torsdag, desember 14, 2006

Promille på jobb

Om eg vert teken med promille på jobb, vert eg kasta ut av Ormen Lange-prosjektet. Inga bøn. Og eg får munnleg eller skriftleg åtvaring om at neste gong kan eg missa jobben.

Eg tør ikkje tenkja på kva sjefen min hadde sagt om eg i tillegg gjekk og melde meg sjuk. Han hadde sikkert gått gjennom telefonen og kvelt meg om det var praktisk mogleg. Han hadde iallfall ikkje kritisert dei kjipe jævlane som melde frå anonymt.

Eg reknar med du ikkje treng referansar til den aktuelle saka for å vita kva for personar eg samanliknar meg og sjefen med nett no.

5 kommentarer:

Curly-mor:-) sa...

Ler masse!!

Kamerat Kjetil sa...

Det er då ikkje noko særleg å le av.

mairapus sa...

Lurar på om legen din hadde gidda å sjukemelde deg for noko slikt...
Psykisk grunnlag? Pga pressehets?

Kamerat Kjetil sa...

Eg har enno ikkje møtt den nye fastlækjaren min. Men eg tvilar. Ikkje trur eg at eg hadde oppnådd særleg mykje pressehets heller.

Kamerat Hobo sa...

Mannen må ha et alkoholproblem etter slik reaksjon fra ledelsen.