lørdag, mai 19, 2007

El-bil!

Eg har så lyst på el-bil. Då kan eg spara mykje pengar, i tillegg til å spara miljøet for ein masse CO2. Problemet er berre at bilbransjen og fossilt brensel-bransjen saboterer utviklinga. Det har vore laga fleire brukbare el-bilar opp gjennom det siste århundret, men dei som er i stand til å overleva på marknaden har ein tendens til å verta knuste av dei som eig produksjonen. Ja, bokstavleg tala, knuste. I fillebitar. General Motors sin EV1 var ein av bilane som møtte ein slik lagnad, ein fullt brukande bil som var populær nok til at folk trygla om å få kjøpa han då GM ville ta han ut av marknaden. Det store problemet i dag er at ein ikkje får bruka den beste batteriteknologien i bilane, fordi store selskap har teke patentar og elles gjer kva dei kan for å hindra at folk køyrer miljøvenleg.

Ein av måtane å hindra utviklinga på, er massiv satsing på blindvegprosjektet hydrogendrift. Eit drivstoff som berre slepp ut vatn og luft, høyrest jo fint ut. Men når drivstoffet ikkje finst naturleg, men må produserast og er kjempedyrt, seier det seg sjølv at dette berre er eit spel for galleriet.

Biodiesel og bioetanol vert òg marknadsførte som miljøvenlege drivstoff. Samanlikna med bensin og diesel er dei nok det. Men samanlikna med el-drift, er forbrenningsmotorar gamaldags og fantasilaust. Brenning av brennbart materiale eignar seg berre til ein ting, og det er å varma opp noko. Å bruka eld til å driva maskinar, er sløsing med energi. Akkurat på same måten som det er sløsing med energi å bruka elektrisk kraft til å laga varme. Dessutan er det lite framtid i å bruka drivstoff som er dyrare enn dei fossile.

Hybridbilar kan nok vera eit greitt alternativ for folk som vil ha normale bilar som brukar lite drivstoff, i mangel av noko betre. Hybridbilar utnyttar energien mykje betre, fordi overskotsenergi frå forbrenningsmotoren og farten vert lagra i eit batteri. Men slike bilar kjem i størst grad til sin rett ved køståing i byane. Og det å stå i bilkø i byane er då ikkje noko ein gjer dersom ein vil vera miljøvenleg. Men så vidt eg veit, er det berre to hybridbilar tilgjengelege i Noreg, nemleg Toyota Prius og Honda Civic Hybrid.

Dei el-bilane som er på marknaden i Noreg i dag, er slike små stygge pinglebilar som Kewet og Think. Det einaste dei små hermetikkboksane er brukande til, er bykjøring. Og i byane kan vel folk for pokker ta buss! Nei då, sjølvsagt er det jo bra at det trass i alt finst eit alternativ for folk som må køyra til jobb fordi det ikkje går buss eller båt. Men rekkjevidda på desse bilane ligg på omlag 80 kilometer, og det er altfor lite for meg. Dessutan er dei dritstygge og bittesmå, og iallfall Think (har aldri prøvd ein Kewet) brukar omlag eit halvt år for å nå europavegfart i slak oppoverbakke. Kewet har visstnok planar om ein ny versjon som kan gå 150 kilometer. Det er langt nok til at eg kjem meg til Haugesund og attende utan mellomlading. Eg er likevel usikker på om eg vil gje avkall på Seaten med fem sete og stort bagasjerom, for å kjøpa meg ein stol med tak og elektromotor til eit sekssifra beløp.

Ein bil som fristar meir, er Venturi Fétish. Denne òg har berre to sete, men så er det jo òg ein sportsbil, og slike eignar seg sjeldan for kompiskøyring til jobb. Ein el-bil som ser ut som ein bil er ikkje å kimsa av. Og 250 gamp og eit dreiemoment på 220 Nm frå start til stopp er som ein draum. Men eg må nok spara ei stund, vidunderet ser ut til å ha ein marknadspris på over to mill. Og eg reknar ikkje med at prisen søkk så enormt mykje, det er nemleg berre laga 25 eksemplar av han.

Toyota RAV4 EV er ein annan el-bil som har hatt suksess, ein såkalla SUV som vart produsert for fem år sidan. Det hadde jo vore kult å køyra ein SUV utan å sleppa ut eit gram CO2, eller kva? Men bilen har sjølvsagt gått ut av produksjon, og er umogleg å få tak i i dag.

Men kva med XS200? Det høyrest kanskje drastisk ut å kjøpa ein kinesisk bil frå ein produsent internett knapt har høyrt om. Men det vesle eg har lese om denne bilen, verkar lovande. Etter biletet å døma, er bilen relativt romsleg, til el-køyrety å vera. Batteria er av den meir moderne, kinesiske typen, og bilen skal ha ei rekkjevidda på formidable 200 miles, altså over 300 kilometer, så ein rekk fram og attende til Haugesund to og ein halv gong på ei lading. Toppfarten ligg eit godt stykke over det som er lovleg i Noreg, og prisen er ikkje til å gå i taket av: $28 500 i Sambandsstatane, altså omlag 173 000 norske kroner. Eit firma i USA skal starta import av XS200 no til hausten. Om ein eller annan ser sitt snitt til å leggja litt kapital inn i import til Noreg, ser eg ikkje vekk ifrå at eg kan koma til å vera ein av dei første som melder interessa. Det gjer ikkje meg noko å betala eit par hundre tøssen for å køyra gratis til Haugesund fram til høgfartstoga kjem og gjer alle bilar avleggs.

Reisebrev frå Aukra

No har eg ikkje vlogga på to veker, bortsett ifrå eit innlegg på partivloggen. Det er ny rekord. Så her er ei lita oppdatering.

Når eg kom på jobb i førre veka oppdaga eg at eg ikkje skulle jobba for Aker slik eg brukar å gjera. Eg skal visst hjelpa Shell med å driva anlegget når dei startar det opp. Så difor jobbar eg for Hydro... Men det vert sikkert interessant å vera driftsoperatør. Eg slepp iallfall å gå 12/9 i Eigersund. Førebels er det ikkje så mykje som skjer her, men om litt over ein månad får me inn gass frå Sleipner. Den gassen skal me bruka eine og åleine til å bidra til klimaendringane.

Men akkordutbetalingar ser det ut til at me kan skyta ei kvit pil etter. Resultatbasert løn i mitt firma vil seia at me står på som berre faen, slik at prosjektet vert ferdig på færre arbeidstimar, Røkke får masse profitt og leiinga vår må bruka masse krefter på å sleppa å gje oss meir pengar. Ein kapitalist vil alltid prøva å pressa meir arbeid ut av arbeidskrafta han har kjøpt, og arbeidarane vil alltid prøva å auka løna si. Det sa Marx på 1800-talet, og om du vil sjå eit svært konkret døme i praksis bør du søkja jobb i Aker Kværner Elektro...

Syttande mai var ein relativt uinteressant affære her på Gossa. Me fekk kvar vår is og eit korps spelte Internasjonalen Ja vi elsker.

lørdag, mai 05, 2007

Politifolka vart frikjende

Obduksjonsrapportane til Eugene Eijke Obiora seier at han døydde av surstoffmangel.

Fleire vitne seier at politifolka handsama Eugene Eijke Obiora brutalt, og at den eine politimannen, han som heiter Trond Volden, tok kvelartak på han.

Eg har drive ein del med judo før, og veit at kvelartak, for ikkje å snakka om det å liggja nede med folk oppå seg, kan føra til surstoffmangel. Politiet, eller rettare sagt den delen av politiet som har som oppgåva å etterforska politifolk som bryt lova, har tydelegvis ikkje fått det med seg.

Så politiet kom til den konklusjonen at det ikkje er særleg stor sjans for at kvelartaket hadde noko å gjera med at Eugene Eijke Obiora vart kvelt i hel, og at dersom det skulle ha skjedd noko straffbart er det iallfall ikkje mogleg å prova det.

Eg gidd ikkje å seia meir nett no. Fakta talar for seg sjølve.

tirsdag, mai 01, 2007

Alle veit det

Bokmålswikipediaen har laga ein artikkel om Eugene Ejike Obiora! Artikkelen har m.a. lenkja til leftpunch.

Eugene Eijke Obiora er han som vart kverka av politimannen Trond Volden i Trondheim i fjor, i tilfelle nokon lurte.

Gratulerer med dagen!

Ynskjer alle lesarane mine ein fantastisk 1. mai.