tirsdag, februar 20, 2007

God økonomi for einkvar pris?

Først ser eg at avtroppande ordførar Magne Rommetveit i eit intervju ser attende på dei siste åra og er stolt over at han og politikarvenene hans på rådhuset har retta opp økonomien til Stord kommune.

Så, nokre dagar etterpå, ser eg at Stord SV sin sjefs-ideolog, Nils Magne Blålid seier at jau då, økonomien til Stord kommune er betre no, men det er faktisk berre takka vera den «raudgrøne» regjeringa, og har ingenting å gjera med at me har flinke lokalpolitikarar som har rydda opp.

Me har ein avheimla sjukeheim, eit rehabiliteringssenter som er ute av drift på ubestemt tid, me har ein ungdomsskule som snart renn over av elevar og er i ferd med å mygla sund, og rådmannen seier det ikkje er pengar til å byggja ein ny. Me har omsorgsarbeidarar som spring heile dagen, og likevel har dårleg samvit, fordi dei ikkje har tid til og ikkje får lov til å setja seg ned og ta ein prat med einsame brukarar. Me har fritidsklubbar som kvart år er truga av nedlegging, og andre tiltak for ungdom i kommunal regi finst mest ikkje, etter at Utekontakten forsvann for mange år sidan, og Alcatraz vart ein fiasko og kunne leggjast ned. Og her sit politikarane og kranglar om kven som har æra for den gode økonomien?

Det er jo ikkje vanskeleg å retta opp økonomien, om ein ser gjennom fingrane med at kommunen sine oppgåver ikkje vert utførte. Både dei tilsette og dei som treng hjelp i kommunen lid under dei tronge økonomiske råmene. Ordføraren sit trygt på kontoret sitt og ser på den fine rekneskapen sin.

Det som skjer når markerte lokalpolitikarar, både i posisjon og i opposisjon, seier at kommuneøkonomien er mykje betre, eller at alt er såre vel, eller at «no har Stoltenberg-regjeringa retta opp økonomien vår», er at dei fritek regjeringa for det ansvaret dei tok på seg, og det løftet dei gav, då dei i regjeringserklæringa sa at dei ville «gjennom en forpliktende flerårig opptrappingsplan rette opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren».

Om me vil at regjeringa skal oppfylla løftet sitt, treng me lokalpolitikarar som vågar å seia ifrå. Me kan ikkje ha lokalpolitikarar som seier at det går bra, berre for å støtta opp om sitt eige regjeringsparti eller for å visa kor stor suksess dei sjølve har hatt. Me må gje klåre meldingar til regjeringa, og det må lagast ei oversikt over kor mykje større dei statlege overføringane må verta for at Stord kommune skal ha råd til å utføra dei oppgåvene som kommunen er pålagd. Å krangla om kvifor kommunen ikkje går med underskot lenger, er eit fatalt sidespor. No må politikarane snart konsentrera seg om det som er viktig, nemleg å syta for velferda til innbyggjarane. Og for å få til det, må lokalpolitikarane våga å seia ifrå til dei som sit på pengesekken.

Kjetil Grønås, Stord RV


Dette innlegget står i lokalavisa i dag.

5 kommentarer:

Brage sa...

Shit, jeg lar meg forsatt imponere av folk som er flinke til å skrive leserinnlegg! Det er det kjipe med å bo i Oslo. Leserinnlegg-kulturen er en helt annen. Sukk! Jeg savner gode, gamle Tønsbergs Blad...

Kamerat Kjetil sa...

I Oslo treng du ikkje skriva lesarbrev, der kan du berre tromma saman ein bønsj med folk og halda ein appell.

mairapus sa...

Du har rett. Du er ekspert på avsnitt uten punktum *fnise*

Anonym sa...

Her har du "gode, gamle Tønsberg Blad". Bånn appetitt!


http://tb.no/article/20090327/KOMMENTAROGDEBATT/168231082

Anonym sa...

Dette fall ut:

/168231082