onsdag, april 25, 2007

Meir usakleg skitkasting frå RU

Fjortishelten Mimir har trakka grundig i salaten att. Han skreiv eit brev til venene våre i Blitz, som ikkje akkurat lid av mangel på stigmatisering, og ba dei slutta å planleggja valdelege demonstrasjonar mot NATO-toppmøtet i helga. Noko Blitz ikkje har planlagt i det heile. Som om ikkje slike ukameratslege skuldingar er skadelege nok for venstresida, vel RU-leiinga å gå offentleg ut med saka.

Eg ser for meg følgjande scenario:
  • Blitz planlegg ein eigen demo, i tillegg til Fredsinitiativet sin demonstrasjon
  • Raud Ungdom kritiserer planar om ein valdeleg demo
  • Politiet stiller mannssterkt for å sørgja for at fantasifosteret til RU-leiinga ikkje skal skada folk eller eigedom
  • Politiet provoserer og trakasserer Blitz-folka, slik politiet brukar å gjera mot aktivistar dei trur kan vera militante (flaks at Trond Volden ikkje jobbar i Oslo)
  • Blitzarane svarar med vald, slik aktivistar ofte gjer når politiet går til åtak på dei
  • RU-leiinga sitt fantasifoster har vorte ein sjølvoppfyllande profeti
No har rett nok ein person frå RU-leiinga vore i eit oppklåringsmøte med folk frå Blitz. Men der var ikkje politiet. Og Blitz-løgnene frå Mimir står framleis på nettavisene, så politiet må vurdera om dei skal tru på Mimir og RU-leiinga sine løgner, eller om dei skal ta sjansen på at blitzarane har tenkt å vera snille.

Det mange av oss lurar på no, er kvifor? Kvifor vil de skapa splid på venstresida? Først gjekk de til åtak på AKP i fjor, og heldt på å velta heile partidanninga me lukkast med for ein månad sidan, så Ottar no nyleg, og sist altså Blitz. Og medan de gjer kva de kan for å splitta venstresida, skryt Mimir av at han har gått på fylla saman med Unge Høire. Kven sitt lag er eigentleg RU på?

4 kommentarer:

Amos Keppler sa...

Mimir har helt klart sluttet seg til den etablerte propaganda. Det er MER enn tydelig.

MK sa...

Bingo.

Takk for i går, forøvrig, om jeg ser rett på bildet satt vi ved siden av hverandre i lenka.? ;-)

MK sa...

Nei, fan, du er jo på Stord.. Gårsdagen var helt absurd, og et eksempel på media-verden. 3-4 stein blei til et regn. Jeg så to-2 flasker, type plastikk. Dagbladet er helt kjøpt og betalt, wow.

Kjetil sa...

Eg er nok på Stord, ja. Det vert ikkje noko gateslag her trur eg, RU skal ha ein fredeleg aksjon i morgon, medan eg deler ut partiavisa.

NRK har lagt ut ein halvtime med opptak. Der er det tydeleg at demonstrasjonen hovudsakleg gjekk fredeleg føre seg.