onsdag, februar 07, 2007

Fråsegn frå Stord RV

Stord RV vedtok ei fråsegn på årsmøtet sitt. Eller, me vedtok eigentleg to fråsegner, men den eine er intern, så den legg eg ikkje ut på nett.


Reverser sjukehusreforma!

Det kom nyleg fram eit forslag om å stengja Stord Sjukehus i fleire veker om sommaren. Dette er ikkje det første åtaket på lokalsjukehuset vårt, og vert heilt sikkert ikkje det siste. Staten skjer stadig ned på budsjetta til helseføretaka. Og så lenge det er blårussen som styrer føretaka, kan me ikkje rekna med hjelp derifrå når me kjempar for å oppretthalda lokalsjukehusa våre.

Sjukehusreforma som vart vedteken i 2001 var i følgje dåverande helseminister Tore Tønne den største endringa sidan Harald Hårfagre. Og det hadde han kanskje rett i, for verre åtak på velferdssamfunnet har me vel aldri sett. Overføringa av makt frå fylkeskommunane til lukka styrerom har ført til at sjukehus kan byggjast ned og stengjast utan at innbyggjarane kan halda politikarane ansvarlege for det. Direktørar og økonomar har ikkje ansvarskjensle ovanfor folk flest. Deira lojalitet ligg hjå staten og dei tronge budsjettråmene.

Stykkprisfinansieringa har nok gjort sjukehuskøane kortare. Men ho har òg ført til at kronisk sjuke, og ikkje minst psykiatriske pasientar, har dårlegare kår enn nokon gong. Dei kronisk sjuke pasientane er for dyre å behandla, og sjukehusa får dårleg betalt for dei, så dei hamnar stadig lenger bak i køen.

Å sparka direktøren vil ikkje endra noko. Kolnes er ikkje folkevald, og vil berre verta erstatta med ein annan blåruss. Når sjukehusa er organisert ut frå ein marknadsøkonomisk modell, vil det alltid vera innsparing og inntening, og ikkje tenestene som dei ”på golvet” utfører, som vil vera det sentrale.

Lokale og regionale politikarar må få att makta over dei lokale og regionale sjukehusa. Då kan innbyggjarane påverka politikarane, som igjen må stilla krav til Stortinget og regjeringa om midlane ikkje strekk til. Politikarar og byråkratar i Oslo veit ikkje kva for sjukehustilbod me treng i resten av landet. Å overføra makt til lokale folkevalde organ er ei utviding av demokratiet.

Helseføretaka med det enorme byråkratiet bør leggjast ned, og direktørveldet må erstattast med folk som har bakgrunn frå arbeid i helsesektoren. Økonomar har utdanna seg innan økonomi, ikkje helse. Det er ikkje dei som bør styra helsesektoren.

Stord RV meiner at Stortinget må ta konsekvensane av den sjuke sjukehuspolitikken som har vore ført, og staka ut ein ny kurs for helse-Noreg.

1 kommentar:

Anonym sa...

Bloggarar frå Sunnhordland kan vinna iPod, her: http://stud.hsh.no/lu/inf/langenetter/konkurranse.htm