tirsdag, februar 27, 2007

Hu der Inger Lise


Leiaren i KrFU er oppsiktsvekkjande fin. Skulle ønskja at RU òg kunne ha ein vakker leiar. Men Mimir er diverre ikkje noko fruktfat.

Det var likevel ikkje min nye fascinasjon for andletet til dei gladkristne sitt nye ikon eg skulle skriva noko om no. Inger Lise har nemleg sin eigen vlogg, med det banebrytande namnet INGER LISEs LEDERBLOGG. Og nyfiken som eg er, måtte eg jo skumlesa litt når eg snåva over denne sida. Og for ein dårleg vlogg, jenter og gutar! Ikkje det at han ser jævlig ut eller noko. Ved første augekast er han mykje betre enn det arket Mimir har hengt opp på ein vegg som vart tapetsert på 60-talet. Men jenta kan jo ikkje skriva, stakkar. Kan ikkje nokon gje henne eit skrivekurs? Læra henne å byggja opp setningar? Og som om det ikkje er nok at ein får kløe i både augo og fingrar av å lesa det ho har skrive, så skriv ho jo stort sett berre svada...

Mi erfaring er at dei fleste som vloggar politisk for eit breitt publikum, ja kanskje dei fleste som vloggar over lengre tid i det heile, skriv godt. Gjer dei ikkje det, er det vel ingen andre enn venene deira som gidd å lesa vloggane, og då er jo poenget litt vekke. Her går det heller ikkje an å leggja inn ein kommentar på den aktuelle vloggen (noko som i seg sjølv er eit tragisk feilgrep når ein vil opna sin eigen vlogg), og fortelja Inger Lise at ho syg i vlogging. Så då seier eg det her.

2 kommentarer:

jokke sa...

Synes du er litt streng med Krfu-lederen. Hun skriver greit, men ikke voldsomt spennende, ganske kjedelig, litt sånn som krfu. Men å ikke ha kommentar mulighet på bloggen sin er jo å ro baklengs inn i blogg valgkampen.

Kamerat Kjetil sa...

Eg synest ho skriv dårleg.

Eit godt døme på kva eg meiner, er konklusjonssetninga i ein av postane hennar:
"Uansett: karakterer er nødvendig, selv om de noen gang skaper litt besvær innimellom."

Les ikkje folk igjennom kva dei har skrive, eller skjønar dei faktisk ikkje at slike setningar ikkje heng saman, noen gang innimellom?