onsdag, februar 28, 2007

Ny utsjånad

Likte du den nye tapeten min?

tirsdag, februar 27, 2007

Kino

I dag var Tuva på kino for første gong, etter å ha masa om kino i vekesvis. Me såg premieren på den norske filmen "Elias og Kongeskipet". Kurant film. For ungar som er litt eldre enn Tuva... Ho heldt ut gjennom litt over halve filmen før ho var lei og ville gå heim. Ei lita stund før filmen var slutt forlangte ho at me skulle setja oss bakerst i salen.

Elias er ei lita redningsskøyta som vil vera som den legendariske redningsskøyta Uredd. Elias vil ikkje risikera skroget for den slemme, mektige kapitalistbåten Rocke Gabrielsen. Difor misser han jobben og vert fråteken den trufaste gummibåten Kjapp. Supplybåten Berte hjelper Elias med å skaffa seg ny jobb, ved å lura han med som deltakar på ein leiteaksjon. Så dreg han ut på tur med Kaptein Krut og datanerden Sinus for å finna Kongeskipet. Kongeskipet er i Rofoten og leitar etter dotter si, Prinsessebåten, difor trur paparazziane at han er dement. Elias vert dagens helt, hurra. Filmen er spanande og morosam for dei små, men litt skummel for den minste. Men helsike så dyrt. Foreldre burde gå gratis saman med ungar. Eller omvendt.

For eit vakse publikum vil eg heller tilrå den usaianske "Cars".

Hu der Inger Lise


Leiaren i KrFU er oppsiktsvekkjande fin. Skulle ønskja at RU òg kunne ha ein vakker leiar. Men Mimir er diverre ikkje noko fruktfat.

Det var likevel ikkje min nye fascinasjon for andletet til dei gladkristne sitt nye ikon eg skulle skriva noko om no. Inger Lise har nemleg sin eigen vlogg, med det banebrytande namnet INGER LISEs LEDERBLOGG. Og nyfiken som eg er, måtte eg jo skumlesa litt når eg snåva over denne sida. Og for ein dårleg vlogg, jenter og gutar! Ikkje det at han ser jævlig ut eller noko. Ved første augekast er han mykje betre enn det arket Mimir har hengt opp på ein vegg som vart tapetsert på 60-talet. Men jenta kan jo ikkje skriva, stakkar. Kan ikkje nokon gje henne eit skrivekurs? Læra henne å byggja opp setningar? Og som om det ikkje er nok at ein får kløe i både augo og fingrar av å lesa det ho har skrive, så skriv ho jo stort sett berre svada...

Mi erfaring er at dei fleste som vloggar politisk for eit breitt publikum, ja kanskje dei fleste som vloggar over lengre tid i det heile, skriv godt. Gjer dei ikkje det, er det vel ingen andre enn venene deira som gidd å lesa vloggane, og då er jo poenget litt vekke. Her går det heller ikkje an å leggja inn ein kommentar på den aktuelle vloggen (noko som i seg sjølv er eit tragisk feilgrep når ein vil opna sin eigen vlogg), og fortelja Inger Lise at ho syg i vlogging. Så då seier eg det her.

mandag, februar 26, 2007

Heldige meg

Eg har "vunne" eit minicruise med DFDS, på eit lodd eg fekk saman med medlemsbladet til Fellesforbundet. Det einaste eg må betala for reisa, er 368 spenn per person. Eg får attpåtil ein verdikupong på 100 kroner på kjøpet!

Det dei ikkje fortel, er at det same minicruiset kostar 318 kroner for dei som ikkje har "vunne". Men då utan verdikupongen. Så då kan eg i teorien "spara" ein femtilapp per person, om eg berre brukar 368 kroner på ei reisa eg ikkje hadde tenkt å føreta i utgangspunktet. Genialt, ikkje sant!

søndag, februar 25, 2007

Drit

blogger.com har fornya seg. Vorte meir integrert med google eller noko slikt. Dustepåfunn... Nokre få småting er betre no. Men det har vorte mykje meir vanskeleg å finna fram. Til dømes er gamle innlegg mykje meir vekkgøymde enn dei var før. For tidlegare var det slik at lista over dei ti siste innlegga følgde det innlegget ein hadde opna. No er ti siste-lista statisk, og viser berre dei som til ei kvar tid er dei ti siste. Då må ein opna arkivet for å finna dei innlegga som ikkje lenger er vist på hovudsida.

No går det an å dela inn vloggpostane etter emne. Det er bra, det sakna eg før. Men det finnest ikkje noko lenkja frå emne-mappene attende til hovudsida på vloggen. Det er jo heilt idiotisk. Ein burde jo kunna trykkja på vlogg-tittelen øvst på sida, og koma attende til hovudsida. Så eg får laga meg ei lenkja sjølv. Det burde ha vore uturvande.

Argh!

Ja til fred – Nei til krig!


Rikspolitikarar både i og utanfor regjering meiner at me må senda soldatar til Afghanistan. For USA sin blodige krig gjekk lukt til helvete, og kasta Afghanistan inn i borgarkrig. Og sidan USA er travelt opptekne med den enno meir groteske krigen som dei fører i Irak, treng dei fleire nordmenn til å terrorisera afghanarane.

Eitt argument som kjem fram er at soldatane trengst for å hjelpa lokalbefolkninga. Mellom anna SV brukar dette argumentet. Men har det afghanske folk bede om soldathjelp? Nei, faktisk hadde dei aller fleste afghanarane klart seg mykje betre om USA og NATO aldri hadde gjeve dei soldathjelp og quislingregjering. Jobben til ein soldat er å knerta folk, eller å truga med knerting, ikkje å hjelpa folka dei er i krig med.

Å senda enno fleire norske soldatar til Afghanistan for å vidareføra USA sin blodige okkupasjon, er ein hån mot det norske folk. Me har aldri bede om denne krigen. Noko av det som gjer meg mest kvalm, er at det tidlegare fredspartiet SV har øydelagd all organisert krigsmotstand på riksplan, for å tekkjast NATO-fundamentalistane dei sit i regjering saman med. Me må heller skunda oss å få heim dei soldatane som alt er der, før endå ein av dei endar opp i ein svart pose!

tirsdag, februar 20, 2007

God økonomi for einkvar pris?

Først ser eg at avtroppande ordførar Magne Rommetveit i eit intervju ser attende på dei siste åra og er stolt over at han og politikarvenene hans på rådhuset har retta opp økonomien til Stord kommune.

Så, nokre dagar etterpå, ser eg at Stord SV sin sjefs-ideolog, Nils Magne Blålid seier at jau då, økonomien til Stord kommune er betre no, men det er faktisk berre takka vera den «raudgrøne» regjeringa, og har ingenting å gjera med at me har flinke lokalpolitikarar som har rydda opp.

Me har ein avheimla sjukeheim, eit rehabiliteringssenter som er ute av drift på ubestemt tid, me har ein ungdomsskule som snart renn over av elevar og er i ferd med å mygla sund, og rådmannen seier det ikkje er pengar til å byggja ein ny. Me har omsorgsarbeidarar som spring heile dagen, og likevel har dårleg samvit, fordi dei ikkje har tid til og ikkje får lov til å setja seg ned og ta ein prat med einsame brukarar. Me har fritidsklubbar som kvart år er truga av nedlegging, og andre tiltak for ungdom i kommunal regi finst mest ikkje, etter at Utekontakten forsvann for mange år sidan, og Alcatraz vart ein fiasko og kunne leggjast ned. Og her sit politikarane og kranglar om kven som har æra for den gode økonomien?

Det er jo ikkje vanskeleg å retta opp økonomien, om ein ser gjennom fingrane med at kommunen sine oppgåver ikkje vert utførte. Både dei tilsette og dei som treng hjelp i kommunen lid under dei tronge økonomiske råmene. Ordføraren sit trygt på kontoret sitt og ser på den fine rekneskapen sin.

Det som skjer når markerte lokalpolitikarar, både i posisjon og i opposisjon, seier at kommuneøkonomien er mykje betre, eller at alt er såre vel, eller at «no har Stoltenberg-regjeringa retta opp økonomien vår», er at dei fritek regjeringa for det ansvaret dei tok på seg, og det løftet dei gav, då dei i regjeringserklæringa sa at dei ville «gjennom en forpliktende flerårig opptrappingsplan rette opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren».

Om me vil at regjeringa skal oppfylla løftet sitt, treng me lokalpolitikarar som vågar å seia ifrå. Me kan ikkje ha lokalpolitikarar som seier at det går bra, berre for å støtta opp om sitt eige regjeringsparti eller for å visa kor stor suksess dei sjølve har hatt. Me må gje klåre meldingar til regjeringa, og det må lagast ei oversikt over kor mykje større dei statlege overføringane må verta for at Stord kommune skal ha råd til å utføra dei oppgåvene som kommunen er pålagd. Å krangla om kvifor kommunen ikkje går med underskot lenger, er eit fatalt sidespor. No må politikarane snart konsentrera seg om det som er viktig, nemleg å syta for velferda til innbyggjarane. Og for å få til det, må lokalpolitikarane våga å seia ifrå til dei som sit på pengesekken.

Kjetil Grønås, Stord RV


Dette innlegget står i lokalavisa i dag.

lørdag, februar 17, 2007

Tidsskrift

Det er nokre på venstresida, ja, ganske mange faktisk, som meiner at den låge kulturelle kapitalen til arbeidarklassen er eit problem. Eit døme på dette er at det skal vera umogleg å få arbeidarklassen til å lesa tidsskrift. Ja, bortsett frå Sjå og Høyr og slikt vas, då.

No har Nyt id, eller kva det no heiter, endra fasong og vorte eit laussalsblad. Eg veit ikkje korleis det var før, eg trur aldri eg las det då det framleis var avis. Men no sel dei det jo overalt. Det er jamvel lettare å få auga på enn Sjå og Høyr, der det står rett på sida av dei store laussalsavisene nær kassen. Så eg kjøpte det på Narvesen på Nyhamna, må jo ha noko å lesa i på veg heim frå jobb. Og aldri har eg vel opna eit meir uinteressant blad. Det sto iallfall svært lite interessant i den utgåva eg kjøpte. Eg las heile bladet, for vegen heim frå Aukra er lang og eg hadde ikkje noko anna å lesa. Men eg hugsar ikkje ein tøddel av det pjattet som sto der. Kvifor les ikkje arbeidarklassen tidsskriftet? Fordi det er skrive av og for uinteressante, "hippe", ego-ronkande, urbane caffe-latte-akademikarar. Halve bladet er meldingar av obskure kultur-fenomen for spesielt interesserte. Og arbeidarklassen er ikkje spesielt interesserte i obskure kultur-fenomen! Det einaste som er litt interessant i dette bladet, er leiaren, som ser ut til å ofte handla om eitt eller anna aktuelt politisk tema. Men store deler av arbeidarklassen les ikkje leiarar. Sjølv for meg, som er over middels interessert i krig og fred og politikk og sånt, er dette bladet enno mindre interessant enn Sjå og Høyr.

Feitt har lagt seg omlag på same lina. Feitt er jo faktisk så "hipt" at sjølv kvinneaktivistar og krisesenter ser seg tvungne til å seia opp abonnementa sine. Men eg har forresten høyrt rykte om at dei har laga nynorsk-feminist-T-skjorter, så ei slik skal eg tinga meg.

Mål og Makt les eg. Det passar for alle som er interesserte i målsaka, anten dei er representantar for den tradisjonelle arbeidarklassen eller ikkje. Det er godt å ha noko nynorsk å lesa. Men bladet vert jo automatisk smalt når det først og fremst handlar om eit så relativt lite politisk område som målsaka. Og det er vel ikkje først og fremst dei lågast utdanna sjikta av arbeidarklassen som engasjerer seg mest i målsaka.

Rebell var i si tid eit greitt blad for radikal ungdom. Men det var vel aldri ein kjempesuksess opplagsmessig, trur eg, og hadde eigentleg aldri arbeidarungdom som målgruppa. Det har for så vidt ikkje Raud Ungdom heller. No er bladet ute av drift.

Eit lyspunkt i mørkret er AKP-bladet Raudt! Dei store skarane av arbeidarar les ikkje det heller, men det står iallfall ting der som kunne vera interessant og relevant for folk flest å vita. Særleg det siste nummeret var veldig bra. Det handlar om m.a. velferdsstaten, kvinner i arbeidslivet, "krigen mot terror" i Tsjetsjenia, alkoholvanar, menneskeskapte klimaendringar og den fantastiske digitale framtida, sjølvsagt kombinert med ein god dose feministisk teori. Bokmeldingane i slutten av bladet tek for seg både dei relativt obskure "kommunistbøkene", boka til Eli Hagen (Kvifor den?) og bøker som Verneombudet av Ebba Wergeland. Altså; det går an å laga eit tidsskrift som ikkje liknar Sjå og Høyr, utan å velta seg i akademiske og uinteressante tema. Det er altså ikkje arbeidarklassen som les dette bladet i dag, men det har iallfall potensiale til å kunna verta lese av vanlege folk, om vanlege folk berre oppdagar det. Og kanskje Det Nye Partiet kan spreia det betre enn kva AKP har klart? Håpar det. Abonnement skaffar du her.

Så kva er konklusjonen min? Jau, konklusjonen min er, som vanleg, at det er ikkje arbeidarklassen det er noko gale med. Det er venstresida det er noko gale med. Dei breie laga av arbeidarklassen er ikkje akademikarar, og ynskjer ikkje å verta det. Difor må venstresida snart byrja å bruka tida på dei tinga som verkeleg er viktig, og slutta å tru at me er så mykje flinkare, kulare og meir intelligente enn dei som ein dag skal laga revolusjon. Og så bør me proletarisera oss :-)

fredag, februar 16, 2007

Ynskjelista

Eg har funne den ultimate bursdagsgåva. Til meg altså, ikkje frå meg. Luminor 1950 8 days GMT frå Panerai. Ein vakker liten reiskap. Berre så synd at ho kostar meir enn bilen min...

Litt høgare opp i pris har me ein annan ting som ville ha vore litt sjef å ha. Men eg ville ikkje ha kjøpt han, sjølv om eg hadde vunne i lotto.

lørdag, februar 10, 2007

Fett!

No er bilen min i orden att! Hadde eit problem med at batteriet vart tappa når bilen sto i ro. Eit relé og masse sikringar er skifta ut, og no ser alt ut til å vera i orden.

Og syster mi har fått koma heim på permisjon frå sjukehuset i helga. Ho treng framleis stelling for å halda foten på plass, men det går framover. Hin dagen fekk ho trø på den dårlege foten for første gong, og det gjekk kjempefint.

torsdag, februar 08, 2007

Ringdrotten


Eg er no komen fram til slaget om Helmsdjupet, og det er vel på tide med ein statusrapport.

Myhren brukar språket godt, og har fått ein god flyt i soga. I valet mellom daglegdagse og smale ordval, har han utan tvil valt dei smale og dialektprega. Mange ord i denne omsetjinga har eg aldri høyrt før. Nokre av dei skjønar eg berre ut frå samanhengen, andre skjønar eg fordi dei liknar andre norske eller framandspråklege ord. Om det er bra eller dårleg, skal ikkje eg setja meg som dommar for. Eg synest det er litt kult, og språkbruken set meg i ei stemning som passar godt saman med fantasy-sjangeren, på same måte som framandspråket engelsk gjer. Men på grunn av dei ur-nynorske språkvala, vil eg ikkje i utgangspunktet rå andre enn nynorskentusiastar og fantasyentusiastar til å lesa boka. Og eg vil ikkje rå nokon til å ukritisk gje vekk boka til vener og slekt som gåve.

Det å vera konsekvent er viktig. Eg skjønar at det er ein grunn til at Aragorn brukar eit anna språk enn Tråvaren, sjølv om dei er same person. Men når han brukar høgnorsk og "vanleg" nynorsk i ein og same samtale, vert det berre rart. Der trur eg det ville ha vore betre om Tråvaren snakka dialekt, men normerte til nynorsk i offisielle samanhengar når han skal vera Kong Aragorn. Det er jo faktisk noko ein del nynorskbrukarar gjer i den verkelege verda. Det er tydeleg at det er vanskeleg å halda tunga beint i munnen når ein skal bruka mange ulike målføre og målformer. Å vera heilt konsekvent når ein skal bruka dialekt saman med nynorsk og to former for høgnorsk om einannan, ville krevja enno meir enn dei tre korrekturrundane som boka har vore gjennom. Eit konkret døme eg la merke til var når Galadriel seier det same ordet på to ulike måtar frå den eine sida til den neste. Ordet er Spegelen/ Spegjelen. Og den feilen synest eg er stygg, dette er ein av dei viktigaste samtalane i heile verket, og Galadrielsspegelen er jo ein institusjon i seg sjølv. Ikje er òg nokre stader byta ut med ikkje, det er slurv som burde ha vore unngått.

Omsetjaren har valt å la dei ulike folkeslaga bruka ulike variasjonar av dialekt og nynorsk. Der kunne han godt òg ha brukt meir samnorske versjonar av nynorsken, for å få enno større variasjon. Eg kunne òg ha ønskt meg ein større variasjon i valet av dialektar. Eg trur det ville ha vore lettare å gjennomføra enn ei inndeling i ulike historiske former for nynorsk. Me har mange dialektar å velja mellom, det er synd at så få av dei er tekne i bruk her. Då tenkjer eg særleg på nordlandsdialektar og trønderske målføre som ligg tett opp til nynorsk. Slike grep hadde gjort det meir vanskeleg for meg å finna dei små slurvefeila eg heng meg opp i, trur eg.

Alt i alt synest eg omsetjaren har gjort ein god jobb. Eg er glad for at det er Eilev Groven Myhren som har sett om boka. Det er godt å lesa nynorsk utan den skjemmande bokmålspåverknaden og dei vanlege teite grammatikkfeila. Og eg har altså ikkje måtta ta i bruk ordboka, slik eg av og til gjer når eg les innlegg på debattlista til RV.

Handlinga i bøkene treng eg ikkje seia noko om. Har du ikkje lese boka på andre språk eller sett filmen frå før, burde du skjemmast.

Ein annan som set om fantasy til nynorsk er forresten Øystein Rosse, som mellom anna har sett om Skammerserien. Han skriv òg fantastisk god nynorsk, mykje betre enn mange av dei meir profilerte nynorsk-skribentane og -forfattarane.

Små, viktige men akk så lite viktige nyhende

Eg har nett fått vita namnet til eine tippoldefaren min, noko ingen av slektningane mine kunne fortelja meg.

Og no er det vinter på Stord! Me har minst femten millimeter hard, vakker skare å boltra oss på. Så eg og Tuva har vore ute og akt i dag. Ho tykkjer det er kjempekjekt å aka. I fjor var det berre skummelt.

Og i dag kom hamsteren heim, etter å ha vore på ferie hjå ein snill nabo sidan romjula. Berta var i fin form, og bråkar like jævlig som før.

Eg har for øvrig hatt relativt mykje trafikk på vloggen i det siste, trass i at eg omtrent ikkje har vlogga sidan i fjor. Eg trur mykje av grunnen er at google verkeleg har fått augo opp for vloggen. Det har kome mange originale søkjeord, men når eg ikkje vloggar dei etterkvart, gløymer eg dei jo ut. Men no oppdaga eg at nokon har søkt på «gutalarv». Det gjev utruleg nok berre eitt treff på google.

onsdag, februar 07, 2007

Fråsegn frå Stord RV

Stord RV vedtok ei fråsegn på årsmøtet sitt. Eller, me vedtok eigentleg to fråsegner, men den eine er intern, så den legg eg ikkje ut på nett.


Reverser sjukehusreforma!

Det kom nyleg fram eit forslag om å stengja Stord Sjukehus i fleire veker om sommaren. Dette er ikkje det første åtaket på lokalsjukehuset vårt, og vert heilt sikkert ikkje det siste. Staten skjer stadig ned på budsjetta til helseføretaka. Og så lenge det er blårussen som styrer føretaka, kan me ikkje rekna med hjelp derifrå når me kjempar for å oppretthalda lokalsjukehusa våre.

Sjukehusreforma som vart vedteken i 2001 var i følgje dåverande helseminister Tore Tønne den største endringa sidan Harald Hårfagre. Og det hadde han kanskje rett i, for verre åtak på velferdssamfunnet har me vel aldri sett. Overføringa av makt frå fylkeskommunane til lukka styrerom har ført til at sjukehus kan byggjast ned og stengjast utan at innbyggjarane kan halda politikarane ansvarlege for det. Direktørar og økonomar har ikkje ansvarskjensle ovanfor folk flest. Deira lojalitet ligg hjå staten og dei tronge budsjettråmene.

Stykkprisfinansieringa har nok gjort sjukehuskøane kortare. Men ho har òg ført til at kronisk sjuke, og ikkje minst psykiatriske pasientar, har dårlegare kår enn nokon gong. Dei kronisk sjuke pasientane er for dyre å behandla, og sjukehusa får dårleg betalt for dei, så dei hamnar stadig lenger bak i køen.

Å sparka direktøren vil ikkje endra noko. Kolnes er ikkje folkevald, og vil berre verta erstatta med ein annan blåruss. Når sjukehusa er organisert ut frå ein marknadsøkonomisk modell, vil det alltid vera innsparing og inntening, og ikkje tenestene som dei ”på golvet” utfører, som vil vera det sentrale.

Lokale og regionale politikarar må få att makta over dei lokale og regionale sjukehusa. Då kan innbyggjarane påverka politikarane, som igjen må stilla krav til Stortinget og regjeringa om midlane ikkje strekk til. Politikarar og byråkratar i Oslo veit ikkje kva for sjukehustilbod me treng i resten av landet. Å overføra makt til lokale folkevalde organ er ei utviding av demokratiet.

Helseføretaka med det enorme byråkratiet bør leggjast ned, og direktørveldet må erstattast med folk som har bakgrunn frå arbeid i helsesektoren. Økonomar har utdanna seg innan økonomi, ikkje helse. Det er ikkje dei som bør styra helsesektoren.

Stord RV meiner at Stortinget må ta konsekvensane av den sjuke sjukehuspolitikken som har vore ført, og staka ut ein ny kurs for helse-Noreg.