tirsdag, mars 13, 2007

Illojale Yssen

No har media endeleg sett kva Fougner-rapporten eigentleg seier. Yssen gjorde ikkje jobben sin, enkelt og greit.

At ein tilsett ikkje gjer jobben sin, fritek rett nok ikkje sjefen for det ansvaret han har for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen, slik det er nedfelt i arbeidsmiljølova. Og eg ser ikkje vekk frå at Valla har brote arbeidsmiljølova, på same måte som andre sjefar gjer kvar dag. Men kva med dei andre på arbeidsplassen? Trur resten av LO-leiinga at dei ikkje har noko ansvar? Ja, det ser slik ut. Denne konflikten er "løyst" på same måte som konfliktar vert "løyste" på dei fleste andre arbeidsplassar, nemleg ved at folk vert flytta vekk frå einannan, vert oppsagde eller, som i dette tilfellet, sluttar. Yssen og LO-sekretariatet si handtering av konfliktar er heller ikkje i tråd med lova. Å fjerna personane det gjeld frå einannan, er ikkje ei løysing på eit problem. Det er å flytta problemet fram i tid. Granskingskommisjonar og mobbing gjennom avisene er heller ikkje ein god framgangsmåte, og vil aldri føra til at arbeidsmiljøet vert betre. Men eg trur ikkje det var målet til Yssen heller.

Det at Yssen ikkje gjorde jobben sin, tek etter mi meining brodden vekk frå mykje av den opprinnelege kritikken frå Yssen mot Valla, nemleg det som gjekk på at Valla påsto at Yssen ikkje gjorde jobben sin. Ut frå Yssen sitt oppseiingsbrev såg det jo ut til at det var dette som var kjerna i konflikten. Så dette tyder vel på at Yssen-saka kan ha vore del av ein agenda for å få vekk ein sterk LO-leiar som truga høgresida i Ap. Akkurat slik folk i RV/ Raudt har sagt sidan saka kom ut i media første gong.

Yssen har skada og svekka LO, kanskje for fleire år framover. Likevel er det Yssen som i ettertid framstår som den store helten, som har redda stakkars LO frå klørne til den farlege og slemme mobbaren Valla. Dette viser kor mektige riksmedia er, og kor stor effekt ein skikkeleg svertekampanje kan ha.

Ingen kommentarer: