tirsdag, mars 06, 2007

Kjekke dagar

I går jobba me overtid. Det er eigentleg ikkje lov, men jobben hasta. Og då er alt lov, det veit jo alle. Me har nokre røyr som må vera elektrisk isolert frå alt mogleg anna. Røyra ligg i havet, og må vernast mot korrosjon på ein ganske intrikat måte. Ved å setja bittelitt straum på røyra, vil ein unngå at saltet i sjøen reagerer med jernet i stålet og fører til korrosjon. Altså at røyret rustar. Men ein må unngå at straumar frå landanlegget forstyrrar, for då kan ein i verste fall oppnå den motsette verknaden. Difor må røyret ut i sjøen vera isolert frå anlegget.

Men det er jo ikkje enkelt å isolera røyret frå anlegget når røyret skal føra gass og slikt mellom England, havet og, ja, nettopp, anlegget. Så då brukar me isolasjonsjointar, som ikkje har noko å gjera med jointar. Dei skil røyret frå seg sjølv, slik at metallet på eine sida ikkje er i kontakt med metallet på hi sida.

Så me har megga røyr. Og me har kopla frå instrumentkabel, kopla frå jording både her og der, kopla til kablar att, klyppt av jordleiarar, prøvd å feilsøkja, vaska og tørka teflon, skrapa maling, kopla frå piping, rive stillas, megga kabel og diskutert mykje. Og vi har sett opp føggelband og vi har pønta tre. Så megga me røyra litt til. Eg har knapt brukt ein meggar før, og hadde aldri trudd eg skulle koma til å megga 42 tommars pipingrøyr.

Me skulle ha ein Megaohm. Me fekk omlag 15 kiloohm... Same kva me prøvde på. Og me trur ikkje at det er mogleg å finna ein feil. Dette ser ut til å vera det beste resultatet me kan få. Så me har sagt oss ferdige.

Men anlegget er jo jorda. Og jordelektroden går jo i sjøen. Så når dei sveiser sjødelen saman med landdelen vil dei jo ha null ohm... Så eg skjønar ikkje korleis Hydro skal få driten til å verka. Men det er då heller ikkje ein simpel industriarbeidar si oppgåva å skjøna ting.

No er me ferdige med eitt røyr. Då har me berre to att. Og ein stad på det siste røyret har undersåttane mine festa kabelgater på begge sider (fordi eg sa dei skulle det...), så eg har ein dritjobb å gjera i morgon.

Vanlegvis når me gjer ting me ikkje kan, er det ein eller annan som kjenner ein som har vore borti det før, som igjen kjenner ein ekspert på området, ein skikkeleg nørd me kan ringja til. Eksperten finst ikkje i dette tilfellet. Men det vert ikkje mindre interessant av den grunnen.

No i kveld skal dei inn i røyret med kamera, for å finna ut om det er noko gale der (eller eigentleg mest fordi sjefane er nyfikne, mannfolk i industrien går heilt i barndommen når dei kjem borti noko nytt som er viktig nok til at ingen kontrollerer kostnadar). Hadde sikkert vore kjekt å vera med. Men det er jo ikkje lov å jobba overtid her...

Ingen kommentarer: