fredag, desember 01, 2006

Hehe

Nokon har funne vloggen min når dei leita etter ein brukt bøyemaskin på kvasir. Vedkomande vart sikkert skuffa.

Lurar på om eg hadde fått mange treff om eg skreiv Britney Spears, naken, sex, Pamela Anderson og Kåre Conradi i same avsnitt... Kan jo verta interessant å sjå kva slags kombinasjonar folk prøver seg på. Og om eg slengjer på litt norsk porno på slutten bør eg vel kunna gjera reint bord. Så kastar eg vekk litt tid for ein masse kåte mannfolk.

9 kommentarer:

mairapus sa...

ja...har du fått nokon treff da tru? ;o)

Kamerat Kjetil sa...

På ein time? Tvilar eg på. Google har sikkert ikkje registrert dette innlegget enno.

mairapus sa...

spennande

jokke sa...

Nå får du jo bare kjipe pornolesere. Hvem vil vel ha dem?

Kamerat Kjetil sa...

Det er vel meir eit slags sosialantropologisk eksperiment enn eit reelt ønske om fleire lesarar. Og viss vloggen skulle fløyma over av kjipe pornolesarar er det jo alltids mogleg å fjerna det som trekkjer dei.

Den mest effektive måten å få fleire lesarar på (altså slike som les noko på vloggen og ikkje berre finn han på google og så lukkar han att), er jo å leggja att lenkjer alle stader der det er mogleg. På det området er eg nok litt sløv.

Tiram sa...

Men hva er ei bøyemaskin, og hva bøyer man i den? Bananer?

Kamerat Kjetil sa...

Med ein bøyemaskin bøyer me røyr. Eg har skrive meir om bøyemaskinar i kommentarane her, og det var altså grunnen til at nokon fann meg.

Bananar, humre.

I dag fekk eg forresten opp søkjeordet mage kurdistan, som eg òg synest var passeleg genialt. Særleg fordi det gjev treff på den førre posten som handla om slike ting som dette.

christian sa...

Mens vi er inne på denne rørmaskinen igjen, hvor stor er sannsynligheten for at du kan bøye noen rør for meg?

Kamerat Kjetil sa...

Sannsynet for det er vel eigentleg ganske stort.

Men så spørs det jo kor store røyr du vil ha, og når du treng dei. For eg kan godt bøya dei, men det er ikkje så enkelt å få dei med meg så lenge eg jobbar på Aukra. Det er så mange polakkar som stel, så ein kan verta kasta hovudstups ut av prosjektet om ein prøver å ta med seg noko ut utan lov.