torsdag, mars 29, 2007

onsdag, mars 28, 2007

Fredsplikt til dauden!

Bladet til Fellesforbundet kom i dag. Der er det bilete av ein av Raudt Stord sine sentrale personar, nemleg Mohamed. Hurra for han! I tillegg er det eit intervju med den konstituerte LO-leiaren, Roar Flåthen.

Og når Flåthen får spørsmålet:
"Hva synes du om et lønnskrav på fem prosent?"

Så svarar han:
"Jeg kommenterer ikke slike prosenter, men det er et stort trykk i økonomien. Det er en utfordring. Vi ønsker å ta hensyn til konkurranseutsatt sektor og vil ikke være med på å skape større press på rente og kronekurs enn det som allerede er der. Vi vil gjennomføre et fornuftig oppgjør, det betyr at vi skal ha en hyggelig kjøpekraftsøkning for alle våre medlemmer."

Trykk i økonomien?? Press på rente og kronekurs? Fornuft?? Hyggje??? Har me fått Per Kristian Foss som leiar? Kva med spissinga av klassekampen, som følgje av at arbeidskjøparane har behov for å tyna oss meir? Kva med dei underbetalte kvinnene i offentleg sektor? Kva med pensjonane, sosial dumping og undergravinga av IA-avtalen?

Nei, det er tydeleg at me treng ei radikalisering av arbeidarorganisasjonane. Og det hastar!

onsdag, mars 21, 2007

Stord Kystparti

I går såg eg ein lapp på oppslagstavla på Rema 1000. Der sto det at Kystpartiet ikkje har gjeve opp, sjølv om frontfigur Bjørnar Helgesen av ein eller annan grunn har meldt overgang til Framstegspartiet.

Eg håpar Kystpartiet klarar å stilla i år og. Det er bra for demokratiet at me har mange små parti, og at folk har flest mogleg kandidatar å velja mellom.

Det er bra for demokratiet om alle småpartia kjem inn i kommunestyret. Det er ikkje mykje ein får ut av å røysta inn folk langt nede på listene. Det er den same gruppa og det same partiet som avgjer kva dei skal røysta på, så det vil ikkje utgjera nokon skilnad, anna enn når ei sak er så kontroversiell at røystene i kommunestyret må finteljast.

Eit ekstra parti i kommunestyret gjev oss ei ekstra partigruppa på fem personar. Dei fleste parti har nokre viktige saker dei brenn for, og vil fremja desse i kommunestyret. Slik kjem det kanskje opp forslag som elles aldri ville ha vorte diskutert. I tillegg vil fleire einskildpersonar verta tilknytta kommunepolitikken, så det er lettare for innbyggjarane å koma i kontakt med ein folkevald.

Ein ekstra representant til eit stort parti gjev ei ekstra røyst i kommunestyremøtet, og det kjem to ekstra, ofte mindre motiverte, personar inn i ei partigruppa som var der frå før. Det seier seg sjølv at denne representanten ikkje er like viktig.

Og så er det sjølvsagt viktig for innbyggjarane i Stord kommune at ikkje Helgesen tek med seg alle Kystparti-veljarane over til Frp.

Så om du er folkeregistrert på Stord og ikkje alt står på ei lista: Ta kontakt med Kystpartiet! Dei treng deg! Og til alle som ikkje vil stå på lister, men som skal røysta: Røyst taktisk! Gje røystene dykkar til småpartia!

fredag, mars 16, 2007

Folkeaksjonen mot, øh, kven?

Eg har nett funne ein gjennomført uviktig organisasjon. Sjekk denne.

Tevling

Eg har vore med i ei tevling. Sunnhordlandsvloggarar vart inviterte til å tevla, og eg melde meg på. Eg trur ikkje at min vlogg kan ha vore langt nede på resultatlista, for dei fleste av desse vloggane var anten uinteressante eller ikkje oppdaterte på lenge. Men eg trudde heller ikkje eg skulle vinna.

Den som vann, var den eg såg som favoritt, nemleg Anni-O's snabelaktige blogg. Den må leggjast til i vlogglista mi. Eg har lenge leitt etter Stord-vloggar som eg kan leggja i lista, men dei er vanskelege å finna. No har eg iallfall ein. Og eg hadde tenkt å leggja til minst ein av dei andre kandidatane. Men ved nærare ettersyn er det ingen av dei som er både interessante og oppdaterte.

torsdag, mars 15, 2007

Du har kommet til et nummer som er i bruk...

I dag sende eg tekstmelding til ein 13-åring i Horten og spurde om ungane hans ville koma og feira bursdagen til Tuva i helga. Plötzlich ringde ei dama og lurte på kven i alle dagar eg var for ein fyr.

Den som eigentleg skulle ha meldinga, var ein slektning. Min slektning, ikkje slektningen til 13-åringen i Horten. Slektningen min byta visst nummer for eit år sidan. Rett etter to-årsdagen til Tuva... Kan ikkje folk berre halda seg til eitt nummer??

Eg trudde ikkje dei (eg veit ikkje kven "dei" i denne samanhengen er) var så raske med å dela ut gamle telefonnummer som ikkje lenger er i bruk, til nye personar. Det er jo ikkje særleg lurt. Dei burde jo hatt karantene på eit par, tre år i det minste. Slik at sånne som meg, som sjeldan ringjer eller sender meldingar utan at eg har noko spesielt eg vil seia, rekk å arrangera det neste barneselskapet før nestemann har arva telefonnummeret.

tirsdag, mars 13, 2007

Illojale Yssen

No har media endeleg sett kva Fougner-rapporten eigentleg seier. Yssen gjorde ikkje jobben sin, enkelt og greit.

At ein tilsett ikkje gjer jobben sin, fritek rett nok ikkje sjefen for det ansvaret han har for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen, slik det er nedfelt i arbeidsmiljølova. Og eg ser ikkje vekk frå at Valla har brote arbeidsmiljølova, på same måte som andre sjefar gjer kvar dag. Men kva med dei andre på arbeidsplassen? Trur resten av LO-leiinga at dei ikkje har noko ansvar? Ja, det ser slik ut. Denne konflikten er "løyst" på same måte som konfliktar vert "løyste" på dei fleste andre arbeidsplassar, nemleg ved at folk vert flytta vekk frå einannan, vert oppsagde eller, som i dette tilfellet, sluttar. Yssen og LO-sekretariatet si handtering av konfliktar er heller ikkje i tråd med lova. Å fjerna personane det gjeld frå einannan, er ikkje ei løysing på eit problem. Det er å flytta problemet fram i tid. Granskingskommisjonar og mobbing gjennom avisene er heller ikkje ein god framgangsmåte, og vil aldri føra til at arbeidsmiljøet vert betre. Men eg trur ikkje det var målet til Yssen heller.

Det at Yssen ikkje gjorde jobben sin, tek etter mi meining brodden vekk frå mykje av den opprinnelege kritikken frå Yssen mot Valla, nemleg det som gjekk på at Valla påsto at Yssen ikkje gjorde jobben sin. Ut frå Yssen sitt oppseiingsbrev såg det jo ut til at det var dette som var kjerna i konflikten. Så dette tyder vel på at Yssen-saka kan ha vore del av ein agenda for å få vekk ein sterk LO-leiar som truga høgresida i Ap. Akkurat slik folk i RV/ Raudt har sagt sidan saka kom ut i media første gong.

Yssen har skada og svekka LO, kanskje for fleire år framover. Likevel er det Yssen som i ettertid framstår som den store helten, som har redda stakkars LO frå klørne til den farlege og slemme mobbaren Valla. Dette viser kor mektige riksmedia er, og kor stor effekt ein skikkeleg svertekampanje kan ha.

Helsikes kulturimperialist!


Ein mann (det er jo alltid ein mann) i partiet mitt meiner at det er heilt feil å bruka partinamnet Raudt. For det er jo ikkje bokmål, meiner han (sjølv om det står svart på kvitt i ordboka). Og det gjer oss små og sære. For mange likar jo ikkje nynorsk ein gong, og bokmålsfolk vil kanskje ikkje "godta" stavinga "Raudt". Dette kjem han med etter at eg har argumentert for å leggja nettsidene under raudt.no, i staden for roedt.no, der dei faktisk av ein eller annan grunn ligg i dag.

Kvifor i grønsvarte helvete vert me mindre og særare av å kalla oss raudt enn me vert av å kalla oss roedt, som ikkje ein gong er eit ord??

Om det er slik Raudt bør slutta å jobba for målsaka fordi nynorsk er upopulært, har eg ingenting i partiet å gjera. Det gjeld truleg òg andre radikale nynorskingar. Men heldigvis trur eg ikkje at den type ekskluderande tankegong er utbreidd i partiet. Og Raudt har sikkert flust av andre meiningar som er like upopulære, skal me slutta å meina ting få andre meiner? Revolusjon er ekstremt mykje mindre populært enn nynorsk, skal me vera mot revolusjon? Det er svært mange i arbeidarklassen som synest at kvinnekampen er over, og at homofile har for mange rettar, skal me då slutta å jobba mot diskriminering og undertrykkjing?

Og Raudt ER jo alt namnet vårt (Eller eitt av namna, om du vil). Kva om eg hadde føreslått at Rødt ikkje lenger skulle vera ein godteken skrivemåte av partinamnet vårt? Då kan du tru det hadde vorte ramaskrik.

Argument som at ting gjer oss små og sære er jo heilt geniale. Dei kan brukast på det meste, og dei vernar brukaren frå å argumentera politisk for sitt syn. Og dei vert òg brukte ofte. Særleg av høgresida i partiet. Ja, eg veit at høgresida i partiet må veksa dersom me skal verta større i løpet av kort tid. Eg trur ikkje eingong eg vil fortvila særleg mykje om aktivistar frå fagrørsla, kvinnerørsla og miljørørsla (og ikkje minst målrørsla) kjem inn og utvidar høgresida i Raudt. Men det at me vil "verta store" er ikkje noko politisk argument. Dårleg politikk vert ikkje betre dersom han vert populær. Vil du ha eit stort og usært parti, meld deg inn i Frp eller DNA.

Vombiskinn

Ein gong for lenge sidan skreiv eg om vombavelter og vombiskinn. I det siste har desse orda vorte aktuelle att.

Sist eg var heime fekk eg vita at Frugård hadde ein rett som heiter vombavelto eller noko i den duren, på lunsjmenyen. Fantastisk, ikkje sant? Eg har ikkje vore der og undersøkt sjølv, så eg kan ikkje stadfesta dette hundre prosent. Eg har òg leita i menyen som ligg på nett og ikkje funne det, men eg trur det er sant. Lurar på kvar dei har fått det ordet frå... Finst det andre som brukar det?

Og no har ei drektig søya i Telemark fått vom i skinn, stakkar.

lørdag, mars 10, 2007

Raudt! Som morgonsola!

Partiet mitt er nedlagt. Men eg har fått eit nytt. Flunkande nytt, faktisk. Og det skal heita Raudt. Så no kan me kalla lokallaget vårt for Raudt Stord. Eller, ikkje no. Først må me kalla det Stord Raud Valallianse ei stund til. Fram til Mohamed er i kommunestyret og Terje er ordførar i Odda. kan me byta namn for alvor. Det vert gjevt.

Og etter revolusjonen drikk alle te. Og verda skal verta ljuv og alle menneska skal verta lukkelege.

Dagens sitat

«Valla er en dame som bokstavelig talt ligger med brukket rygg.»

Stygg sak, morosamt sitat. Du kan lesa resten av saka her.

fredag, mars 09, 2007

Idiotar! Dustemiklar!

Soria Moria-erklæringa slår fast at ingen flyplassar skal leggjast ned i denne stortingsperioden. Likevel vil ikkje regjeringa gjera Stord lufthamn statleg, så me kan få dei naudsynte midlane for å byggja den naudsynte nye brannstasjonen slik at flyplassen kan drivast vidare. For Stord kommune har jo ikkje råd.

Det hjelper lite at Olav Akselsen står fram i lokalavisa og seier at flyplassen er viktig, når partiet og regjeringa hans drit i kva han meiner. Det hjelper òg lite at SV-fylkeslaget vedtek at flyplassen er viktig, når stortingspolitikarane deira kjem til å feiga ut og følgja regjeringa. Det er då for pokker ingen i Hordaland og Sunnhordland som har røysta på Jens Stoltenberg eller Kristin Halvorsen, eller dei andre klønene i regjeringa. Kvifor skal fleirtalet av hordalandsbenken då vera lojale mot partitoppane og regjeringa, i staden for folka som har valt dei? Rikspolitikarane burde representera dei som har valt dei. Denne saka viser svært tydeleg kor udemokratisk partisystemet og parlamentarismen er. Kanskje det er like greit med Høgre-regjering neste gong? Øyvind Balleraker ser i det minste ut til å ha sitt eige parti på si sida når han uttalar seg om lokale samferdselssaker.

Rikspolitikarane er tåper! Dei lokale rikspolitikarane er pingler og tåper!

Ja, eg veit at flytransport er ufyseleg og miljøskadeleg. Men så går det då heller ikkje tog på våre kantar. Småflyplassane er viktige for innbyggjarane og næringslivet i distrikta! Om flyplassar skal leggjast ned for å spara miljøet, kan dei heller leggja ned dei store flyplassane i dei store byane. Der har folk tusen andre måtar å reisa på.

Og Valla har gått av. Eg gidd ikkje å skriva noko om det, kommunistattendespenn har alt skrive det som må seiast.

torsdag, mars 08, 2007

Damer!

Gratulerer med dagen!

tirsdag, mars 06, 2007

Kjekke dagar

I går jobba me overtid. Det er eigentleg ikkje lov, men jobben hasta. Og då er alt lov, det veit jo alle. Me har nokre røyr som må vera elektrisk isolert frå alt mogleg anna. Røyra ligg i havet, og må vernast mot korrosjon på ein ganske intrikat måte. Ved å setja bittelitt straum på røyra, vil ein unngå at saltet i sjøen reagerer med jernet i stålet og fører til korrosjon. Altså at røyret rustar. Men ein må unngå at straumar frå landanlegget forstyrrar, for då kan ein i verste fall oppnå den motsette verknaden. Difor må røyret ut i sjøen vera isolert frå anlegget.

Men det er jo ikkje enkelt å isolera røyret frå anlegget når røyret skal føra gass og slikt mellom England, havet og, ja, nettopp, anlegget. Så då brukar me isolasjonsjointar, som ikkje har noko å gjera med jointar. Dei skil røyret frå seg sjølv, slik at metallet på eine sida ikkje er i kontakt med metallet på hi sida.

Så me har megga røyr. Og me har kopla frå instrumentkabel, kopla frå jording både her og der, kopla til kablar att, klyppt av jordleiarar, prøvd å feilsøkja, vaska og tørka teflon, skrapa maling, kopla frå piping, rive stillas, megga kabel og diskutert mykje. Og vi har sett opp føggelband og vi har pønta tre. Så megga me røyra litt til. Eg har knapt brukt ein meggar før, og hadde aldri trudd eg skulle koma til å megga 42 tommars pipingrøyr.

Me skulle ha ein Megaohm. Me fekk omlag 15 kiloohm... Same kva me prøvde på. Og me trur ikkje at det er mogleg å finna ein feil. Dette ser ut til å vera det beste resultatet me kan få. Så me har sagt oss ferdige.

Men anlegget er jo jorda. Og jordelektroden går jo i sjøen. Så når dei sveiser sjødelen saman med landdelen vil dei jo ha null ohm... Så eg skjønar ikkje korleis Hydro skal få driten til å verka. Men det er då heller ikkje ein simpel industriarbeidar si oppgåva å skjøna ting.

No er me ferdige med eitt røyr. Då har me berre to att. Og ein stad på det siste røyret har undersåttane mine festa kabelgater på begge sider (fordi eg sa dei skulle det...), så eg har ein dritjobb å gjera i morgon.

Vanlegvis når me gjer ting me ikkje kan, er det ein eller annan som kjenner ein som har vore borti det før, som igjen kjenner ein ekspert på området, ein skikkeleg nørd me kan ringja til. Eksperten finst ikkje i dette tilfellet. Men det vert ikkje mindre interessant av den grunnen.

No i kveld skal dei inn i røyret med kamera, for å finna ut om det er noko gale der (eller eigentleg mest fordi sjefane er nyfikne, mannfolk i industrien går heilt i barndommen når dei kjem borti noko nytt som er viktig nok til at ingen kontrollerer kostnadar). Hadde sikkert vore kjekt å vera med. Men det er jo ikkje lov å jobba overtid her...

søndag, mars 04, 2007

Blabla

Eg har passert 100 vloggpostar. Mesteparten er jo berre vas, men likevel har eg vondt for å skjøna at det har vorte så mange av dei... Men no passar det vel å feira "høgtida" med eit nytt bilete. Hammar og sigd er jo ikkje spanande i lengda.

No er me snart ferdige med å byggja Ormen Lange. Anlegget skal vera ferdig første mai og leverast til Hydro. Slik at dei kan levera det til Shell... Snigelfangaren, der eg jobbar, skal me ha nokolunde ferdig alt om eit par veker. Så ut i veka skal eg over på loop-test. Det er engelsk for sløyfetest. Det vert sikkert kjekt å prøva noko nytt.

Og det er fint ver på Aukra no. Hurra!

Sjekk denne, om du vil vita korleis du skal gå fram om du treng litt opplysing.