tirsdag, mars 13, 2007

Helsikes kulturimperialist!


Ein mann (det er jo alltid ein mann) i partiet mitt meiner at det er heilt feil å bruka partinamnet Raudt. For det er jo ikkje bokmål, meiner han (sjølv om det står svart på kvitt i ordboka). Og det gjer oss små og sære. For mange likar jo ikkje nynorsk ein gong, og bokmålsfolk vil kanskje ikkje "godta" stavinga "Raudt". Dette kjem han med etter at eg har argumentert for å leggja nettsidene under raudt.no, i staden for roedt.no, der dei faktisk av ein eller annan grunn ligg i dag.

Kvifor i grønsvarte helvete vert me mindre og særare av å kalla oss raudt enn me vert av å kalla oss roedt, som ikkje ein gong er eit ord??

Om det er slik Raudt bør slutta å jobba for målsaka fordi nynorsk er upopulært, har eg ingenting i partiet å gjera. Det gjeld truleg òg andre radikale nynorskingar. Men heldigvis trur eg ikkje at den type ekskluderande tankegong er utbreidd i partiet. Og Raudt har sikkert flust av andre meiningar som er like upopulære, skal me slutta å meina ting få andre meiner? Revolusjon er ekstremt mykje mindre populært enn nynorsk, skal me vera mot revolusjon? Det er svært mange i arbeidarklassen som synest at kvinnekampen er over, og at homofile har for mange rettar, skal me då slutta å jobba mot diskriminering og undertrykkjing?

Og Raudt ER jo alt namnet vårt (Eller eitt av namna, om du vil). Kva om eg hadde føreslått at Rødt ikkje lenger skulle vera ein godteken skrivemåte av partinamnet vårt? Då kan du tru det hadde vorte ramaskrik.

Argument som at ting gjer oss små og sære er jo heilt geniale. Dei kan brukast på det meste, og dei vernar brukaren frå å argumentera politisk for sitt syn. Og dei vert òg brukte ofte. Særleg av høgresida i partiet. Ja, eg veit at høgresida i partiet må veksa dersom me skal verta større i løpet av kort tid. Eg trur ikkje eingong eg vil fortvila særleg mykje om aktivistar frå fagrørsla, kvinnerørsla og miljørørsla (og ikkje minst målrørsla) kjem inn og utvidar høgresida i Raudt. Men det at me vil "verta store" er ikkje noko politisk argument. Dårleg politikk vert ikkje betre dersom han vert populær. Vil du ha eit stort og usært parti, meld deg inn i Frp eller DNA.

Ingen kommentarer: