skiva i brødristaren, i staden for to. Vakkert, ikkje sant?

Eg har nemleg fått ein fin brødristar til jul (takk, mamma). Og i rettleiinga sto altså dette ordet (her, side fire). Eit ord der eg ikkje hadde vorte overraska, kanskje ikkje ein gong veldig irritert, over ein orddelingsfeil, men der dei vyrde forfattarane altså ikkje har delt. No står det berre att å inkorporera dette i grønåsisk språkføring.

Dei kan få sagt det...

Flink å snakka, ungen min. Og sug til seg nye ord og uttrykk. Som ein svamp.

"Kan eg få gå ut av bilen? Ska øyka!"

Eg prøver å læra henne å seia leverpostei, i staden for berre "deiv".
K: "Har du lært deg å seia leverpostei no?"
T: "Nei"
K: "Kva seier du då?"
T: "Seie mor di eg!"

onsdag, desember 20, 2006

Vloggtørke

Eg kjem truleg ikkje til å vlogga noko særleg før ut i neste år eingong. Grunnen er denne ulukka, som råka eit familiemedlem.

torsdag, desember 14, 2006

Ein lærer så lenge ein vert utsett for angloamerikansk kulturimperialisme

Har nett lært meg eit nytt uttrykk: To do an exorcist. Det er engelsk, og er synonymt med det å elga.

Kultur-eliten?

Nei, ikkje eg.

Du tilhører definitivt ikke kultureliten, gratulerer! Du er antakelig ekte og jordnær, og kan delta i så mye organisasjonsarbeid du bare vil uten å bli mistenkt for å mele din egen kake og holde proletariatet nede.

Bittert. Eg som trudde eg skulle nå opp i den konkurransen. Eg òg vil strø mjøl på kaka mi og halda proletariatet litt nede!

Fekk idéen frå Lars, som òg påstår han er jordnær.

Promille på jobb

Om eg vert teken med promille på jobb, vert eg kasta ut av Ormen Lange-prosjektet. Inga bøn. Og eg får munnleg eller skriftleg åtvaring om at neste gong kan eg missa jobben.

Eg tør ikkje tenkja på kva sjefen min hadde sagt om eg i tillegg gjekk og melde meg sjuk. Han hadde sikkert gått gjennom telefonen og kvelt meg om det var praktisk mogleg. Han hadde iallfall ikkje kritisert dei kjipe jævlane som melde frå anonymt.

Eg reknar med du ikkje treng referansar til den aktuelle saka for å vita kva for personar eg samanliknar meg og sjefen med nett no.

onsdag, desember 13, 2006

Badekar

I dag fekk eg badekaret mitt. Dette her, berre i større utgåva. Det har eg venta på i to og ein halv månad fordi lumiane som produserar det hadde datatrøbbel og rota vekk tinginga.

Badekaret mitt er laga av plast! glasfiber! Då vart eg overraska, trudde dei brukte porselen eg.

Så starta eg på demonteringa av dusjkabinettet. Det var ikkje så lett og kjapt gjort som eg hadde trudd. Idiotisk tidspunkt å byrja på det eigentleg, men det må jo gjerast. Kan jo ikkje ha eit enormt badekar ståande midt på badegolvet i dagevis. Så for eg av stad på trening. Og då eg kom heim, tok eg fatt på oppgåvene att. Fekk etter mykje om og men den eine dusjveggen heilt laus frå veggen. Men den andre lista var limt betre fast i veggen. Så no har eg øydelagt ei flis på veggen min... Og eg fekk ikkje lista laus. Så no sette eg berre badekaret på halv åtte, for eg måtte jo dusja. Det gjekk greit, bortsett frå at eg ikkje tenkte på at slangen til sluken i golvet bør liggja lågare enn badekaret. Det vart litt søl av den tabben. Men no er eg rein.

Moralen er: Ikkje demonter dusjen før du skal trena.

I morgon skal eg kjøpa meg badekartut til blandebatteriet mitt. Og skaffa meg noko å skjera laus den hersens limen med. Hrmf. Så skal eg henta jenta mi. :-)

fredag, desember 08, 2006

Favør meg langt opp i...

I dag vart eg irritert. For andre gong på få månader fekk eg brev med reklame for kredittkort. Og det er ikkje kven som helst som forsøplar postkassa mi med slikt tull. Nei, trur du ikkje det er sjølvaste Landsorganisasjonen?? Så no har finansfolka fått arbeidarklassen sin eigen organisasjon til å hjelpa dei med å plyndra arbeidarklassen og gjera oss til ein grå masse av kredittavhengige undersåttar i forbrukarsamfunnet deira.

Så eg sende e-post til LO, eg, før eg eigentleg tenkte meg særleg mykje om. Eg vurderte å gjera det sist gong og, men då gjekk det vel nokre dagar, så kokte heile greia vekk i kålen. Dette skreiv eg til LO-favør, LO sentralt og til Fellesforbundet:

Hei

Eg synest ikkje noko om at LO skal reklamera for, og invitera folk til å skaffa seg kredittkort. Mange folk slit med å betala attende kreditt. Mange av desse folka er heilt sikkert medlemer av LO. Då er det svært usolidarisk å reklamera for kredittkort ovanfor medlemane.

Kredittselskapa håvar inn pengar når folk handlar på kreditt. At finansfolk utnyttar arbeidsfolk gjennom å dela ut kredittpengar er ikkje berre eit samfunnsproblem og eit problem for dei einskildpersonane som hamnar i eit økonomisk uføre på grunn av dette, det er òg eit klassespørsmål. Det er dei svakaste i arbeidarklassen dette går ut over. Difor ser eg særleg alvorleg på det at LO oppmodar folk til å skaffa seg "billege" kredittkort. Det er etter mi meining stikk i strid med arbeidarrørsla sine oppgåver og prinsipp, og om det skjer att vil eg vurdera å ta dette opp i større skala enn ved å senda ein e-post.

No har eg fått to slike brev på nokre få månader. Eg har ikkje noko stort problem med det, eg hiv dei berre i boset. Men av solidaritet med dei som slit med slike problem, håpar eg at de sluttar med dette, og heller kjem med andre tilbod som er til beste for medlemane.

Mvh
Kjetil Grønås
Medlem av Fellesforbundet avd 118

Favør meg langt opp i rassen.

fredag, desember 01, 2006

Hehe

Nokon har funne vloggen min når dei leita etter ein brukt bøyemaskin på kvasir. Vedkomande vart sikkert skuffa.

Lurar på om eg hadde fått mange treff om eg skreiv Britney Spears, naken, sex, Pamela Anderson og Kåre Conradi i same avsnitt... Kan jo verta interessant å sjå kva slags kombinasjonar folk prøver seg på. Og om eg slengjer på litt norsk porno på slutten bør eg vel kunna gjera reint bord. Så kastar eg vekk litt tid for ein masse kåte mannfolk.