onsdag, april 04, 2007

Eins, zwei, drei, nazi Polizei!

Han som kvelte sosialklienten Eugene Eijke Obiora til han døydde (eg må skriva det slik, for om eg skriv at han drap han, risikerer eg å verta uglesett) i haust, var sjølvsagt den same politimannen som for nokre år sidan trakasserte ein reinhaldsarbeidar og banka ho opp på grunn av ein falsk innbrotsalarm. Han heiter Trond Volden og jobbar framleis i politiet.

Han vart ikkje dømd første gongen han banka og skjelte ut ein neger. Og han vert truleg ikkje dømd denne gongen heller, sjølv om den siste negeren døydde. Kven vert den neste? Hadde eg budd i Trondheim og vore brunare enn gjennomsnittet, ville eg ha flytta.

Og no prøver politiet sine advokatar å hindra folk i å seia kven han var. Difor legg ein masse folk ut namnet hans på nettet. Så politiadvokatane oppnår det motsette av det dei ville.

Det er ikkje slik at eg er motstandar av personvern eller noko. Men når ein drapsmann går fri, sjølv om det er heva over einkvar tvil at han er skuldig (det var jo midt på lyse dagen og politiet vassar i vitne), då kjenner eg det nærast som ei plikt å hengja ut både gjerningsmannen og dei medsamansvorne, som har gjort alt dei kan for å unngå at han vert straffa for ugjerninga.

Snut er ut!

Brage har skrive litt meir utfyllande om kva eg (og alle dei andre) meiner. Ja, det har sikkert mange andre gjort, òg, men det var han eg kom på i farten.

7 kommentarer:

Brage sa...

Møkkamann ass! Volden that is, ikke du. Men du burde legge ut bilde av han også. Det er da det blir skikkelig ståhei.

Kamerat Kjetil sa...

Eg er ikkje ute etter skikkeleg ståhei. Eg vil berre at folk skal vita kven drapsmannen er, dei treng ikkje bilete av han. Og eg vil ikkje ha bilete av han på min vlogg.

Anonym sa...

Politimannen kalte ikke Baidoo "svarte faen". Han brølte "svarte faen" da hun bet ham. Dette bekreftes av samtlige vitner. "Svarte faen" er et trøndersk uttrykk som betyr "AUUU". Det er fullstendig blottet for rasistisk innhold.

Dette tror jeg faktisk du vet jævlig godt, men du elsker å slåss mot rasismen og da er det jo upraktisk at er så lite ekte rasisme å ta av. Men, men - hva gjør vel det? Man får ikke mer rasisme enn man konstruerer selv!

Kamerat Kjetil sa...

Vel, no har eg endra det. No står det berre at han trakkasserte og banka henne og ikkje vart dømd. Nøgd no?

Eg òg kan bruka uttrykk som svarte faen. Men eg trur ikkje eg ville ha sagt noko slikt medan eg slost med ein forsvarslaus afrikanar, særleg ikkje dersom det var vitner og eg ikkje ville framstå som ein rasist ovanfor den eg banka opp. Om eg då hypotetisk sett skulle hatt for vane å banka forsvarslause afrikanarar...

Anonym sa...

Det var en forbedring. Hyggelig å se at det fortsatt finnes radikalere som kan ta sjølkritikk - en utdøende (kremt) rase?

Jeg ville heller ikke ha ropt "svarte faen" med en afrikaner til stede, men når man brøler av smerte kommer som regel orvalget fra ryggmargen uten å ta omveien om hjernen. (Der traff hammeren tommelen: "å søren klype og superæsj altså" - neppe en sannsynlig verbal reaksjon.)

Anonym sa...

Er dette noko å lage ståhei om, Obiora var jo berre ein neger.

Anonym sa...

TROND VOLDEN er ein politimann som liker å vere hardhendt, særleg svartingar og andre brysomme folk. Mange vitnemål frå Trondheim har stadfesta dette.