fredag, desember 08, 2006

Favør meg langt opp i...

I dag vart eg irritert. For andre gong på få månader fekk eg brev med reklame for kredittkort. Og det er ikkje kven som helst som forsøplar postkassa mi med slikt tull. Nei, trur du ikkje det er sjølvaste Landsorganisasjonen?? Så no har finansfolka fått arbeidarklassen sin eigen organisasjon til å hjelpa dei med å plyndra arbeidarklassen og gjera oss til ein grå masse av kredittavhengige undersåttar i forbrukarsamfunnet deira.

Så eg sende e-post til LO, eg, før eg eigentleg tenkte meg særleg mykje om. Eg vurderte å gjera det sist gong og, men då gjekk det vel nokre dagar, så kokte heile greia vekk i kålen. Dette skreiv eg til LO-favør, LO sentralt og til Fellesforbundet:

Hei

Eg synest ikkje noko om at LO skal reklamera for, og invitera folk til å skaffa seg kredittkort. Mange folk slit med å betala attende kreditt. Mange av desse folka er heilt sikkert medlemer av LO. Då er det svært usolidarisk å reklamera for kredittkort ovanfor medlemane.

Kredittselskapa håvar inn pengar når folk handlar på kreditt. At finansfolk utnyttar arbeidsfolk gjennom å dela ut kredittpengar er ikkje berre eit samfunnsproblem og eit problem for dei einskildpersonane som hamnar i eit økonomisk uføre på grunn av dette, det er òg eit klassespørsmål. Det er dei svakaste i arbeidarklassen dette går ut over. Difor ser eg særleg alvorleg på det at LO oppmodar folk til å skaffa seg "billege" kredittkort. Det er etter mi meining stikk i strid med arbeidarrørsla sine oppgåver og prinsipp, og om det skjer att vil eg vurdera å ta dette opp i større skala enn ved å senda ein e-post.

No har eg fått to slike brev på nokre få månader. Eg har ikkje noko stort problem med det, eg hiv dei berre i boset. Men av solidaritet med dei som slit med slike problem, håpar eg at de sluttar med dette, og heller kjem med andre tilbod som er til beste for medlemane.

Mvh
Kjetil Grønås
Medlem av Fellesforbundet avd 118

Favør meg langt opp i rassen.

11 kommentarer:

mairapus sa...

syns LO favør var ganske ok eg... *sniker seg usett ut att*

Kamerat Kjetil sa...

Det er ikkje noko problem med LO-favør i seg sjølv. Det er heller ikkje noko problem at LO er medeigar i ein bank, og gjev medlemane betre vilkår. Problemet er fokuset dei no har på kredittkort, som er ei "tenesta" eg ikkje vil rå nokon til å nytta. For dei som har god råd treng det ikkje, og dei som har dårleg råd har ikkje råd.

Tiram sa...

Røde kors er på samme galeien. Jeg blir sur og vrang hver gang jeg ser reklame for det kortet:\

Brage sa...

Er så hjertens enig i kritikken din, Kjetil! Personlig sliter jeg med en tilsynelatende evigvarende Master Card-gjeld. Men jeg er godt fornøyd med det nye forsikringsopplegget som gjelder fra nyttår. Det skarrem ha for!

christian jacobsen sa...

Brage: Jeg klarer ikke helt å se at ditt kredittproblem skal ramme resten av LO-medlemmene.

Det er ingen som tvinger deg til å ta kredittkortavtalen; du er et oppegående, smart vesen som vet forskjellen på nord og sør, så jeg forstår ikke hvorfor du føler deg som et offer.

Et minste minimum av personlig økonomisk kontroll må vi vel kunne forlange?

Hadde du tatt MasterCard-avtalen uansett om LO ikke hadde reklamert for den? Om "ja" (og "ja" er det svaret som de aller fleste velger), er det da ikke bra at LO gir deg et billigere tilbud enn hva som finnes ute i markedet?

For ordens skyld, jeg har ikke MasterCard fra LO, jeg har fra et annet sted, men avtalen fra LO er litt bedre, så det er mulig at jeg bytter. Er dét i såfall en «dum» avgjørelse?

Og til slutt: Jeg mener, som Kjetil, at kredittkort selvsagt ikke er noe man *bør* bruke, men mange gjør det likevel. Å la være å se sammenhenger her gir en god mulighet for å ta en viss «high moral ground», men ikke mer.

Kamerat Kjetil sa...

Argumentasjonen din, Christian, er den same argumentasjonen me høyrer når folk vil ha større tilgong, lågare prisar og færre restriksjonar på alkohol og tobakk; me er frie, vaksne individ og gjer som me vil.

Eg synest me skal ta ansvar for dei svakaste i samfunnet. Det gjeld dei som har kredittproblem, og det gjeld dei som har alkoholproblem. Det kallast solidaritet. At du sjølv har kredittkort, og trivst med det, er jo bra for deg. At folk kosar seg med alkohol er fint for dei, svært få (om nokon) på venstresida har noko problem med det. Men det er då heller ikkje dei som treng hjelp og solidaritet.

Eg er mildt sagt overraska over at du inntek ei så individualistisk haldning, utan ein gong å kommentera dei argumenta andre har. Ja, du går faktisk så langt som å insinuera at meiningane til meg og andre har noko med "moral" å gjera, og at målet å plaga (eller som du seier, "ramme") dei som likevel har Mastercard. Og det veit du jo at det ikkje er.

Eg har ikkje Mastercard. Ikkje trur eg at dette "tilbodet" er så mykje billegare enn andre "tilbod" heller, men det er ein annan diskusjon.

christian jacobsen sa...

Men likedan er da deres argumentasjon at de svakeste må beskyttes mot alt, og det er en forbudspolitikk jeg nødvendigvis ikke er enig i.

* Tipping -> avskaff det, det fører til spillegalskap.
* Alkohol -> forby det, det fører til alkoholisme.
* Huslån -> forby det, det fører til gjeldsslaver.

Det er nå engang sånn, at det å ta hensyn til de svakeste i samfunnet, ikke er et monopolargument for forbudslinjen. Å ta hensyn til de svakeste kan også gjøres -- i denne saken -- igjennom bedre kredittkontroll, kan det ikke?

Kamerat Kjetil sa...

Ingen har argumentert for forbod mot tipping, alkohol eller huslån. No må du slutta å tulla.

christian jacobsen sa...

Altså, du unngår jo å svare på det jeg skriver.

Ville det ikke vært mulig å ta vare på de svakeste ved f.eks. å bruke bedre, og strengere, kredittkontroll?

Bør alle typer betalingsutsettelser forbys (for at folk ikke skal gjøre seg til gjeldsslaver) eller kun kredittkort? I såfall, hvorfor/hvorfor ikke?

Kamerat Kjetil sa...

Kreditt er ein uting fordi det gjev folk store økonomiske problem. Så enkelt er det. Når kredittvurdering hindrar nokon i å få kredittkort, lån e.l. så er det fordi vedkomande alt på eitt eller anna tidspunkt har hatt eit betalingsproblem. Altså eit slikt problem som kredittkorta ofte har skulda for.

Når du tek opp eit lån, er det fordi du gjer ei stor investering som du må betala på etterskot. Ingen tek opp eit lån fordi det er enkelt og praktisk når dei ser noko fint dei vil ha, så det bidreg ikkje til overforbruk på same måte som eit kredittkort. Sjølvsagt er det ein uting at folk må gjera seg til gjeldsslavar for å kunna skaffa seg ein plass å bu. Men det òg er ein annan diskusjon.

Kreditt er eit slags forbrukslån. Når du brukar kreditt, tek du eit nytt lån for kvar gong, utan ny kredittvurdering. Eit vanleg banklån må du søkja om for kvar gong, altså er det mykje lettare å kontrollera, ved at banken alltid har kontroll på om du har råd til å betala attende. Dessutan er det mykje dyrare å bruka kreditt. Nei, eg trur ikkje "betre kredittkontroll" åleine vil hindra nordmenn i å blakka seg på å handla på kreditt.

Men det er som sagt ikkje noko problem for meg at du brukar kreditt. Eg har heller ikkje argumentert for noko forbod mot kredittkort. Eg har argumentert mot at LO skal oppmoda folk om å skaffa seg nok eit kredittkort, og dermed auka mengda av folk som får betalingsproblem.

christian jacobsen sa...

"og dermed auka mengda av folk som får betalingsproblem."

Det er der jeg ikke er enig med deg, rett og slett fordi jeg tror at de fleste -- som Brage underbygger -- skaffer seg kredittkort uansett.

LO innfører ikke en *ny* mulighet til økonomisk ruin, de bare gir medlemmene et bedre alternativ enn det de uansett kjøper.