tirsdag, mars 13, 2007

Vombiskinn

Ein gong for lenge sidan skreiv eg om vombavelter og vombiskinn. I det siste har desse orda vorte aktuelle att.

Sist eg var heime fekk eg vita at Frugård hadde ein rett som heiter vombavelto eller noko i den duren, på lunsjmenyen. Fantastisk, ikkje sant? Eg har ikkje vore der og undersøkt sjølv, så eg kan ikkje stadfesta dette hundre prosent. Eg har òg leita i menyen som ligg på nett og ikkje funne det, men eg trur det er sant. Lurar på kvar dei har fått det ordet frå... Finst det andre som brukar det?

Og no har ei drektig søya i Telemark fått vom i skinn, stakkar.

4 kommentarer:

Erik sa...

Grunnmanuskriptet har nokre svar:

vombvelte vomb-velte f. = vombbeise (Dal, Shl), V.

vombbeise vomb-beise f. storvomba skapnad ("våmm-" NGbr, Rom, Austf), R

vombiskinn vomb-i-skinn det tilstandet at vombi er losna or lægjet sitt so ho syner seg som ein stor pose under hudi (Agd, Va, Gbr, Shl, Nhl o.fl.). Stanga ~. Kui er (el. hev) ~. Sjå gorstanga. R1, V, NH.

Merk at etter gjeldande rettskriving skal det vera vom i staden for vomb: vomvelte, vomiskinn.

Kamerat Kjetil sa...

Oi. Dette er jo heilt heise. Kvifor spurde eg ikkje Erik med ein gong... :)

Anonym sa...

Hei

Har mistanke om at vi har en sau med slike symptom. Ho er berre to og eit halvt år gamal og har hatt ein vellukka fødsel. No likle før blesming skjer det. Magen bular ut bak på venstre side og framme på høgre sida. Heile kroppen er forma som ein S. Er dette vimbiskinn? Kan vel ikkje sette lam på denne? Det blir vel berre dyreplageri?

Japloe

Kjetil sa...

Viss magen bular ut på sidene kan det vera det som er gale ja.

Men dette må du ta opp med ein dyrelækjar, eg har ikkje greia på dyr.