fredag, april 27, 2007

Eit nytt parti er stifta!

Raudt Stord vart offisielt stifta 24. april 2007. Raudt arbeidar for eit samfunn der fridom, økonomisk rettferd, internasjonal solidaritet og omsynet til naturen og miljøet står i sentrum.

Samlinga på den revolusjonære venstresida på landsmøtet i mars var berre starten. No skal me forma det nye partiet. I denne prosessen vil me invitera med oss alle som ynskjer eit nytt samfunn og som er samde i at det trengst eit nytt parti som reiskap i den daglege klassekampen. Me vil skapa eit nytt parti fordi det er mogleg og naudsynt å endra verda.

I 2007 vil me likevel stilla til val som Raud Valallianse, på grunn av føresegnene i partilova.

Den raudgrøne regjeringa vidarefører den same politikken som Bondevik-regjeringa på mange viktige område.

Raudt vil kjempa for dette:
• Me vil delta i kampen mot at Noreg skal delta i okkupasjon og krig i Afghanistan, Irak og andre stader i verda.
• Me vil delta i aksjonar når regjeringa vidarefører åtaka på pensjonar og sjukehus.
• Me vil stogga regjeringa si vidareføring av den umenneskelege flyktningpolitikken.
• Me vil pressa på for at Noreg skal leggja ned veto mot EU sitt tenestedirektiv, mellom anna for å unngå auka sosial dumping.
• Me vil reisa kravet om forkorting av arbeidsdagen, likeløn og økonomisk sjølvstende for kvinner.
• Me vil jobba for ein politikk som skapar arbeid og sosial tryggleik for alle.
• Me vil forsvara heimfallsretten til vasskrafta og seia nei til all vidare privatisering av naturressursane våre.
• Me vil forsvara velferdsstaten mot vidare nedbyggjing, og jobba mot konkurranseutsetjing og privatisering
• Me vil kjempa for ein radikal miljøpolitikk, slik at me kan redda verda frå ein mogleg klimakatastrofe.
• Me vil forsvara lokalsjukehusa mot vidare nedskjeringar, og meiner at sjukehusa bør førast attende til folkevald styring.
• Me vil jobba for auka lokaldemokrati og auka regionalt sjølvstyre.
• Me meiner at den enorme statlege og private rikdommen bør visa att ved at kommuneøkonomien vert retta opp.

I dag er kapitalismen det dominerande økonomiske systemet i verda. Konkurransen om å verta størst og rikast fører til utbytting, krig og rovdrift på menneske og miljø. Kapitalismen er i dag eit hinder for utviklinga av ein rettferdig verdsorden og eit trugsmål mot livet på jorda.

Raudt meiner at eit anna samfunn er mogleg – utan utbytting, undertrykking og naud. Me vil arbeida for ei sosialistisk forandring i Noreg og i heile verda. Me ynskjer eit samfunn der den økonomiske makta er i henda på arbeidsfolk. Me ynskjer eit demokratisk og sosialistisk samfunn som vert styrt etter mål om økologisk balanse, individuell fridom, kvinnefrigjering og sosial rettferd. Me ynskjer ei verd som er bygd på menneskerettar, fellesskapsløysingar, fridom og internasjonalt samarbeid. Me ynskjer at undertrykte menneske skal gjera opprør mot overgrep og utbytting, og at menneska vert i stand til å skapa ei framtid der folk flest tek makta – ein sosialistisk revolusjon. Me vil bidra til å skapa grunnlaget for at menneska kan utvikla eit samfunn utan undertrykte og undertrykkjarar; eit klasselaust samfunn.

Me treng eit sosialistisk arbeidarparti i kommunestyret, i fylkestinget og på Stortinget. Me treng eit parti som samstundes er ei aktiv kraft der det viktigaste skjer: på grunnplanet i fagrørsla, kvinnerørsla, miljørørsla, antikrigsrørsla og Nei til EU.

Raudt er eit parti med store mål. Me har medlemer med allsidig og lang erfaring frå partipolitisk arbeid, frå fagrørsla og frå mange andre organisasjonar. Me har ungdom, feministar, antirasistar, innvandrarar og kulturaktivistar. Me ynskjer å vera eit ope parti, der ulike meiningar utviklar oss og politikk vert utvikla i eit arbeidsfellesskap.

Bli med i arbeidet for ei ny og betre verd!

Ingen kommentarer: