fredag, april 20, 2007

Ny bok

«Men skjønar du ingenting ditt stripetryne» er mitt favorittsitat for tida. Det er ørkenrotta Asgeir med det grå og tynne håret som seier det til sebraen Sebastian i boka Flekkmonsteret bygger harefelle.

Boka handlar om eit flekkmonster som heiter Flekkmonsteret. Han vaknar ein dag og finn ut at han har lyst på harekjøt, så han byggjer seg ei harefella. Diverre brukar han feil tresort, så han får ingen hare. I staden fangar han seg sjølv, reven Mikkel, ørkenrotta Asgeir med det grå og tynne håret, sebraen Sebastian, mauren Maurora, eit stort egg som alligatoren Svoltne Ali kjem ut av og pingvinen (eller pigbinen som ho seier) Pingla, oppi harefella. Det kjem ein hare òg til slutt, men han vil ikkje hoppa nedi harefella til dei haresvoltne venene. For Flekkmonsteret har lagt fjellbjørkgreiner over holet i staden for furukvistar. Og alle harar veit jo at det skal vera furukvistar på ei harefella. Men snill som haren er, går han og hentar hjelp, så dei kan koma seg opp. Hjelpa kjem dundrande i form av ein stegosaurus. Om du har sett ein stegosaurus før, veit du at han har trappetrinn på halen. Så når han legg halen ned i harefella, kan dei uheldige ikkje-harane klatra opp.

Historia om Flekkmonsteret er skriven av ti år gamle Vetle og far hans, noko som forklarar kombinasjonen av den absurde floraen i flekkmonsterverda og det gode språket og den fyldige historia.

Boka var hovudbok i Blåmann. Og eg gløymte å avbestilla ho, noko eg ikkje angrar på. For det er ei dritkul bok. Og lydbok var inkludert. Det er i lydboka sitatet til Asgeir med det grå og tynne håret verkeleg kjem til sin rett. Forteljaren legg ulike røyster på alle dyra. Og Asgeir med det grå og tynne håret har sjølvsagt den piperøysta. Så det er dritkomisk når han seier «Men skjønar du ingenting ditt stripetryne» til eit dyr som kan trampa han i hel på ein to tre. Eg og Tuva spelar lydboka om att og om att.

Om du har ungar mellom tre og ti år, eller berre har lyst til å lesa og høyra om korleis ein pingvin kan hamna i same harefella som ein alligator og ein sebra, vil eg absolutt rå deg til å melda deg (eller ungen) inn i Blåmann og kjøpa denne boka.

5 kommentarer:

Gunn Helen sa...

ja den boka er konge!
min er ikkje så interessert i lysboka enda han da...

Kamerat Kjetil sa...

Oi. Har blubbo fått seg lysbok?

Gunn Helen sa...

gje meg ei steikepanne

Kamerat Kjetil sa...

Ungdommen i dag. Det er berre få, få, få...

Gunn Helen sa...

du ska få ho tebake
i bakhodet
din kødd

*nemlig*