fredag, mars 09, 2007

Idiotar! Dustemiklar!

Soria Moria-erklæringa slår fast at ingen flyplassar skal leggjast ned i denne stortingsperioden. Likevel vil ikkje regjeringa gjera Stord lufthamn statleg, så me kan få dei naudsynte midlane for å byggja den naudsynte nye brannstasjonen slik at flyplassen kan drivast vidare. For Stord kommune har jo ikkje råd.

Det hjelper lite at Olav Akselsen står fram i lokalavisa og seier at flyplassen er viktig, når partiet og regjeringa hans drit i kva han meiner. Det hjelper òg lite at SV-fylkeslaget vedtek at flyplassen er viktig, når stortingspolitikarane deira kjem til å feiga ut og følgja regjeringa. Det er då for pokker ingen i Hordaland og Sunnhordland som har røysta på Jens Stoltenberg eller Kristin Halvorsen, eller dei andre klønene i regjeringa. Kvifor skal fleirtalet av hordalandsbenken då vera lojale mot partitoppane og regjeringa, i staden for folka som har valt dei? Rikspolitikarane burde representera dei som har valt dei. Denne saka viser svært tydeleg kor udemokratisk partisystemet og parlamentarismen er. Kanskje det er like greit med Høgre-regjering neste gong? Øyvind Balleraker ser i det minste ut til å ha sitt eige parti på si sida når han uttalar seg om lokale samferdselssaker.

Rikspolitikarane er tåper! Dei lokale rikspolitikarane er pingler og tåper!

Ja, eg veit at flytransport er ufyseleg og miljøskadeleg. Men så går det då heller ikkje tog på våre kantar. Småflyplassane er viktige for innbyggjarane og næringslivet i distrikta! Om flyplassar skal leggjast ned for å spara miljøet, kan dei heller leggja ned dei store flyplassane i dei store byane. Der har folk tusen andre måtar å reisa på.

Og Valla har gått av. Eg gidd ikkje å skriva noko om det, kommunistattendespenn har alt skrive det som må seiast.

Ingen kommentarer: