lørdag, februar 17, 2007

Tidsskrift

Det er nokre på venstresida, ja, ganske mange faktisk, som meiner at den låge kulturelle kapitalen til arbeidarklassen er eit problem. Eit døme på dette er at det skal vera umogleg å få arbeidarklassen til å lesa tidsskrift. Ja, bortsett frå Sjå og Høyr og slikt vas, då.

No har Nyt id, eller kva det no heiter, endra fasong og vorte eit laussalsblad. Eg veit ikkje korleis det var før, eg trur aldri eg las det då det framleis var avis. Men no sel dei det jo overalt. Det er jamvel lettare å få auga på enn Sjå og Høyr, der det står rett på sida av dei store laussalsavisene nær kassen. Så eg kjøpte det på Narvesen på Nyhamna, må jo ha noko å lesa i på veg heim frå jobb. Og aldri har eg vel opna eit meir uinteressant blad. Det sto iallfall svært lite interessant i den utgåva eg kjøpte. Eg las heile bladet, for vegen heim frå Aukra er lang og eg hadde ikkje noko anna å lesa. Men eg hugsar ikkje ein tøddel av det pjattet som sto der. Kvifor les ikkje arbeidarklassen tidsskriftet? Fordi det er skrive av og for uinteressante, "hippe", ego-ronkande, urbane caffe-latte-akademikarar. Halve bladet er meldingar av obskure kultur-fenomen for spesielt interesserte. Og arbeidarklassen er ikkje spesielt interesserte i obskure kultur-fenomen! Det einaste som er litt interessant i dette bladet, er leiaren, som ser ut til å ofte handla om eitt eller anna aktuelt politisk tema. Men store deler av arbeidarklassen les ikkje leiarar. Sjølv for meg, som er over middels interessert i krig og fred og politikk og sånt, er dette bladet enno mindre interessant enn Sjå og Høyr.

Feitt har lagt seg omlag på same lina. Feitt er jo faktisk så "hipt" at sjølv kvinneaktivistar og krisesenter ser seg tvungne til å seia opp abonnementa sine. Men eg har forresten høyrt rykte om at dei har laga nynorsk-feminist-T-skjorter, så ei slik skal eg tinga meg.

Mål og Makt les eg. Det passar for alle som er interesserte i målsaka, anten dei er representantar for den tradisjonelle arbeidarklassen eller ikkje. Det er godt å ha noko nynorsk å lesa. Men bladet vert jo automatisk smalt når det først og fremst handlar om eit så relativt lite politisk område som målsaka. Og det er vel ikkje først og fremst dei lågast utdanna sjikta av arbeidarklassen som engasjerer seg mest i målsaka.

Rebell var i si tid eit greitt blad for radikal ungdom. Men det var vel aldri ein kjempesuksess opplagsmessig, trur eg, og hadde eigentleg aldri arbeidarungdom som målgruppa. Det har for så vidt ikkje Raud Ungdom heller. No er bladet ute av drift.

Eit lyspunkt i mørkret er AKP-bladet Raudt! Dei store skarane av arbeidarar les ikkje det heller, men det står iallfall ting der som kunne vera interessant og relevant for folk flest å vita. Særleg det siste nummeret var veldig bra. Det handlar om m.a. velferdsstaten, kvinner i arbeidslivet, "krigen mot terror" i Tsjetsjenia, alkoholvanar, menneskeskapte klimaendringar og den fantastiske digitale framtida, sjølvsagt kombinert med ein god dose feministisk teori. Bokmeldingane i slutten av bladet tek for seg både dei relativt obskure "kommunistbøkene", boka til Eli Hagen (Kvifor den?) og bøker som Verneombudet av Ebba Wergeland. Altså; det går an å laga eit tidsskrift som ikkje liknar Sjå og Høyr, utan å velta seg i akademiske og uinteressante tema. Det er altså ikkje arbeidarklassen som les dette bladet i dag, men det har iallfall potensiale til å kunna verta lese av vanlege folk, om vanlege folk berre oppdagar det. Og kanskje Det Nye Partiet kan spreia det betre enn kva AKP har klart? Håpar det. Abonnement skaffar du her.

Så kva er konklusjonen min? Jau, konklusjonen min er, som vanleg, at det er ikkje arbeidarklassen det er noko gale med. Det er venstresida det er noko gale med. Dei breie laga av arbeidarklassen er ikkje akademikarar, og ynskjer ikkje å verta det. Difor må venstresida snart byrja å bruka tida på dei tinga som verkeleg er viktig, og slutta å tru at me er så mykje flinkare, kulare og meir intelligente enn dei som ein dag skal laga revolusjon. Og så bør me proletarisera oss :-)

22 kommentarer:

jokke sa...

Flott oversikt Kjetil, men Rødt er større enn gjennomsnitt tidskriftet i Norge så det er ikke så dårlig spredd. Men det skal bli flere lesere. Men det er jo også mange andre spennende tidskrifter o.l. på den norske venstresida enn denne lille oversikten.

Sjølv skal jeg lage en liten anmeldelse av det svenske clarte

Kamerat Kjetil sa...

Raudt burde ha vore mykje meir spreidd iallfall. :-)

Det finst sikkert mange andre tidsskrift ja. No skreiv eg berre om dei eg kom på i farten. I utgangspunktet hadde eg berre tenkt å skriva om Raudt, fordi eg syntest at den siste utgåva var så bra. Men så kom eg på det pinlege kjøpet av Nyt id, så måtte eg jo skriva om det òg med det same.

Brage sa...

Hei skål! Med en sånn forståelse må du verve abonnenter, mann!

maalmannen sa...

Du gløymer Målmannen, Kjetil. Det er eit blad som kjem ut på nynorsk, men som handlar um meir enn nynorsk! Eit organ for ordskifte og refleksjon kring målsak og andre aktuelle spursmål. Bladet set dessutan søkjeljoset på Midtausten-konflikten på ein litt annan måte enn det som er "politisk korrekt" i dag.

I norskdomsbladet Målmannen finn du millom anna politiske analysar, litteraturkritikk, ordskifte, dikt med meir.

Målmannen er redigera på konservativ nynorsk (høgnorsk).
Målmannen krev jamstelte i-former og a-former.
Målmannen gjeng imot målblandingi og målblandingsveldet som hev vore øydeleggjande og lagnadstung for nynorsken.
Målmannen held på Aasens målsyn og Aasens varsamt justera mål.

No finn du Målmannen på internetet med:
Les utvalde artiklar på http://maalmannen.sambandet.no
Eller sjekk ut bloggen vår på http://maalmannen.blogspot.com

Kamerat Kjetil sa...

Nei, eg har ikkje "gløymt" Målmannen. Eg har aldri lese bladet, eg er ikkje ein del av høgnorskrørsla og heller ikkje samd med resten av det politiske grunnlaget bak Målmannen.

Det er for det første vanskeleg å fortelja om eit blad eg aldri har lese og ikkje har lyst til å lesa. I tillegg er det irrelevant i samanhengen. Men poenget ditt var vel berre å reklamera for bladet ditt i kommentarfeltet mitt, ikkje å minna meg på noko eg ikkje ville ha gjort i alle høve. Så då er jo alle nøgde.

maalmannen sa...

Korleis kann du vita at du ikkje er samd i det politiske grunnlaget attum Målmannen når du (som du sjølv segjer det) ikkje ein gong hev lese bladet? Og les du berre dei tidskrifti som hev meiningar du sjølv er samd i? Som Per Borten i si tid sa det, der alle tenkjer likt vert det tenkt lite. Skilnaden millom oss og dykk er at de som er politisk korrekte slepp å stå til rettes for dei "rette" meiningane dykkar, medan me stødt vert konfronterte med det me stend for. For dykk er det difor nok med avisor og blad som Klassekampen, Raudt, Mål og makt osb. Medan me som frontar dei upopulære standpunkti må fylgja med og halda oss orienterte både hjå våre eigne og hjå motparten.

Elles so treng ein ikkje vera høgnorskar for å ha gleda av å lesa Målmannen, me hev ein allsidig profil med so vidt ulike skribentar som Kjell Venås, Rachel Suissa,Jan Hårstad, Christen Krogvig og Hermund Slåttelid. Og det speglar seg av i tingargrunnlaget vårt med - dei fleste som les bladet er vanlege nynorsk- og bokmålsfolk med ein open horisont for nye og originale innspel og analysar. Det siste berre til vitring.

Storstrand sa...

Det er vel helst det som er typisk for vìnstresida - dei trur dei er dei einaste som hev rett til å meina noko um noko - og at dei difor hev einrett på sanningi - slik alle ekstremistiske grupperingar hev det.
Kva er forøvrig Sjå og Høyr for eit blad?

Kamerat Kjetil sa...

Eg veit jo godt at rørsla bak Målmannen er Israel-tilhengjarar til det ekstreme. Ein treng ikkje lesa bladet for å finna ut det.

Det er heller ikkje slik at eg aldri les noko eg er usamd i. Men å betala for å få lesa propaganda for okkupasjonen av Palestina, for etnisk reinsing og for dreping av små born, utan snev av forståing for motparten sitt syn, er uinteressant for meg.

Eg skulle jo tru at de trass i store politiske usemjer kunne respektera at ein person synest bladet dykkar er uinteressant, utan at de skal byrja å vera usaklege. Men der tok eg altså feil.

maalmannen sa...

"Men å betala for å få lesa propaganda for okkupasjonen av Palestina, for etnisk reinsing og for dreping av små born, utan snev av forståing for motparten sitt syn, er uinteressant for meg."

Harde ord, Kjetil. Seg meg, kvifor skulde du ha so sterke meiningar um eit blad du aldri hev lese? Spørst um du ikkje hev smuglese litt.

Kor som er, denne tråden handlar fyrst og fremst um kva som er interessant for arbeidsfolk flest, ikkje berre for meg og deg. Og her trur eg nok at eg hev ikkje so reint fåe arbeidsfolk med meg på at me snart må koma forbi det nivået der Israel på fritt grunnlag og utan dokumentasjon vert skulda for "etnisk reinsing", "drap på små born", "apartheid-politikk" og dilikt. Det er berre tabloid og fordummande. Me er leide av det, og folk flest er leide av det.

Når det gjeld "motparten sitt syn", som du hævdar at me "ikkje har eit snev av forståing for", so vil eg berre stutt slå fast at me hev forståing for palestinarane sin situasjon. Men å gå derifrå til å leggja skuldi for vanstoda på Israel åleine, slik det vert gjort i mainstream-media i dag, det vert for lettløyst. Um det er ei slik framstelling av saki du etterlyser, so finn du henne i dagens Aftenposten, Dagbladet eller KK. Eller du kann skru på TV-en i Dagsrevy-tid og sjå um Odd Karsten Tveit er i ruta. Me er sopass marknads- og kundesegmentorienterte at me hev ikkje tenkt å taka upp konkurransen her.

So til deg som les dette, anten me er samde eller usamde um Israel, so vil eg berre uppmoda deg um å lesa blekka og døma sjølv. På same måten som me veit betre enn Kjetil kva me sjølve meiner um "okkupasjonen av Palestina", veit du best kva du sjølv er interessert i og ikkje. Midtausten-konflikten er berre eitt av mange mangslungne emne som vert tekne upp til dryfting på http://maalmannen.sambandet.no og http://maalmannen.blogspot.com

Kamerat Kjetil sa...

Treng som sagt ikkje lesa bladet for å vita kva de meiner. Eg les jo andre vloggar, og dette er jo ikkje den einaste staden du har lagt att meldingar. Og dei fleste som har vore litt aktive i målrørsla har vel nokolunde peiling på kvar de står politisk.

Utan dokumentasjon, hehe. Kosteleg.

maalmannen sa...

Veit ikkje heilt um eg skal tru på deg, Kjetil. Google Analytics fortel um nye unike treff frå Fitjar og Stord. Det treng sjølvsagt ikkje vera deg, det kann vel like godt vera nokre av sambygdingane dine som tok uppmodingi mi og vilde gjera seg upp ei meining sjølv. I so fall må eg berre segja takk for gratisreklamen.

Elles er det godt å høyra at folk i målrørsla arbeider trottugt for å stempla oss som "ekstreme israelsvener". Me hev tru på at det vil gje resultat på litt lengre sikt. Ikkje her på "Vloggen hans Kjetil" kanskje, men millom arbeidsfolk flest, som stend langt til høgre for SV og RV.

Kamerat Kjetil sa...

Ja, eg har vore inne på vloggen din, etter at du la inn den første kommentaren. Det burde vel ikkje overraska nokon?

Og såkalla israelvener bør jo snart ta inn over seg at arbeidarklassen vert meir og meir kritisk til Israel ettersom Israel si undertrykking av palestinarar vert meir og meir grotesk og synleg. Om du vil at arbeidarklassen skal verta meir sympatisk mot staten Israel, bør du jo jobba for at Israel skal slutta med apartheidpolitikken sin, trekkja seg attende til dei grensene SN har fastsett og riva muren dei har bygd på okkupert område. Det er lettare å få arbeidarklassen til å støtta folk som er undertrykte av ei usympatisk og arrogant overmakt, enn eit folk som er undertrykt av eit tilsynelatande fredeleg og sympatisk naboland.

maalmannen sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
maalmannen sa...

Det spørst um du ikkje forvekslar arbeidarklassen med kultureliten i Akersgata. Sistnemnde kann snaudt verta meir "Israel-kritiske" enn dei er i dag. Når det gjeld arbeidsfolk derimot so synte til dømes innringjingsresultati frå programmi Standpunkt og Holmgang at eit fleirtal meiner det var rett av Israel å likvidera Hamas-leidaren Ahmed Yassin. Kva segjer du til det, Kjetil? Ja, det er vel berre Frp-veljarar som ser slike program, men desse vert det stødt fleire av - og då spesielt folk med arbeidarklassebakgrunn!

Den indoktringi som AKP/RV'arar i kompaniskap med vinstrevridne journalistar hev stade for i denne saki, trur eg hev nådd eit metningspunkt. Motargumenti ligg der, for dei som vil ta tak i dei, og som ikkje hev ein akademisk karriere å risikera um dei trakkar ut i salaten, eller vert utfrosne frå raddismiljøet um dei ikkje hev dei rette meiningane. Arbeidarklassen hev dei beste fyresetnadene for å fremja ei ny og meir progressiv lina i Israel-politikken, og kjem nok til å gjera det. De kann ikkje berre låst som alt skal halda fram som før. Ellevte september hev skjedd, Kjetil.

Kamerat Kjetil sa...

Det kjennest absurd å verta spæmma av ein person som ikkje har interessa av å argumentera sakleg for påstandane sine, eller å kommentera noko av det eg seier. Eg synest ikkje eg har så mykje å bidra med i diskusjonen mellom Maalmannen og Straamannen. Eg kjenner heller ikkje noko trong til å svara på usaklege kommentarar.

Men takk for at du let deg provosera av noko som i utgangspunktet ikkje var provokativt i det heile. Det viser i det minste at eg har evna til å provosera...

maalmannen sa...

Å halda uppe ein sakleg med ein person som gong etter gong slær fast at han ikkje er interessert i nokon diskusjon i det heile, er vel eit kunststykkje i seg sjølv. So det tykkjer eg faktisk at eg fortener ros for.

Det fyrre innlegget mitt var konkret attendevising av diverse generelle og udokumenterte påstandar du sette fram um arbeidarklassen sitt tilhøve til Israel. Poengi mine ligg der, um du berre vil ta tak i dei. Men eg forstår godt at det er lettast for deg å avvisa oss med nye generelle påstandar um at me er "usaklege".

At du upplever det som absurd å få servert argumentasjon som gjeng på tvers av det politisk korrekte, segjer vel det meste um deg. Eg kann diverre ikkje returnera det same komplimentet attende til deg. Eg hev havt so mykje med RV-arar og NMU-arar å gjera at eg veit at det er slik de driv på. Det vilde yverraska meg um responsen hadde vorte ein annan.

Storstrand sa...

ger svo vel å definera "til det ekstreme".

maalmannen sa...

"Det ekstreme" for honom Kjetil må vel vera alt som ikkje er til vinstre for Arbeidarpartiet. "Ekstrem israel-ven" er vel noko slikt som usamd med Hamas i at Israel bør utslettast. Eller tek eg i miss no, Kjetil? Respekterar du Israels rett til trygge og forsvarlege grensor eller ikkje?

Kamerat Kjetil sa...

No har eg avskrive denne diskusjonen som uinteressant. Og skal det brått vera interessant for dykk kva eg meiner? De har enno ikkje kommentert noko av det eg har sagt, så kvifor skal eg prøva å diskutera noko som ikkje har samanheng med den opprinnelege posten, og svara på retoriske spørsmål frå dykk, i ein diskusjon de like godt kan ta på dykkar eigen vlogg, fordi det likevel berre går ut på å stadfesta dykkar eigne meiningar om venstresida?

Eg trudde at eg var ein kverulant. Men de tek kaka... Denne endelause rekkja av irrelevante kommentarar er ikkje diskusjon, det er hærverk, på lina med tagging.

maalmannen sa...

Eg hev ikkje skrive fleire innlegg i denne tråden enn det du sjølv hev gjort, so um du tykkjer det eg skriv er spamming kann du berre halda kjeft, so skal du sjå at diskusjonen døyr ut av seg sjølv.

Storstrand sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Kamerat Kjetil sa...

Sjikane mot meg sjølv ser eg ingen grunn til å godta, difor fjerna eg nett ein kommentar. I tilfelle nokon lurte.

Eg vil no stengja for fleire kommentarar. Eg er ikkje interessert i å lesa meir vås frå dykk to. Om eg skulle endra meining, er det sikkert ikkje vanskeleg for meg å leita fram meir vås som de har skrive.