søndag, april 29, 2007

Ny vlogg

Raudt Stord har fått seg nettsida! Ho ligg på raudt.blogspot.com.

...medan me ventar på at Raudt Hordaland skal få fingen ut og skaffa oss nye sider...

Og me (dvs eg, dei andre har ikkje skaffa seg google-kontoar enno) har alt lagt ut nyhende der, frå aksjonen på Senteret i helga.

fredag, april 27, 2007

Noreg ut av NATO - NATO ut av verda!

Håvard har eit innlegg i Sunnhordland i dag. Og me har trykt opp flygeblad og laga plakatar, så i morgon vert det aksjon på senteret. Jippi!

Gje NATO ein på trynet!

23.-26 april skal Oslo husa eit møte av dei sjeldne. Då kjem NATO sine utanriksministrar til byen, og det er duka for toppmøte. Noreg er altså vert for eit møte mellom dei største krigshissarane i verda, og NATO kjem til å møta ein Jonas Gahr Støre som vil fortelja dei at Noreg står fullt og heilt bak USA sine åtakskrigar også i framtida. Dette trass i at mesteparten av det norske folk heile tida har vore motstandarar av denne krigføringa, og at ein av grunnane til at dei raudgrøne kom til makta var nett denne krigsmotstanden..

Me i Raud Ungdom meiner at dette er heilt på trynet, og me er leie av at den massive motstanden mot krig vert usynleggjort av Stortinget og regjeringa. Me vil fortelja Jonas og NATO-toppmøtet at me er leie av å bruka ein milliard kroner i året på å bomba eitt av dei fattigaste landa i verda. Me vil at alle dei norske soldatane skal koma heim heile, og ikkje i posar. Me vil at Noreg skal slutta å føra krig mot dei svakaste i verda, og reisa seg att som ein fredsnasjon.

Noreg har eit sjølvbilete som ei fredsdua i verda. Då bør me halda oss langt vekke frå dei krigsglade NATO-haukane.

Håvard Tranøy, Stord Raud Ungdom

Eit nytt parti er stifta!

Raudt Stord vart offisielt stifta 24. april 2007. Raudt arbeidar for eit samfunn der fridom, økonomisk rettferd, internasjonal solidaritet og omsynet til naturen og miljøet står i sentrum.

Samlinga på den revolusjonære venstresida på landsmøtet i mars var berre starten. No skal me forma det nye partiet. I denne prosessen vil me invitera med oss alle som ynskjer eit nytt samfunn og som er samde i at det trengst eit nytt parti som reiskap i den daglege klassekampen. Me vil skapa eit nytt parti fordi det er mogleg og naudsynt å endra verda.

I 2007 vil me likevel stilla til val som Raud Valallianse, på grunn av føresegnene i partilova.

Den raudgrøne regjeringa vidarefører den same politikken som Bondevik-regjeringa på mange viktige område.

Raudt vil kjempa for dette:
• Me vil delta i kampen mot at Noreg skal delta i okkupasjon og krig i Afghanistan, Irak og andre stader i verda.
• Me vil delta i aksjonar når regjeringa vidarefører åtaka på pensjonar og sjukehus.
• Me vil stogga regjeringa si vidareføring av den umenneskelege flyktningpolitikken.
• Me vil pressa på for at Noreg skal leggja ned veto mot EU sitt tenestedirektiv, mellom anna for å unngå auka sosial dumping.
• Me vil reisa kravet om forkorting av arbeidsdagen, likeløn og økonomisk sjølvstende for kvinner.
• Me vil jobba for ein politikk som skapar arbeid og sosial tryggleik for alle.
• Me vil forsvara heimfallsretten til vasskrafta og seia nei til all vidare privatisering av naturressursane våre.
• Me vil forsvara velferdsstaten mot vidare nedbyggjing, og jobba mot konkurranseutsetjing og privatisering
• Me vil kjempa for ein radikal miljøpolitikk, slik at me kan redda verda frå ein mogleg klimakatastrofe.
• Me vil forsvara lokalsjukehusa mot vidare nedskjeringar, og meiner at sjukehusa bør førast attende til folkevald styring.
• Me vil jobba for auka lokaldemokrati og auka regionalt sjølvstyre.
• Me meiner at den enorme statlege og private rikdommen bør visa att ved at kommuneøkonomien vert retta opp.

I dag er kapitalismen det dominerande økonomiske systemet i verda. Konkurransen om å verta størst og rikast fører til utbytting, krig og rovdrift på menneske og miljø. Kapitalismen er i dag eit hinder for utviklinga av ein rettferdig verdsorden og eit trugsmål mot livet på jorda.

Raudt meiner at eit anna samfunn er mogleg – utan utbytting, undertrykking og naud. Me vil arbeida for ei sosialistisk forandring i Noreg og i heile verda. Me ynskjer eit samfunn der den økonomiske makta er i henda på arbeidsfolk. Me ynskjer eit demokratisk og sosialistisk samfunn som vert styrt etter mål om økologisk balanse, individuell fridom, kvinnefrigjering og sosial rettferd. Me ynskjer ei verd som er bygd på menneskerettar, fellesskapsløysingar, fridom og internasjonalt samarbeid. Me ynskjer at undertrykte menneske skal gjera opprør mot overgrep og utbytting, og at menneska vert i stand til å skapa ei framtid der folk flest tek makta – ein sosialistisk revolusjon. Me vil bidra til å skapa grunnlaget for at menneska kan utvikla eit samfunn utan undertrykte og undertrykkjarar; eit klasselaust samfunn.

Me treng eit sosialistisk arbeidarparti i kommunestyret, i fylkestinget og på Stortinget. Me treng eit parti som samstundes er ei aktiv kraft der det viktigaste skjer: på grunnplanet i fagrørsla, kvinnerørsla, miljørørsla, antikrigsrørsla og Nei til EU.

Raudt er eit parti med store mål. Me har medlemer med allsidig og lang erfaring frå partipolitisk arbeid, frå fagrørsla og frå mange andre organisasjonar. Me har ungdom, feministar, antirasistar, innvandrarar og kulturaktivistar. Me ynskjer å vera eit ope parti, der ulike meiningar utviklar oss og politikk vert utvikla i eit arbeidsfellesskap.

Bli med i arbeidet for ei ny og betre verd!

torsdag, april 26, 2007

Eit nytt populært søkjeord

Det ser ut til at også Onkel Politi er opptekne av å finna ut mest mogleg om mannen som drap Eugene Eijke Obiora i fjor haust. "Trond Volden" har vorte eitt av dei vanlegaste søkjeorda som fører folk til vloggen min. Kan du tenkja deg det, folk er så desperate etter å få den informasjonen politiet og advokatane ikkje vil ut med, at dei leitar seg heilt inn til den vesle uviktige vloggen min, der saka berre så vidt er nemnt!

Og på statcounter er det nokre knappar ein kan trykkja på for å finna ut meir om folka som vitjar nettsida ein har registrert. For det meste unyttig informasjon som meir datakyndige personar enn meg kanskje kunne ha forstått noko av. Men då eg sat og venta på at limet på dusjveggen min skulle tørka slik at eg kan ta meg ein dusj, trykte eg tilfeldigvis på ein av desse knappane. Og då fann eg ut at ein av dei som hadde søkt etter drapsmannen i Trondheimspolitiet, har m.a. desse dataa:
Host Name: klynge.politiet.no
ISP : Politiets-datatjeneste-net

Sjølv politifolk må altså ty til internett for å finna informasjon om denne saka. Eg er heilt sjokkert.

Singelskiveristing derimot, har ikkje vorte populært å søkja på enno.

Den som hadde barrikadar...

I det siste har eg tenkt på å skaffa meg nokre barrikadar. Eg har nemleg lyst til å stå på dei. Og det held ikkje med berre ein, det er jo ingen som står på barrikaden.

Så om førti år kan eg fortelja ein skokk småungar om «då bestefar var ung og sto på barrikadane». Det hadde vore noko!

Me har mange barrikadar på Aukra. Men det er jo litt tungvint å ta ei murblokk på fleire hundre kilo med seg i ryggsekken. Så om nokon har barrikadar dei gjerne skulle vorte kvitt, eller kjem over nokon som har barrikadar til sals, så er det berre å seia ifrå!

onsdag, april 25, 2007

Meir usakleg skitkasting frå RU

Fjortishelten Mimir har trakka grundig i salaten att. Han skreiv eit brev til venene våre i Blitz, som ikkje akkurat lid av mangel på stigmatisering, og ba dei slutta å planleggja valdelege demonstrasjonar mot NATO-toppmøtet i helga. Noko Blitz ikkje har planlagt i det heile. Som om ikkje slike ukameratslege skuldingar er skadelege nok for venstresida, vel RU-leiinga å gå offentleg ut med saka.

Eg ser for meg følgjande scenario:
  • Blitz planlegg ein eigen demo, i tillegg til Fredsinitiativet sin demonstrasjon
  • Raud Ungdom kritiserer planar om ein valdeleg demo
  • Politiet stiller mannssterkt for å sørgja for at fantasifosteret til RU-leiinga ikkje skal skada folk eller eigedom
  • Politiet provoserer og trakasserer Blitz-folka, slik politiet brukar å gjera mot aktivistar dei trur kan vera militante (flaks at Trond Volden ikkje jobbar i Oslo)
  • Blitzarane svarar med vald, slik aktivistar ofte gjer når politiet går til åtak på dei
  • RU-leiinga sitt fantasifoster har vorte ein sjølvoppfyllande profeti
No har rett nok ein person frå RU-leiinga vore i eit oppklåringsmøte med folk frå Blitz. Men der var ikkje politiet. Og Blitz-løgnene frå Mimir står framleis på nettavisene, så politiet må vurdera om dei skal tru på Mimir og RU-leiinga sine løgner, eller om dei skal ta sjansen på at blitzarane har tenkt å vera snille.

Det mange av oss lurar på no, er kvifor? Kvifor vil de skapa splid på venstresida? Først gjekk de til åtak på AKP i fjor, og heldt på å velta heile partidanninga me lukkast med for ein månad sidan, så Ottar no nyleg, og sist altså Blitz. Og medan de gjer kva de kan for å splitta venstresida, skryt Mimir av at han har gått på fylla saman med Unge Høire. Kven sitt lag er eigentleg RU på?

tirsdag, april 24, 2007

1. mai på Stord

Håvard feiga ut, så det vert ikkje ungdomsappell på Stord. Iallfall ikkje ein planlagd ein. Men om eg skriv ein appell til Håvard og vekkjer han så han kjem seg til 1. mai-frukosten kan me kanskje få det til likevel.

Så til det kule. Mohamed klarte eigenhendig å stogga forslaget om å bruka Arbeidarpartiet sitt valkampslagord som parole i toget. Både SV og LO var førebudde på å sluka forslaget rått, men Mohamed, Raudt sin einaste representant i komiteen denne gongen, redda dagen. Hipp hurra. Og som om det ikkje var nok, så hadde resten av komiteen planlagd ei parolelista utan eit ord om tenestedirektivet. Utan Mohamed, ingen 1. mai.

Og studiesirkelstarten vår gjekk fint.

mandag, april 23, 2007

Studiesirkel om marxisme, sosialisme og det nye partiet

Raudt Stord startar studiesirkelen sin tysdag 24. april kl 19.30 i Hornelandsvegen 14 på Stord. Det første møtet vil dreia seg om dei grunnleggjande økonomiske og filosofiske teoriane som ligg bak politikken vår. Altså slikt som Karl Marx dreiv på med i si tid.

Studiesirkelen er open for alle. Kom, kom!

fredag, april 20, 2007

Ny bok

«Men skjønar du ingenting ditt stripetryne» er mitt favorittsitat for tida. Det er ørkenrotta Asgeir med det grå og tynne håret som seier det til sebraen Sebastian i boka Flekkmonsteret bygger harefelle.

Boka handlar om eit flekkmonster som heiter Flekkmonsteret. Han vaknar ein dag og finn ut at han har lyst på harekjøt, så han byggjer seg ei harefella. Diverre brukar han feil tresort, så han får ingen hare. I staden fangar han seg sjølv, reven Mikkel, ørkenrotta Asgeir med det grå og tynne håret, sebraen Sebastian, mauren Maurora, eit stort egg som alligatoren Svoltne Ali kjem ut av og pingvinen (eller pigbinen som ho seier) Pingla, oppi harefella. Det kjem ein hare òg til slutt, men han vil ikkje hoppa nedi harefella til dei haresvoltne venene. For Flekkmonsteret har lagt fjellbjørkgreiner over holet i staden for furukvistar. Og alle harar veit jo at det skal vera furukvistar på ei harefella. Men snill som haren er, går han og hentar hjelp, så dei kan koma seg opp. Hjelpa kjem dundrande i form av ein stegosaurus. Om du har sett ein stegosaurus før, veit du at han har trappetrinn på halen. Så når han legg halen ned i harefella, kan dei uheldige ikkje-harane klatra opp.

Historia om Flekkmonsteret er skriven av ti år gamle Vetle og far hans, noko som forklarar kombinasjonen av den absurde floraen i flekkmonsterverda og det gode språket og den fyldige historia.

Boka var hovudbok i Blåmann. Og eg gløymte å avbestilla ho, noko eg ikkje angrar på. For det er ei dritkul bok. Og lydbok var inkludert. Det er i lydboka sitatet til Asgeir med det grå og tynne håret verkeleg kjem til sin rett. Forteljaren legg ulike røyster på alle dyra. Og Asgeir med det grå og tynne håret har sjølvsagt den piperøysta. Så det er dritkomisk når han seier «Men skjønar du ingenting ditt stripetryne» til eit dyr som kan trampa han i hel på ein to tre. Eg og Tuva spelar lydboka om att og om att.

Om du har ungar mellom tre og ti år, eller berre har lyst til å lesa og høyra om korleis ein pingvin kan hamna i same harefella som ein alligator og ein sebra, vil eg absolutt rå deg til å melda deg (eller ungen) inn i Blåmann og kjøpa denne boka.

torsdag, april 19, 2007

Oppdatering

Vloggelysta har vore litt fråverande dei siste dagane. Eg har vore på jobb. Og eg har vore sliten om kveldane. Det greie med å vera vekke frå vlogginga i nokre dagar, er at ein større del av folka som kjem innom vloggen er folk som vanlegvis ikkje er her, og som kjem fram ved å søkja på gugel. I det siste har Trond Volden (han som "ved eit uhell" tok livet av ein som hadde feil hudfarge) vore den klåre vinnaren på søkjefronten. Svært mange har fått med seg namnet hans, og gjer kva dei kan for å finna meir informasjon om saka. Det er viktig og bra at dette skjer. Ei straffesak bør ikkje koma som resultat av politisk press frå folk flest. Men når alternativet er at eit forsettleg drap ikkje får konsekvensar, då må jo nokon gjera noko.

Det er mykje anna og som har skjedd sidan sist eg vlogga. Mellom anna har eg fått vita at politikarmafiaen i Odda har mobba Terje til sjukemelding. Sjukt, spør du meg.

Og i dag fekk eg vita at eg sto på ei lista. Alle utanom meg hadde høyrt at eg sto på denne lista. Så til slutt fekk eg vita det og. Heldigvis er det ikkje ei skummel lista å stå på.

Og no skal me snart ha studiesirkel. Sei ifrå viss du vil vera med.

onsdag, april 04, 2007

Eins, zwei, drei, nazi Polizei!

Han som kvelte sosialklienten Eugene Eijke Obiora til han døydde (eg må skriva det slik, for om eg skriv at han drap han, risikerer eg å verta uglesett) i haust, var sjølvsagt den same politimannen som for nokre år sidan trakasserte ein reinhaldsarbeidar og banka ho opp på grunn av ein falsk innbrotsalarm. Han heiter Trond Volden og jobbar framleis i politiet.

Han vart ikkje dømd første gongen han banka og skjelte ut ein neger. Og han vert truleg ikkje dømd denne gongen heller, sjølv om den siste negeren døydde. Kven vert den neste? Hadde eg budd i Trondheim og vore brunare enn gjennomsnittet, ville eg ha flytta.

Og no prøver politiet sine advokatar å hindra folk i å seia kven han var. Difor legg ein masse folk ut namnet hans på nettet. Så politiadvokatane oppnår det motsette av det dei ville.

Det er ikkje slik at eg er motstandar av personvern eller noko. Men når ein drapsmann går fri, sjølv om det er heva over einkvar tvil at han er skuldig (det var jo midt på lyse dagen og politiet vassar i vitne), då kjenner eg det nærast som ei plikt å hengja ut både gjerningsmannen og dei medsamansvorne, som har gjort alt dei kan for å unngå at han vert straffa for ugjerninga.

Snut er ut!

Brage har skrive litt meir utfyllande om kva eg (og alle dei andre) meiner. Ja, det har sikkert mange andre gjort, òg, men det var han eg kom på i farten.

tirsdag, april 03, 2007

Bart


I desember hadde eg bart. I ein halvtime. Så tok Aanderaa bilete av meg. Og i dag klarte han faktisk å lagra det eine biletet på datamaskinen sin for så å senda det til meg, slik at eg kan dela det med Vloggen sine lesarar.

Medieomtale

Mohamed er i avisa i dag. Hurra!