onsdag, desember 27, 2006

Nytt ord

Eg har nett oppdaga eit nytt, fint ord: Singelskiveristing. Det er når ein ristar ei skiva i brødristaren, i staden for to. Vakkert, ikkje sant?

Eg har nemleg fått ein fin brødristar til jul (takk, mamma). Og i rettleiinga sto altså dette ordet (her, side fire). Eit ord der eg ikkje hadde vorte overraska, kanskje ikkje ein gong veldig irritert, over ein orddelingsfeil, men der dei vyrde forfattarane altså ikkje har delt. No står det berre att å inkorporera dette i grønåsisk språkføring.

4 kommentarer:

mairapus sa...

Savnar ein link til "grønåsisk språkføring"

Kamerat Kjetil sa...

Du kan iallfall sjå nynorsken min her. Skal skriva artikkel om brødristarar seinare. Då har eg iallfall ein stad der eg kan nytta det nye ordet mitt. Men no har eg ikkje tid, eg må pakka, bussen til flyet til jobb går om mindre enn seks timar.

mairapus sa...

God tur. Bare to uker te du ska heimatt!

Brage sa...

Flott ord, om enn med et noe begrensa anvendelsespotensial. Brødristeren så fin ut den også.